Etter 46 som lærer skal Tor prøve å pensjonere seg – igjen

Han har undervist over 700 elevar, opplevd ni norske statsministrar, 23 olympiske leikar og sjølv fullført fleirfaldige skirenn, men Tor Totland ønsker ikkje å sitte i ro.

Publisert

– Eg er akkurat som ein unge som ikkje vil legge seg. Eg klarer ikkje slutte som lærar, humrar Tor Totland.

Totland har prøvd å pensjonere seg ved tidlegare høve. No prøver han igjen, og det i ein alder av 76 år.

No skal ektemann, far og bestefar Totland teste pensjonisttilværet for fullt. Han fryktar det ikkje, men Totland er også veldig glad i folk. Han vaks opp i Samnanger kommune og gjorde sine studium i Bergen. Etterpå vart det 46 år som lærar i Florø, med dei fleste åra på Florø ungdomsskule.

For å finne ut korleis han enda opp der må vi skru tida tilbake til året Anders Langes Parti skifta namn til Framstegspartiet og Elvis Presley tok sitt siste andedrag.

– I 1977 var eg vikar ved Flora ungdomsskule eit halvår. Det er det som er Florø ungdomsskule i dag.

Deretter fekk Totland ei oppseieleg stilling, som i praksis var fast stilling ved same skule.

– Det var på denne tida eg møtte ho som seinare vart kona mi, og då var det gjort. Då sat eg strengt tatt i klisteret, seier Totland og trekker på smilebandet.

Tilvalsfaget til Totland er fransk, men han har også blant anna tysk mellomfag, allmenn litteratur grunnfag, allmenn språkvitskap og latin.

– Kvar kjem denne språkinteressa frå?

– Du kan nesten seie at eg har vakse opp i ein butikk i Samnanger. Den låg på sida av eit hotell som var ein kjend stoppestad for turistbussar som skulle til Hardanger frå Bergen. Der var det utruleg mykje turistar frå blant anna Frankrike, England, Tyskland og Japan.

– Som liten, fram til 10–12 års alderen selde eg små bukettar av markblomster til turistane.

Det var her eg begynte å fatte interesse for alle desse språka, seier Totland.

I dag underviser Totland 10. klasse i fransk på Florø ungdomsskule, og det skildrar han som eit privilegium.

– Eg har vore veldig privilegert som har undervist i språk. Dette er eit valfag. Elevane som møter opp, ønsker gjerne å fordjupe seg, og det er ofte desse elevane som har høgast motivasjon.

Gradvis reduksjon

At Totland framleis kan undervise i ein alder av 76 år, er inga sjølvfølgje. Til og med systemet prøvde å stoppe Totland året han fylte 70 år.

– Som kontaktlærar hadde eg min siste klasse det året. Eg gav beskjed om at dei ville vere min siste klasse. Planen var at eg skulle følge klassen ut, og så gå av med pensjon. Kommunen sine reglar er at du må gå av med pensjon året du fyller 70.

– Før eg fylte 70 år jobba eg i ei 100 prosent stilling der eg underviste i mange ulike fag. Etter dette vart eg arbeidande pensjonist som berre underviste i fransk.

– Eg måtte gjere det gradvis for å unngå abstinensar, humrar Totland.

Totland seier også at mykje godvilje frå leiing og gode kollegaer har gjort at han har fått halde fram med det han liker aller best.

– Du gjekk jo delvis av med pensjon. Kva gjorde at du tok turen tilbake?

– Eg tenkte at eg ikkje hadde godt av å gå rundt heime. Eg har veldig gode kollegaer og eg liker jobben min godt. Derfor spurde eg om å få fortsette som timelærar.

– Det går ikkje på pengar eller lønn. Drivkrafta mi er at eg liker å vere saman med folk. Det å ha noko fast å gå til som gir meining, samtidig som eg kan ta del i eit arbeidsfellesskap, det gir meg mykje, seier Totland.

Årets franskklasse blir den siste klassen Totland følger ut. Det er i alle fall det han seier sjølv.

– Aldri vore glad i å konkurrere

Kvar tysdag og onsdag hiv Totland seg på sykkelen frå Firdavegen bort til Florø ungdomsskule. Det er vel inga skjult hemmelegheit at god fysisk form er viktig i eit langt arbeidsliv, og akkurat desse to har Totland.

