Porsgrunn rådhus.

Porsgrunn kommune heldt tilbake lønnsvedtak utan lov

Porsgrunn kommune gjorde feil da dei unndrog for offentlegheit eit vedtak knytta til dei kommande lønnsforhandlingane i KS. Det slår Statsforvaltaren fast.

Publisert Sist oppdatert

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark seier Porsgrunn kommune ikkje handla korrekt da dei vedtok å ikkje gjere offentleg vedtaket om råd til KS om strategi for kommande lønnsforhandlingar.

Bakgrunnen for vedtaket er at KS kvar vinter ber kommunane om råd for prioriteringane KS bør gjere i tarifforhandlingane med ei kommunetilsette. I debattheftet «KS spør, gi innspill til mellomoppgjøret» formulerer KS spørsmåla dei ber kommunane svare på.

Lengst fram i dette heftet skreiv KS denne gang at kommunane kunne unndra vedtaka dei gjorde i saka frå å vere offentlege. Jurist Kristine Foss i Norsk Presseforbund har tidlegare sagt til Utdanningsnytt at dette ikkje var rett.

Porsgrunn kommune valde å unndra sitt vedtaket frå offentlegheit. Både Utdanningsforbundet Porsgrunn og Utdanningsnytt.no klaga dette inn til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. Båe meinte det ikkje er lovleg grunnlag for å ikkje gjere vedtaket offentleg.

I sin klage trekte Utdanningsnytt.no også fram at KS under streiken i fjor argumenterte med at organisasjonen handla ut frå mandatet dei hadde fått frå kommunane etter den tilsvarande prosessen i fjor. Da er det viktig at vedtaka som formar dette mandatet, er offentlege.

KS oppfordra til å unndra

– Vi hadde vel oppfatta det som at KS oppfordra oss til å unndra, svarer rådmann i Porsgrunn, Rose-Marie Christiansen, på spørsmål om kvifor kommunen unndrog vedtaka offentlegheit.

– Da innsynskrava kom, var vi usikre på om vi skulle halde fast på vedtaket om å unndra eller ikkje. Til slutt var det nok eg som sa at vi held fast på vedtaka, og så får statsforvaltaren ta ei avgjerd, seier ho.

– Initiativet til å ikkje gjere vedtaka offentlege i Porsgrunn kommune, kom det frå politikarane eller administrasjonen?

– Dette er ei typisk sak der administrasjonen gir politikarane råd, seier Rose-Marie Christiansen, som understrekar at når statsforvaltaren nå har sagt sitt, vil vedtaka bli offentlege.

Og etter at rådmann Rose-Marie Christiansen snakka med Utdanningsnytt, har formannskapet i Porsgrunn vedtatt at dokumentet skal vere offentleg.

Utdanningsforbundet hadde rett

– Det er greit at kommunen blir sett på plass, seier Gro Jørandrud, leiar i Utdanningsforbundet Porsgrunn.

– Det tyder at Utdanningsforbundet hadde rett i at lova var brukt feil, seier ho,

Lokallaget har sendt inn eigen klage på avslaget om innsyn.

– Debattheftet startar med at KS gjer kommunane merksame på at saksframlegg og vedtak om tariff i tilknytning til debattheftet ikkje må vere offentlege. Rettar du ikkje da bakar for smed når du kritiserer Porsgrunn kommune, ikkje KS?

– Det kan vere. Men det er jo andre kommunar som har tatt sjølvstendige standpunkt og har halde vedtaka offentlege, trass det KS skriv i heftet, seier Jørandrud.

– Det viktige er at råda frå kommunen til KS blir kjent, understrekar ho.

Under streiken i fjor sa KS at prioriteringane deira var baserte på dei råda kommunane hadde gitt.

– Men i ettertid har vi sett at råda ikkje var så eintydige som KS ga inntrykk av. Så det er viktig å vite kva KS argumenterer ut i frå, slår Jørandrud fast.

– På lokalplanet er det dessutan godt for kommunetilsette å vite kva for problem vår arbeidsgivar rapporterar om. Framstiller kommunen situasjonen slik han er? Det er ikkje godt å ikkje vite korleis kommunepolitikarane vel å framstille vår situasjon, avsluttar ho.

– Uheldig av KS

Kristine Foss, jurist og rådgivar i Norsk Presseforbund, meiner saka viser «kor uheldig det er at KS i debattheftet har trekt fram høve til å unndra vedtaka frå offentlegheit».

– Både Riksrevisjonen og Sivilombodet har gong på gong peikt på at når folk unndrar for mye frå offentlegheit, så er det fordi dei er usikre. Og det kan framstå som at det er nettopp det som har skjedd her: KS har gjort dei ansvarlege i kommunane usikre, seier ho, og held fram:

– Dette blir ekstra uheldig av di KS har plikt til å arbeide for mest muleg offentlegheit. Men i staden gjer dei det motsette, seier Foss.

Gå gjennom punkt for punkt

– Statsforvaltaren krev ikkje at vedtaket vert offentleg, men at kommunen vurderer på nytt. Kva tyder det?

– Svaret frå statsforvaltaren slår fast at lovparagrafen KS viser til, ikkje kan nyttast til å unndra heile saka, slik Porsgrunn komme hadde gjort. For å kunne unndra må kommunane må gå gjennom saka punkt for punkt og vurdere om det er detaljar der som kan skade legitime interessar, seier Foss, og held fram:

– Hadde det dreidd seg om ei kommersiell avtale, kan vi tenkje oss at å offentleggjere prisen på nokre element i avtalen kan tilfredsstille det kravet. Men det er offentleg at det er gjort ei avtale, kva som er intensjonen , korleis den skal fungere og kva den inneheld, seier ho.

– Kva for detaljar kan det vere i eit råd om prioriteringar ved eit lønnsoppgjer som tilfredsstiller kravet om å unndra offentlegheit?

– Eg må innrømme at eg har vanskeleg for å sjå det. Men vi må likevel vere prinsipielt opne for at dei kan vere der, seier Kristine Foss.

Seks kommunar

I tillegg til Porsgrunn har Utdanningsnytt registrert at kommunane Kragerø, Skiptvet, Melhus, Grong og Namsskogan har unntatt vedtaka om råda til KS frå å vere offentlege. Utdanningsnytt har bedt om innsyn i alle sakene, men har ennå ikkje fått svar om fleire enn Porsgrunn.

Til Utdanningsnytt.no skriv KS at dei registrerer at «statsforvaltaren i Vestfold Telemark har lagt til grunn at det er grunnlag for å unnta delar av dokumentet etter offentleglova § 23, slik KS har vist til i debattheftet. Men at statsforvaltaren har bedt kommunen gjere meir utfyllande vurderingar om spørsmålet om meiroffentlegheit.»

– KS tar det til etterretning, skriv KS i e-posten.

Powered by Labrador CMS