Ny politisk avtale skal sikre fleire læreplassar

Målet med kontrakten mellom kunnskapsministeren, kommunal- og moderniseringsministeren og partane i arbeidslivet er å få fleire læreplassar.

 

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og partane i arbeidslivet underteiknar den nye samfunnskontrakten måndag 14. mars.

Noreg vil trengje 90.000 fagarbeidarar framover, men mange elevar som tek yrkesfag slit med å fullføre fordi dei manglar læreplass, skrive Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding. I 2015 var det om lag 9000 av 28.000 søkjarar som ikkje fekk læreplass.

Statsrådane og toppleiarane for NHO, LO, Virke, Spekter, UNIO, MEF, YS, Rederiforbundet og KS vil leggje frem avtalen og konkrete tiltak for korleis den nye samfunnskontrakten skal føre til fleire læreplassar.

Powered by Labrador CMS