Fire- og femåringane frå avdelingane Bukkene Bruse og Ole Brum i Søre Skogvei barnehage nyttar bergens-vêret til ein skikkeleg skumfest. Oppvasksåpe i striregn gir mye gøy. Frå v.: Adyam Weldeab, Amina Magona og Nardos Markos (på bordet). Foto: Silje Katrine Robinson

Når det regnar, kan du gjere dette i barnehagen

– Barn elskar å leike med vatn, uansett. Men her regnar det så mykje at vi må variere vassleiken. Da gir vi berre leiken ein sprut, seier Anita Volland.

Publisert

I Søre Skogvei Barnehage i Bergen gjekk det med ei heil flaske oppvaskmiddel den dagen Utdanning var på besøk og regnet piska friskt.

Dette er spalten Mitt tips frå Utdanning nr. 15/2016. Denne gongen har journalist Kirsten Ropeid snakket med Anita Volland, pedagogisk leiar på Bukkene Bruse, Søre Skogvei barnehage i Bergen. Ho er aktuell fordi barnehagen byr på boblefest i bergensvêr.

Har du eit tips som du vil dele med andre? Send det til redaksjonen@utdanningsnytt.no. Merk e-posten «Mitt tips».

– Det er berre Zalo som duger, vi kan ikkje bruke det storkjøkken-skvipet av ei såpe som vi har i kjøkkenet, forklarar Anita Volland, pedagogisk leiar i barnehagen.

 

Båtar på kanalar

Når bergensregnet slår i vasspyttane, da finn dei barnehagetilsette fram Zalo-flaska. Ein sprut, og regnet piskar opp eit flott skum. Dermed går leiken så det skvett.

– Vi sprutar i alt vi kan sprute i, fortel Anita Volland.

– Da vi fekk nye leikekasser til å ha inneleikene i, tok vi dei gamle ut. Det går meir vatn i dei enn i små bøtter, så der blir det mykje skum. Det nyaste er ei stor vassleike, eigentleg laga for innebruk. Der er det eit kanalsystem for å køyre båtar i og mykje anna. Men det vart for stort, grisete og upraktisk å ha det inne, så nå er det flytta ut, fortel ho.

Når det er godt regn, får også denne leika ein god Zalo-sprut, og båtane i kanalane manøvrerer i skummet som om det var isfjell.

 

Lokal tradisjon

Utdanning sin journalist har sett ivrige ungar rundt vasspyttar og bøtter med såpeskum i fleire bergensbarnehagar.

– Men ikkje andre stader i landet. Er dette ein bergens-tradisjon?

– Det kan godt vere. Eg hugsar at eg fekk leike med såpeskum ute i regnet sjølv da eg var lita. Men sidan eg berre har arbeidd i barnehagar her i Bergen, veit eg ikkje kva dei gjer andre stader, seier Anita Volland.

Ho fortel at barnehagen også har mykje utstyr for såpebobleblåsing. Ungane blåser bobler av ulike storleikar.

– Det såpebobleutstyret vi har nå, har vi kjøpt. Men det er lett å lage sjølv òg, av pipereinsarar til dømes.

 

Bobler

– Såpebobler er også gøy. Men vi må stå under tak om det regnar for mykje, elles sprekkjer regnet boblene. Såpa til såpeboblene må vi kjøpe i leiketøybutikkar. Zalo, derimot, kan vi berre stikke ned på den lokale butikken og kjøpe. Og jo meir det regnar, jo meir skummar det. Så det er både lettvint og gøy med Zalo, seier ho.

– Kven likar best å leike med såpeskum?

– Alle! Eittåringen og femåringen er like ivrige. Dei blir søkkvåte, alle, sjølvsagt. Men vi har tørkeskåp og skifteklede, så det gjer ingenting, seier Anita Volland.

 

Powered by Labrador CMS