Kampen mellom «god nok» og «betre enn»

Debatt: Kvifor skal eg køyre fram bringa for å få meir løn enn kollegaen min som er like god?

Publisert

Dette omgrepsparet tykkjer eg er eit godt utgangspunkt for eit kritisk blikk på sentrale versus lokale lønsforhandlingar. For lærarar og mange andre i offentleg sektor er det «godt nok» som tel. Har du ein viss utdanning og ansiennitet, har du og krav på ei viss løn, om du no bor i Karasjok, på Røros eller Lindesnes. Bård Kuvaas og Ide Katrine Birkeland ved Handelshøyskolen BI utarbeidde i 2018 «Undersøkelse om lokale lønnstillegg i barnehage og skole».

Dei konkluderte med at «det er svært lite sannsynlig at lokale individuelle tillegg påvirker læreres og barnehagelæreres motivasjon og arbeidsmiljø på en positiv måte. Det kan i stedet gi negative konsekvenser fordi de kriteriene og prosedyrene som ligger til grunn for de lokale lønnstilleggene ikke oppleves som rettferdige.»

Så lenge lønna er «god nok», gjer medarbeidarane i skule og barnehage ein god jobb. «Betre enn» fungerer dermed dårleg for denne gruppa. Vi er ein lagorientert profesjon, solidarisk innretta. Kvifor skal eg køyre fram bringa for å få meir løn enn kollegaen min som er like god?

Ein vesentleg negativ konsekvens av å overgje lønsdanninga frå sentralt til lokalt, er at delekulturen, som er ein berebjelke i lærarprofesjonen, kjem til å bli alvorleg svekka. Kvifor gje frå seg og dele på gode opplegg, om ein meir frampå kollega bruker det til å promotere seg sjølv i kampen om lønsmidlar? Dei fleste lærarar med godkjent utdanning gjer ein god nok jobb, kvifor skal vi då sortere dei i dårlegare og betre enn, for å premiere «dei beste»? Heilt meiningslaust. Merk deg at eg med «god nok» ikkje meiner middelmåtig, men fullgod og kvalifisert. Eg beklagar elles hyppige retoriske spørsmål, og skal skjerpe meg frå no. Eg lover, som elevane seier.

Sentral lønsdanning blir likevel håna av tillitsvalde og tilsette i statleg sektor, som har lokal lønsdanning som grunnleggande prinsipp. Det vert ofte vist til utdanningsgruppene si mindrelønsutvikling, og at lokal lønsdanning vil vere lønsdrivande og skru lønna meir effektivt i veret enn sentral.

Det er heilt utruleg at dette mantraet om lokal lønsdanning vert repetert i forhandling etter forhandling, med tanke på at mindrelønsutviklinga i stat er verre stilt enn der ein har sentral lønsdanning, med det ein kallar «kompetanselønssystem» som sikrar alle med lik utdanning, arbeidsoppgåver og ansiennitet same grunnløn.

Frå innlegg om lønn i akademia: «For snittlønna til en førsteamanuensis ved et statlig universitet eller høgskole ligger på 703 000 kroner, nesten 200 000 under professor-snittet.» https://khrono.no/sjekk-snittlonn-for-ansatte-ved-universitet-og-hogskoler-her/677879 Eg tener dermed som lektor i skulen med full ansiennitet, kontaktlærartillegg og kompetansetillegg litt meir enn ein førsteamanuensis. Ein førsteamanuensis med tre års stipendiatarbeid bak seg, har då ingen reell utteljing i lønn for desse tre åra ekstra utdanning. I tillegg utgjer differansen mellom doktorgradsstipend og det vedkommande ville fått som lektor i skulen bort i mot ei heil årsløn i tapt livsløn.

Det er stusslege vilkår å tilby dei som tileignar seg førstekompetanse og stiller seg i førstelina i samfunnet si kunnskapsutvikling. Når dei so har kome seg i posisjon og fått seg fast stilling i femtiårsalderen, må dei bruke mykje av kvardagen sin for å vise at dei er «betre enn» for å finansiere jobben sin. Når du har brukt det meste av livet ditt på å utdanne deg til kunnskapsarbeider, med alle dei passeringane av akademiske nålauge som det inneber, vil eg hevde at du er «god nok», og at samfunnet kan stole på at du gjer en god jobb utan å bli underkasta konkurranse, marknadsprinsipp og lokal lønsdanning.

Eg er i denne samanheng usikker på om det er eit gode for kunnskapsarbeidarane i akademia at Unio no vender seg frå LO og til Akademikerne som forhandlingsmedpart. Vi får nok eit forhandlingslag som er endå meir unisont lojale til lokale forhandlingar enn det i har hatt. Eit lønsutviklande prinsipp som gjer at eg som lektor i skulen tener 125000 meir enn om eg underviser ved universitet eller høgskule. Om vi skal ha lokale forhandlingar basert på «betre enn», må konkurransen om midlar lokalt ta til på toppen av ei «god nok» grunnløn. Unio sitt krav legg opp til dette, vi kan lese i det første kravet at «Utdanning må lønne seg. Unio krever et lønnssystem som sikrer en minimums inngangsverdi for nytilsatte basert på utdanningsnivå.»

Alt vil då stå og falle med denne «minimums inngangsverdien», og den må vere god nok til at staten kan vere attraktiv for folk frå kommunal sektor. Sånn som det er i dag, har til dømes lærarutdannaren utan førstekompetanse lågare løn enn dei han utdannar. I sonderingane mellom Unio og Akademikerne er målet «å enes om et nivå som er relevant med tanke på utdanning, og som tilsvarer nivået hos andre arbeidsgivere enn staten». Dette må ikkje gleppe når sondering no har blitt forhandling, og blant «andre arbeidsgivere enn staten» bør KS vere.

Ei god nok grunnløn er når lektoren i akademia tener det same som lektoren i skulen, og amanuensen tener vesentleg meir. Det er òg heilt urimeleg at kunnskapsarbeidarane i dei delane av akademia som er lett å underkaste kvantifisering og måling, skal kunne få dei høgste lønene. Vi treng både kreftforskaren og filologen, og begge fortener god løn.

«Å gå for lut og kaldt vatn» er eit godt kjent idiomatisk uttrykk, som opphavleg handlar om å vaske klede med (billeg) lut og vatn heller enn (dyr) såpe og vatn. Vi er lut lei av slik underprising av kunnskapsarbeidaren sitt arbeid. Pun intended.

Lokale forhandlingar er problemet, ikkje løysinga på denne tragiske situasjonen. Lokale forhandlingar kan ein ta på toppen av ei akseptabel løn, om det er naturleg. Når lokal lønsdanning er hovudprinsippet, vert det for mange med uakseptabelt låg løn, som i universitets- og høgskulesektoren i dag. No står det att å sjå om Unio og Akademikerne klarer å levere og argumentere oss frå lut til såpe.

Powered by Labrador CMS