– Det er nå Stortinget startar handsaminga av revidert statsbudsjett. Og det er i samband med reviderte budsjett vi kan få endra Trygdeoppgjeret, seier sjeføkonom i arbeidstakarsamanslutninga Unio, Erik Orskaug. Foto: Unio
– Stortinget må avgjere trygdeoppgjeret
– Stortinget må ta opp trygdeoppgjeret til reell handsaming før sommaren, seier sjeføkonom i arbeidstakarsamanslutninga Unio, Erik Orskaug.
Trygdeoppgjeret gav pensjonistane ein auke på 0,38 prosent. Misnøya med det er så stor at leiar i Pensjonistforbundet, Jan Davidsen, ikkje vil signere protokollen for forhandlingane.
– Dette tyder at alderspensjonane reelt sett går ned med ein prosent i år, skriv Orskaug på Unio si nettside.
Erik Orskaug har vore leiar for Unios delegasjon i trygdedrøftingane.
Revidert budsjett
– Det er nå Stortinget startar handsaminga av revidert nasjonalbudsjett. Og det er i samband med revidert budsjett vi kan få endra trygdeoppgjeret. Så det er nå vi må setje fram kravet om å få oppgjeret til Stortinget, seier han, og held fram:
– Eg veit ikkje korleis dei ulike partia på Stortinget vil møte dette. Og eg veit ikkje noko om finansieringa. Eg kan berre peike på at regjeringa vil bruke 1 milliard til å auke minstefrådraget for pensjonsinntekt. Det er plasteret på såret for pensjonistane. Men pengane kan nyttast betre, seier Orskaug til Utdanning.
Stortingsvedtak ikkje følgt opp
Permittert leiar i Pensjonistrådet i Utdanningsforbundet, Bjørn L. Vaaland, stør kravet frå Orskaug om at trygdeoppgjeret nå må til Stortinget.
– Oppgjeret er ein konsekvens av at Stortinget sitt vedtak om utviklinga av pensjonane ikkje er følgt opp, seier Vaaland til Utdanning, og held fram:
– Dette er politikk, for regjeringa tar ikkje notis av at stortingsvedtaket ikkje blir følgt. Da må Stortinget inn, seier han.
Bakgrunnen er at Stortinget i 2009 vedtok at pensjonane skulle auke med gjennomsnittet av generell lønnsutvikling og generell prisutvikling.
– Men av praktiske grunnar vart dette gjort om til at pensjonistane skulle få 0,75 prosent lågare pensjonsauke enn snittet for lønnsutviklinga, forklarar Vaaland.
Dei første åra fungerte denne praktiske tilnærminga ganske greitt.
Negativ lønnsutvikling
– Men nå får pensjonistane negativ utvikling i realinntekta for tredje året på rad. Det var nok ikkje meininga med ordninga Stortinget i si tid vedtok, seier Bjørn Vaaland.
Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) sa i Dagsnytt 18 at mange arbeidstakarar har fått store lønnskutt som følgje av framfor alt krisa i oljenæringa. Dette får følgjer for lønnsutviklinga til pensjonistane, sidan den generelle lønnsutviklinga er med og bestemmer auken for pensjon.
Ho peikte vidare på at regjeringa til saman har brukt 7 milliardar kroner på pensjonistane sin økonomi, med auka pensjon til gifte og sambuarar, auka minstepensjonar og skattelette. Auke ut over dette er ikkje forsvarleg, ifølgje Anniken Hauglie.