Seinast i april fullførte han 37 kilometer på ski i Skarverennet, men Totland kan også skilte med å ha fullført Vasaloppet, Marcialonga, Birkebeinarrennet og mange andre skirenn.

– Korleis har du enda opp i alle desse skirenna?

– Som barn reiste vi mykje frå Samnanger til Kvamskogen. Vi gjekk opp bakkar og stod ned igjen på gøy. Det å trene ski har eg ikkje gjort før eg fylte 60 år. Eg har aldri vore god til nokon verdas ting, men eg har alltid likt å halde meg i form uavhengig av kva type trening det skulle vere.

– Eg har heller aldri vore glad i å konkurrere, og eg bryr meg ikkje om kva tid eg fullfører på.

– For å vere ein mann som ikkje er glad i å konkurrere, har du fullført bra mange løp?

– Det å gjennomføre har alltid vore det viktigaste. Løpa er meir med på å halde motivasjonen oppe. Eg må jo vere i form for å kunne fullføre.

– For meg handlar det meir om å møte folk eg kan snakke med, oppleve kultur og andre land. Vi har vore ein kameratgjeng som har reist på tur, så dette har eg ikkje gjort åleine.

Har aldri kvidd seg

Assisterande rektor Jan Solheim og rektor Kari Vårdal er begge full av lovord om kollegaen, læraren, men òg menneske Tor Totland. Det er tydeleg at Totland har sett sitt preg på ein av Noregs vestlegaste skular.

– For ein del år tilbake hadde Tor ein krevjande klasse. Eg spurde om han ikkje var sliten. Tor svara at han ikkje var sliten fordi han likte så grådig godt å vere saman med elevane, og at han aldri hadde kvidd seg til å gå inn i eit klasserom. Eg tenker det seier det meste om korleis Tor er, seier Vårdal, rektor ved Florø ungdomsskule.

– Tor har vore med på å skape det gode miljøet vi har på Florø ungdomsskule. Kvar gong det er sosiale aktivitetar og arrangement er Tor til stades. Han følger alltid sine forpliktingar og er ein mann du kan stole på. Det var ein gong han sa det så enkelt, men med fagleg tyngde: Vi ønsker at elevane skal ha det bra, og at dei skal gjere det bra, seier Solheim.

– Klar og engasjert i timane

Guttorm Glosli (15) og Linnea Smelvær (15) er to av elevane i siste året på Florø ungdomsskule. Dei har begge fransk som valfag og har hatt Totland som lærar desse åra. Om alt går etter planen, skal dei alle gå ut av skulen saman.

– Du ser det veldig fort at han er klar og engasjert i timane. Han vil alltid legge til rette for alle elevane. Nokre gonger kan han ha litt gammaldagse metodar å undervise på, seier Smelvær smilande.

– Alle desse tre åra har vore fantastiske. Vi kunne ikkje ha bedt om ein betre fransklærar enn Tor. Han er alltid engasjert, seier Glosli.

For Glosli har forholdet til Totland blitt ekstra nært. Han ønsker nemleg å studere i Lyon til hausten.

– Han har hjelpt meg veldig på vegen, og denne skulen i Lyon er ei stor moglegheit for meg.

– Eg fekk lese eit anbefalingsbrev som Tor hadde skrive då eg søkte meg inn på skule i Frankrike. Det var rørande, seier Glosli.

Ein æra er over

Til sommaren går Totland av i full pensjon etter å ha jobba som lærar sidan 1977. Sjølv om kvardagen hans vil vere fri for obligatoriske gjeremål, har Totland mange ting han vil gjere.

– No vil eg og kona stå mykje friare til å besøke døtrene og barnebarna våre. Vi har også ei hytte i Stavang som eg kan besøke oftare. Utanom det skal eg framleis trene og gå på kafé og restaurant for å treffe folk. Tida er ikkje noko problem. Eg kjedar meg aldri, seier Totland. Nyleg var Totland på Gran Canaria tre veker, og det gav meirsmak.

– Det er fantastiske turmoglegheiter. Det å gå i kortbukse og singlet, medan vinteren herjar her heime. Nei, det kan godt hende eg vil reise på fleire langferder.

Sjølv om Totland går av med pensjon, utelukkar han ikkje at han skal undervise meir på Florø ungdomsskule. For Tor Totland er først og fremst glad i folk.

– Det kan jo hende at eg tar tilfeldige timar. Det er ikkje umogleg. Det spørst jo om dei har behov for meg, seier Totland og ler.

Powered by Labrador CMS