– Kartleggingsprøvene finn det dei skal

– Målet for kartleggingsprøvene i første klasse er å identifisere dei tjue prosent svakaste lesarane. Og det gjer dei, ifølgje Per Henning Uppstad

Publisert Sist oppdatert

Professoren ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking ved Universitetet i Stavanger er med og lagar prøvene for neste år. Og han er ikkje einig i kritikken frå lærar Liv Janne Toldnes ved Mære skole i Steinkjer i at kartleggingsprøvene i lesing for første klasse viser kor flinke dei flinkaste er, og at prøvene er for vanskelege for svært mange heilt normale førsteklasselesarar.

– Ein prøve med setningar som «Eli ror» vil ikkje fungere. 99,4 prosent av elevane vil få til det, seier Uppstad.

– Kan så mange som 80 prosent av elevane lese «Kongen har en krone på hodet» på slutten av første klasse?

Per Henning Uppstad.

– Ja, den nasjonale utprøvinga viste at om lag 80 prosent av elevane kunne lese dette.

– Den generelle erfaringa er at prøvene skil ut dei 20 prosentane vi ønskjer å skilje ut, held Uppstad fram.

– Om det ikkje er slik i klassen på Mære skole må det vere ein grunn. Det kan vere spesielle tilhøve der, som ei opphoping av svake lesarar. Det kan og vere at læraren har lagt opp undervisninga slik at dei til dømes ikkje er ferdig med bokstavintroduksjon ennå, eller at dei har fått mindre trening i lesing og skriving enn gjennomsnittet. Læraren er som kjent fri til å leggje opp progresjonen sjølv, så det er greitt nok.

– Den sterke responsen på innlegget til Liv Janne Toldnes viser at mange deler oppfattinga. Talar det i mot å individualisere hennar oppleving?

– Innlegget hennar set openbert kjensler i sving. Ein test blir lett oppfatta som ein skjult læreplan, men formålet med testen er eit heilt anna. Og det er inga motsetjing mellom å drive med godt språkarbeid og å gi elevane tilgang til bokstavar, lesing og skriving.

– Språkstimulering er openbert viktig, held han fram.

Dysleksi

– Men det er testen som hjelper oss til å alt i første klasse plukke ut dei tjue prosentane som kan stå i fare for å ha spesifikke problem i tredje klasse. Vi kan ikkje hoppe bukk over det, sjølv om vi driv med språkstimulering. Det er svært viktig at vi kjem i gong tidleg med tiltak som kan hjelpe og avverje lese- og skrivevanskar.

– Er det særleg dysleksi du meiner testen predikerer?

– Ja, framfor alt det. Men andre vanskar med omgrepsforståing og avkoding er og viktig. Så er eg heilt samd i at å å setje lesing og skriving inn i ei leikande ramme, som å leike sjukehus, er blant tiltaka vi må bruke for å få på plass som trengst. Vi må ha ei brei tilnærming.

– Mange lærarar meiner det er for mye testing i skolen. Er du einig?

– Lesetestane for småskolen frå Utdanningsdirektoratet er ein frivillig lesetest i førsteklasse, og ein obligatorisk i tredje. Eg ser ikkje at det er mye? Eg ser heller ikkje at lærarar og rektorar er kritiske til testar generelt, heller tvert om. Anne Arnesens forsking har vist utstrekt bruk av testar frå kommersielle aktørar, og da kan det raskt bli mye testing, totalt sett. Den mest brukte testen i skolen, Carlstens leseprøve, er ein kommersiell test som er heilt utan dokumentasjon på kvalitet. Det er eit problem.

– Du har sjølv vore med og kritisert kartleggingsprøven for første klasse. Kva gjekk den kritikken på?

– Ein prøve som tar ein heil time er for lang for dei svakaste lesarane, Dessutan seier ikkje testen oss noe om dei om lag åtti prosentane som vi alt trur vil klare den.

Denne gamle testen er død

Samstundes har prøvene vore for opptekne av detaljar i lydprosessar ordbygging og for lite av rein lesing. Dette har vi tatt omsyn til i den nye testen som kjem neste år. Vi har også tatt grep slik at elevar med norsk som andrespråk skal ha betre vilkår, seier Uppstad, og legg til:

– Så eigentleg er denne diskusjonen om årets test heilt unødvendig. Denne gamle testen er død, og det har vore varsla lenge.

– Kartleggingsprøvene framstår som skapt av ei treeining av politikk, pedagogikk og forsking. Kor fri er da forskinga?

– Vi arbeider på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet, som er styrt frå departementet. Fridomen vi har gir oss eit rom for kreativitet som er stort nok til at arbeidet er moro, men vi har og litt sorg over ting vi ikkje får prøve ut, saker som særleg lærarar i skole etterspør. Når våre kollegaer i USA gjer tilsvarande arbeid, har dei større politisk fridom. Men dei er heilt underlagt kommersielle interesser. Det slepp vi, seier Per Henning Uppstad.

Powered by Labrador CMS