Annonse

Illustrasjonsfoto: SolStock/Istock

Lærarar flyktar frå London-skulane

Av dei 35.000 nyutdanna lærarane som byrja å undervise i skulane i London i 2010, har 11.000 slutta.

Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

 

Det går fram av ein analyse parlamentsmedlemmen Matthew Pennycook frå arbeiderpartiet har gjort av offentleg statistikk, skriv avisa The Guardian.

 – Den konservative regjeringa har inga lyst til å ta tak i dei underliggjande drivkreftene bak denne urovekkjande trenden: arbeidsmengd, stagnerande løn,  aukande levekostnadar og mangel på rimelege bustadar, seier Pennycock til avisa.

Han får støtte av generalsekretær Kevin Courtney i lærarorganisasjonen National Education Union. Ifølgje ei undersøking organisasjonen har gjort, har 81 prosent av lærarane vurdert å slutte det siste året på grunn av auka arbeidsmengd som ikkje kjem elevane til gode.

Ein talsperson for Utdanningsdepartementet forsikrar at utdanningsministeren sin førsteprioritet er å sikre at læraryrket held fram med å vere attraktivt og givande. Departementet syner også til at det er 11.900 fleire lærarar i britiske skular i dag enn i 2011.

 

Kjøreregler for debatten

Her kan du kommentere artikkelen.

Utdanning setter pris på friske meningsbrytninger, men vis omtanke for dine med- og motdebattanter, hold deg til saken og bruk fullt navn. Dersom du ønsker å skrive et lengre innlegg, er du velkommen til å sende det til denne adressen: debatt@utdanningsnytt.no.

Hvis du ser kommentarer som du oppfatter som støtende, kan du varsle redaksjonen ved å merke den aktuelle kommentaren som upassende. Det gjør du ved å klikke helt til høyre for kommentaren du vil varsle oss om. (Dette fungerer ikke fra mobil. Vi jobber med en løsning).
Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Kommentarer kan bli brukt på alle Utdannings plattformer.

Fullt navn er en forutsetning for å delta i debatten!