Helle Christin Nyhuus, fungerande leiar i Norsk Lektorlag
Helle Christin Nyhuus, fungerande leiar i Norsk Lektorlag

44 lærarar går ut i streik i morgon

Dette er det første streikeuttaket til Norsk Lektorlag, som har 3600 medlem i KS-området.

Publisert Sist oppdatert

Det melder informasjonsavdelinga i Lektorlaget.

Det er medlem ved Horten og Drammen vidaregåande skolar som går til streik.

Les også: Handal: Situasjonen på Frevar var et påskudd for å stanse streiken

Bakgrunnen for streiken er den same som for streiken i Unio. Sentralstyret i Lekorlaget aksepterte ikkje framlegget frå Riksmeklaren etter brotet i forhandlingane med KS. Dette trass i at Akademikarane, der Lektorlaget er medlem, aksepterte.

– Kunnskap kostar! KS må snart forstå at det er lønn som er verkemiddelet både for å løyse rekrutteringsutfordringane og for å behalde kvalifiserte og erfarne arbeidstakarar, sa Helle Christin Nyhuus, fungerande leiar i Norsk Lektorlag, i ei pressemelding då streikeuttaket var klart.

Meklinga etter forhandlingane i Oslo slutta også med at Akademikarane sa ja og Lektorlaget nei til resultatet. Men her er ikkje svarfristen før 17. juni. Difor kan ikkje Lektorlaget gå til streik i Oslo før etter den datoen.