«Lærarløftet» – spesialpedagogens svanesong?

Dei nye planane for lærarutdanningane fører med seg mykje som ein kan rose. Samtidig kan modellen som blir skissert ha konsekvensar som kanskje ikkje var tiltenkte i utgangspunktet.

Kunnskapsdepartementet lanserte i fjor satsinga «Lærarløftet» – der eitt av hovudmåla er å styrke lærarane sin fagkompetanse. Som ein del av denne prosessen leverte Rammeplanutvalet for grunnskulelærarutdanningane 29. oktober i år sine forslag til forskrifter for dei nye utdanningane, som no skal vere femårige, og på masternivå.

Det er vanskeleg å vere usamd i at lærarar skal ha god fagkunnskap, og at dei skal meistre dei fagområda dei skal undervise i, kanskje kan ein til og med vere samd i at lærarstanden på sikt bør ha enda betre fagkunnskapar enn dei har no.

Dei nye planane for lærarutdanningane fører med seg mykje som ein kan rose. Samtidig kan modellen som blir skissert ha konsekvensar som kanskje ikkje var tiltenkte i utgangspunktet, men som eg stiller meg undrande til ikkje har vorte tematiserte og drøfta i større grad i det offentlege rom.

Dette er konsekvensar som burde uroe både lærarutdannarar, skuleeigarar, lærarar og føresette, nemleg: Kva vil skje med tilbodet til dei elevane som treng ein skule og lærarar som har inngåande spesialpedagogisk kompetanse?

Ut ifrå den lanserte modellen, skal lærarstudentane velje fordjuping og master i skulefag. Dette gjev ikkje rom for å ta ei lærarutdanning med master i t.d. spesialpedagogikk, ei fordjuping som har vore eit populært tilbod ved fleire høgskular. Det er ei utdanning som har vore etterspurt i grunnskulen, både skular og føresette peikar på eit behov for fleire spesialpedagogar.

 

Treng vi spesialpedagogen?

Vi veit alle at vi i einskapsskulen vår har «alle slags» elevar, og erkjenninga av det er etter mange si meining nettopp ein av styrkane til den norske skulen. Det vil også seie at vi har elevar som i større eller mindre grad treng tilpassa opplæring utanom det ein kan makte innanfor det ordinære. Også for desse elevane er sjølvsagt lærarar med skulefagleg kompetanse viktig – men dei treng også fagpersonar som har særskilt kompetanse på ulike typar vanskar som elevar kan oppleve i møtet med skulen – både faglege, sosiale og emosjonelle. Desse fagpersonane bør også ha førstehands kompetanse på, og erfaringar med, kva utfordringar skulen som system og læraren som fagperson har i møtet med desse elevane. 

Spesialpedagogen har i den norske skulen vore ein lærar som i tillegg til det allmennpedagogiske også har tileigna seg ein tilleggskompetanse på det spesialpedagogiske feltet. Det vil då seie at spesialpedagogen vil kjenne lærarar sin kvardag, ha erfaring med ulike typar elevar, og også har skulefagleg kompetanse. Ut ifrå denne kombinerte kompetansen har spesialpedagogen hatt eit godt utgangspunkt for å kunne leggje til rette for at alle elevar skal oppleve gode læringssituasjonar, og for å vere ein rådgjevar for dei andre tilsette i arbeidet med å gje alle elevar gode læringsvilkår. Der er heilt klart rom for forbetringar i det spesialpedagogiske arbeidet i norsk skule, men dette er ein modell som i utgangspunktet har blitt sett på som ei fagleg god løysing. Det har kanskje også bidrege til at skiljet mellom den ordinære og den «spesielle» undervisninga ikkje har vore så stor som i tidleg norsk skulehistorie, ei segregeringshistorie vi ikkje vil tilbake til.

 

Kvar skal kompetansen kome frå?

I den nye modellen vil ein master i spesialpedagogikk kunne krevje inn til to år i tillegg til eit allereie femårig løp, ein må altså ta to masterutdanningar. Dette er ikkje noko som vil gjere det lettare å rekruttere spesialpedagogar til skuleverket, først og fremst på grunn av lengda av eit slikt studie, men også manglande lønsuttelling. Alternativet kan vere å opprette spesialpedagogutdanningar som særutdanningar, t.d. bachelor i spesialpedagogikk, som ikkje føreset lærarkompetanse. Dette kan føre til at spesialpedagogane vert «spesialistar» som skal kome «utanfrå og inn» i skulen utan å ha dei nødvendige føresetnadene for å kunne gjere gode tilretteleggingar for elevane og vere ein ressurs for skulane på same måte som i ordninga vi har no. 

Det vil altså kunne verte enda vanskelegare å få godt kvalifiserte spesialpedagogar til skulen for å hjelpe elevane som treng det mest. Argumentasjon som går på at meir spesialpedagogisk tematikk skal bakast betre inn i fagutdanningane er for så vidt eit poeng, men å hevde at det skal vere nok til å dekke behovet for denne kompetansen i skulen, syner lite forståing for det spesialpedagogiske feltet og kva utfordringar den inkluderande skulen står overfor.

 

«På lag for kunnskapsskolen» – for kven?

Kan ein då utan bismak i munnen kalle dette eit «lærarlyft» dersom det samtidig vert spesialpedagogen sin svanesong? Slagordet frå Kunnskapsdepartementet er «Lærarløftet – på lag for kunnskapsskolen». Kven sin kunnskapsskule snakkar vi då om? Alle elevar sin? Også dei som treng ein skule som møter dei med spesialpedagogisk kompetanse? I innleiinga til strategidokumentet til Lærarløftet seier utdanningsminister Røe Isaksen følgjande:

«Skolen skal gi alle en god start i livet, bidra til sosial utjevning og sikre norsk arbeidsliv og velferd. Skolen skal gjøre både samfunnet og hvert enkelt barn rustet for fremtiden. Da må alle få med seg den kunnskapen de trenger. (…) Mange elever går ut av ungdomsskolen uten å ha lært seg å lese, skrive og regne skikkelig.»

Det å byggje ned den spesialpedagogiske kompetansen i skulen kan slik eg ser det ikkje vere med å løyse denne utfordringa, kanskje tvert imot! Rammeplanutvalet peikar sjølv på det problematiske i konsekvensane for spesialpedagogisk utdanning, men meiner det er utanfor deira mandat å ta stilling til kor det skal løysast.

 

Kva no?

Ifølgje Kunnskapsdepartementet skal denne saka sendast på høyring i januar. Etter mi meining vil moglegheita for fordjuping til master i spesialpedagogikk i lærarutdanninga vere avgjerande dersom ein skal kunne sikre alle elevane sine rettar og moglegheiter for læring og utvikling. Både noverande og komande lærarar, lærarutdanningsinstitusjonar, politikarar og føresette bør ta innover seg kva denne modellen for lærarutdanninga i verste fall kan føre med seg på det spesialpedagogiske området slik den står no. Det som skulle vere ei styrking, kan i verste fall verte ei svekking for dei mest sårbare av elevane våre. Det bør vi ikkje tillate.

 

 

  • Gunhild Nordvik Reite er spesialpedagog og høgskulelektor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda.

 

Powered by Labrador CMS