Det er nynorsk som er det beste språket å skrive på, meiner norsklektor Espen Tørset. Ill. foto Tore Magne Gundersen
Det er nynorsk som er det beste språket å skrive på, meiner norsklektor Espen Tørset. Ill. foto Tore Magne Gundersen

10 år med hjartespråket

I samband med at det i vår er 10 år sidan eg byrja å arbeide i den vidaregåande skolen, kan eg også markere at det er like lenge sidan eg vart ein nynorskskrivar.

Publisert

Etter ferdig utdanning, med mellom anna praktisk-pedagogisk utdanning og mastergrad i nordisk, var eg så heldig å få ein fot innanfor som lektor ved Orkdal vidaregåande skole. Norsklærarar er ettertrakta vare, og det gjekk fort frå eg starta å arbeide med eit totimarskurs på helse- og oppvekstlina, til eg hadde dekt opp ei heil stilling. Alt vel, sett burt ifrå ein ting. Eg måtte vere like stø i nynorsk som i bokmål, som den gongen var hovudmålet mitt. Det var eg slett ikkje, og det var flaut å ikkje vere trygg på det elevane spurte om i klasserommet.

 

Sidemålet mitt

I løpet av dei seks åra eg gjekk på universitetet, var det knapt nok nynorskundervisning. Heller ikkje det året eg tok praktisk-pedagogisk utdanning, fekk vi opplæring i skriftspråket som eg plutseleg skulle kunne feilfritt og som eg i tillegg skulle lære burt til andre! Merkeleg i grunn, når ein veit kor stor del av det å vere norsklærar det er å beherske nynorsk og bokmål.

Eg tok tidleg eit val. Skulle eg ha truverde i eit langt norsklærarliv, måtte eg så fort som råd var bli ein nynorskskrivar! Dermed la eg vekk bokmålet for å konsentrere meg om sidemålet mitt. For ei stund. Trudde eg.

Det viktigaste eg lærte den første tida, ja dei første åra og faktisk enno, er at eg må tørre å gjere feil, både når eg rettar tekstar og når eg skriv sjølv. Eg må hoppe i det og ikkje vere redd for at nokre verb- eller substantivbøyingar kan få gal ending. Om eg skulle ha panikk for feil i grammatikken eller syntaksen, ville eg aldri ha blitt betre. I tillegg oppdaga eg kor påfallande det er med nynorskskrivarane som opptrer som eit språkpoliti og slår hardt ned på alt som fråvik frå normalen. Å vere raus mot sine eigne kan vere vanskeleg det. Spesielt i nynorskland.

Samtidig med at eg er oppteken av norsk språk i arbeidssamanheng, bruker eg også andre arenaer til å dyrke språkinteressa mi, og det er ikkje fritt for at språkpolitiet i mållaget kan vere raske til å peike på «alvorlege» grammatiske feil. Som da eg i vanvare skreiv «kommer» i staden for «kjem», og fekk ei helsing frå ein eldre mållagskar om at eg burde skamme meg. Sånt går jo ikkje an.

Heldigvis er dei fleste norsklærarar og andre målfolk gode støttespelarar, så det er viktigare å henge med dei framfor å vere redd for kva andre skulle pirke på. Og heldigvis har eg heile tida vore trygg på at eg faktisk kan, og at eg heller har sett kva eg faktisk får til, og ikkje kva eg gjer feil. Eg er god nok!

 

 

Hjartespråket mitt

Men om motivet for å bli ein nynorskskrivar i første omgang var å bli ein betre norsklærar, har motivasjonen etter kvart vorte ein annan. Det er nynorsk som er det beste språket å skrive på. Eg er jo trønder, og Trøndelag var eit sentralt område i Ivar Aasens landsmålsprosjekt. Det er når eg skriv nynorsk eg finn dei rette orda og formuleringane som seier best det eg vil formidle. Ja, eg har oppdaga at nynorsk er hjartespråket mitt.

Den siste som sa det så fint, var forfattaren Tore Renberg, som elles nyttar bokmål sjølv om han bur i ein nynorskregion. I samband med den siste romanen han skrive, måtte han skifte til nynorsk for å få skrivinga til å lausne. Han seier at «nynorsken er klangen vår, det er tonen vår, og gjennom tonen din finn du songen din, og gjennom songen din er du deg sjølv på jorda».

Dette er ord eg kan ta til meg som mine eigne. Vi trønderar lever i eit samfunn der bokmål er det dominerande skriftspråket, og da blir det for meg og sikkert for andre noko underleggjerande å lese og skrive nynorsk. Det bryt med det kvardagslege og vi ser det vi kjenner så godt frå før med nye auge.

Mitt håp er at elevane også kan kjenne ein kime til det same som eg har opplevd i løpet av åra dei har norsk på skolen. At hjartestrengen dirrar litt ekstra når ein les ord og uttrykk som er litt nærmare deg sjølv enn kva bokmålet gjer.

Eg er i alle fall ein nynorskskrivar i ti år til. Litt for at eg bør. Men mest for at eg vil kjenne meg heime i det eg skriv.

 

 

Powered by Labrador CMS