Investeringane i forskning og utvikling tilsvarte 1,93 prosent av bruttonasjonalproduktet i 2015, ifølgje Kunnskapsdepartementet sitt forskingsbarometer. Ill. foto: Marianne Ruud

Forskingsinvesteringane aukar raskt

Investeringane i forsking og utviklingsarbeid har aldri auka så raskt som no i høve til BNP, og norske forskarar blir siterte stadig oftare. Det syner Forskingsbarometeret for 2017.

Kunnskapsdepartementet sitt forskingsbarometer presenterer eit breitt utval av statistikk om forsking og innovasjon. Den inneheld òg samanlikningar med ei gruppe av land som gjer det godt, som Sverige og Danmark.

– Vi ser fleire interessante utviklingstrekk. Noreg sin forskingsinnsats er lågare enn i samanlikningslanda, men utviklinga vår er positiv. Frå 2013 til 2015 hadde Noreg den største relative auken i forskingsinvesteringane blant landa i barometeret, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

I 2015 svarte investeringane i  forsking og innovasjon (FoU) til 1,93 prosent av bruttonasjonalprodukt (BNP) i Noreg. Det er framleis lågare enn i samanlikningslanda og gjennomsnittet i OECD på 2,38 prosent. Likevel er auken frå ein del på 1,65 prosent i 2013 den største endringa over ein periode på to år nokon gong.

– Forsking og utviklingsarbeid kjem til å vera ei sentral kjelde til den kunnskapen som trengst for å omstille det norske næringslivet og løyse utfordringar i samfunnet. Derfor er det gledeleg å sjå at forskingsinnsatsen aukar såpass mykje, seier Røe Isaksen.

 

Talet på doktorgradar går ned

Talet på avlagte doktorgradar i Noreg har auka over tid. I åra mellom 1980 og 2013 auka talet jamt nesten kvart år, men etter 2013 har talet gått ned. Dei 1410 doktorgradane som blei avlagt i 2016, var 114 færre enn i toppåret 2013.

– God tilgang på forskarkompetanse vil vere viktig framover både for omstillingane næringslivet står overfor og for å løyse utfordringar i samfunnet. Derfor har vi finansiert 546 nye stipendiat- og postdoktorstillingar når vi har følgt opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, seier Røe Isaksen.


Norske forskarar blir sitert meir


Vitskaplege artiklar frå Danmark blir oftare sitert av andre forskarar enn tilfellet er for dei andre nordiske landa. Men ein ny rapport frå NordForsk viser at Noreg har hatt den største auken i den relative siteringsraten gjennom det siste tiåret. Auken er størst for andre institusjonar enn universitet og høgskular, som forskingsinstitutt og sjukehus.

– Noreg er det einaste av dei nordiske landa der publikasjonane frå slike institusjonar blir oftare siterte i gjennomsnitt enn publikasjonar frå universitet og høgskular. Men det er danske og svenske universitet som markerer seg med dei høgaste siteringsratane. Det syner at norske universiteter og høgskular fortsatt har ein veg å gå, seier Røe Isaksen.

Powered by Labrador CMS