Ordførar i Steinkjer, Bjørn Arild Gram, er ny leiar i KS.

Ny KS-leiar vil ha semje i laget

KS skal ikkje bli ein partipolitisk slagmark, lovar nyvald leiar i sentralorganisasjon for kommunane, Bjørn Arild Gram frå Senterpartiet.

Publisert Sist oppdatert

– Kvifor ville du bli KS-leiar?

– Av di det snautt er eitt einaste problem i samfunnet vårt der kommunen eller fylkeskommunen ikkje er ein del av løysinga.

KS er kjent som ein organisasjon som likar å vere einig med seg sjølv. Ønskjer du deg ein meir politisk organisasjon?

– Vi kan godt bli tøffare i debattane. Men sjølv om vi kjem frå verv i ulike politiske parti, bør vi ikkje vere ei politisk slagmark. Grunnhaldninga bør vere at vi skal leite etter felles standpunkt, Det er det som gjer oss sterkast.

– Du blir den øvste arbeidsgivaren for dei aller fleste lærarane i skole og barnehage. Kva seier du til dei?

– At eg som ordførar i Steinkjer har god erfaring frå samarbeidet med lærarar, både som yrkesutøvarar og gjennom tillitsvaldapparatet. Jamt over jobbar vi godt i lag.

Så er det jo naturleg med dragkampar om løn, arbeidsvilkår og pensjon. Men i ei rekkje oppgjer nå har vi kome i land utan og konflikt, og utan Riksmeklaren, seier Bjørn Arild Gram.

Gram vart vald som leiar i KS 12.januar.

Han er 47 år gammal, har vore statssekretær i Finansdepartementet og leiar av Senterungdommen. Gram har vore nestleiar i KS sidan 2012. Han byter nå plass med Gunn Marit Helgesen frå Høgre. Ho går frå vervet som leiar til å bli nestleiar saman med Sven Tore Løkslid frå Arbeidarpartiet.

Powered by Labrador CMS