Ingen har fasiten på hvordan barn skal være i barnehagen, skriver Elin Førde.

– Det du bed oss om å gjere, Guri!

Debatt: Ei lita historie om å vurdere dei som vil vurdere andre.

Publisert

Det er måndag i den norske regjeringa, og no sit dei og bit neglar og ventar spent på at der skal komme ein barnehagelærar for å kartlegge om Guri, som er ein ung og lovande politikar, kan passe til å vere kunnskapsminister i Høgre si regjering.

Etter ei lita stund går døra opp, og inn kjem barnehagelæraren som skal gjere denne vurderinga eller «screeninga» av Guri, som ein også kan kalle det. Dei går inn på Guri sitt kontor og let att døra, og så seier barnehagelæraren:

– No skal eg stille deg tre veldig enkle, men sentrale spørsmål Guri, som avgjer om du kvalifiserer til å fungere som kunnskapsminister på vegne av våre barn. Det første spørsmålet handlar om pedagogikk, det andre om barn, og det tredje om profesjonsutøving. Vi kan starte med det som handlar om pedagogikk. Er du klar, Guri?

Les også: Barnehager får plikt til å kartlegge barns norskkunnskaper

Guri smiler: «Ja, æ e klar som et ægg!»

Spørsmål 1: Kva verdiar er den nordiske barnehagepedagogikken tufta på?

Guri svarar så høgt og raskt som ho kan: «Kartlægging!»

Barnehagelæraren: – Det er dessverre feil, Guri. Svaret skal vere omsorg, leik, læring og danning.

Spørsmål 2: Kan du nemne eit sentralt omgrep når ein snakkar om «syn på barn»?

Guri svarar igjen så raskt som ho kan: «Kartlægging av barn!»

Barnehagelæraren: – Det er dessverre feil det også, Guri. Svaret er barnet som subjekt.

Spørsmål 3: Kan du nemne eitt klassisk trekk ved profesjonsutøving?

Guri: «Kartlægging av barnehageansatte!»

Barnehagelæraren: Dette var også feil, Guri. Det skal vere heterotelisk, noko som betyr at arbeidet vårt har eit mål utanfor seg sjølv, og at arbeidet er noko ein gjer for andre. I dette tilfelle barn.

Barnehagelæraren summerer opp:

«Dette gjekk då ikkje særleg bra, Guri. No har eg gjennom denne screeninga kome fram til at du har svara feil på tre av tre spørsmål. Det betyr at du ikkje har tilfredsstillande kunnskapar som kan kvalifisere deg til å vere kunnskapsminister for barnehagane. Det betyr også at eg må snakke med dei andre regjeringsmedlemmene om kvar du har kunnskapshola dine, og så blir det opp til dei å vurdere om dei må tilmelde deg til vidare utgreiing … »

Moralen i denne visa er at Guri, som er politikar, i dag likevel kan fungere som kunnskapsminister på trass av at ho ikkje er ein ekspert. Slik er det og med barn i barnehagen. Ingen har fasiten på korleis ein skal vere barn i barnehagen.

Faren er, slik vi har sett i denne konstruerte historia, at viss ein let kartleggings- og vurderingspraksisar breie ukritisk om seg, så reduserer vi samtidig handlingsrommet for å feile og lære gjennom erfaring i samhandling med andre.

Eg vil seie det med filosofen Michel Foucault: «Vi vil alle komme til å bli vurdert og disiplinert under eit strengare blikk for kva som er akseptabelt. Slik set vi oss sjølv og andre i risiko for å aldri bli tilstrekkelege eller bra nok.»

Powered by Labrador CMS