Eit hint, ein gjetteleik og ein mikroleksjon får opp læreviljen i ein fjerdeklasse

Lærar Julie Hole i Bergen har henta undervisningsopplegget «Grej of the Day» frå Sverige.

Publisert Sist oppdatert

Det er nesten heilt stilt i klasserommet på barneskolen Bønes i Bergen, men ikkje heilt. Hender i været er akkurat så ivrige at ein kan høyre dei, dei veivar litt, og niåringane seier «her her her» heilt bak i ganen på innpust.

Då kontaktlærar Julie Hole endeleg peikar på ein av gutane på fyrste rad, er det ein heil gjeng som sig litt saman på stolane sine.

«Amazonasjungelen!»

Tre dagar i veka startar omtrent sånn, berre at Amazonas er skifta ut. Med taco, Eiffeltårnet, binders, Mount Everest eller eit anna av verdas underverk. Elevane fekk eit hint i går, «Sør-Amerikas grøne teppe», no får dei ein såkalla mikroleksjon om emnet.

Med bilde, engasjement og maks ti minuttar blir mikroleksjonen fengande for både kontaktlærar Julie Hole og elevane.

– Visste de at dovendyret berre bæsjar ein gong i veka?

Utsegna fungerer som den skal og gjer store augo, måpande munnar, latter.

Sysken og vener får høyre om lærdomen

«Grej of the Day» har blitt ein fast start på dagen tre gongar i veka i fjerde klasse på Bønes skole etter at Hole høyrde om konseptet via Facebook. Konseptet er å lære fort om noko konkret og å fortelje vidare om det har slått an.

«Grej of the Day»

Funne opp av lærar Micael Hermansson.

Elevane lærer om ein konkret ting kvar gong, etter ein modell i fire steg:

  1. Eit hint eller ei gåte om kva det er dagen før leksjonen.
  2. Gjetteleik og ein mikroleksjon på åtte-ti minuttar om emnet neste dag. Her er det viktig med ei personleg og forteljande formidlingsteknikk og wow-faktor.
  3. I lekse skal elevane fortelje om greja til nokon andre.
  4. I klasserommet har ein eit kart med bilde av alle grejene.

– Me hadde ikkje peiling på kor mykje dette kom til å påverke klassen, men det har det verkeleg, seier Hole.

Ho fortel at dei får tilbakemelding frå foreldre som høyrer borna fortelje sysken og vener om det dei har lært.

Det kan verke som om Grej of the Day har kome nærare slagordet om at kunnskap er kult. Men tek det ikkje mykje tid?

– Nesten som morgongymnastikk

– Det tek om lag 20 minutt dei morgonane me har det, men det verkar nesten som morgongymnastikk. Elevane får eit boost, og me rekk faktisk å gjere like mykje i resten av timen som me pleier gjere utan å ha ei grej i starten, seier Hole.

Etter forelesinga får elevane bruke litt tid på å teikne noko frå presentasjonen og skrive ned favorittfakta.

– Det er nokre av gutane i klassen som vanlegvis ikkje vil skrive noko som helst, og no skriv dei lett ei heil side, fortel Hole.

Eit heilt nytt syn: papirkart

I heimelekse skal elevane fortelje om det dei lærte til nokon andre. Veldig ofte fortset greja litt i dagane som følgjer, for då er det plutseleg nokon som har ei mor som har vore på den kinesiske muren eller ein onkel som har dykka i Marianegropa.

– Me tek oss alltid tid til å høyre dei historiene. Eg lar elevane gå bak til kartet for å sjå på det om dei har lyst, fortel læraren.

Bak i klasserommet heng eit stort verdskart. Frå små knappenåler festa på staden der greja dei har lært om er, går det raud tråd ut til eit bilde av greja.

Det store papirkartet, det som ein gong var sentrum i eitkvart klasserom, har altså stått opp igjen. For mange av elevane var det eit heilt nytt syn.

– Då me hengde det opp, var det veldig mange av elevane som gjorde store augo. Dei har kanskje berre sett det på ein skjerm og er ikkje vane med denne typen totalkart. Fleire kommenterte til dømes kor lite USA eigentleg er, seier Hole.

Det verkar jo nesten for godt til å vere sant, at ti minuttars foredrag om ting elevane kan finne på Wikipedia i løpet av minuttar, skal kunne utgjere så stor forskjell.

Julie Hole er relativt frelst. Ho seier dei tre kontaktlærarane deler på å lage leksjonane, og at tida det tek frå timane, er verd det i læreviljen dei får igjen. I tillegg er grejene dei vel frå læreplanen. Når ein kjem til eit relevant tema seinare, vil elevane kjenne det igjen.

«Grejen» slår an i Noreg

Den svenske Facebook-gruppa om «Grej of the Day» har om lag 40.000 medlemer, den norske rundt 2700. I den norske gruppa fortel fleire om forsøk med metoden. Det er mellom anna lagt ut innlegg om grejer i både Asker og Stavanger.

Av fire bøker «oppfinnaren» Micael Hermansson har skrive om fenomenet, er to komne ut på nederlandsk og ei på engelsk. Hermansson har besøkt lærarutdanninga i Tromsø og fortel at fleire og fleire lærarar i Noreg kontaktar han.

På nippet til å slutte

Det heile starta som eit litt desperat forsøk på å få ein vanskeleg klasse i Nord-Sverige til å følgje med i timane.

– Klassen eg hadde, var uroleg, og elevane syntest skulen var ei pest og ei pine. Eg var på nippet til å slutte som lærar, men ville teste nokre idear fyrst, fortel Micael Hermansson.

Med kjappe morgonleksjonar om éin konkret ting var målet til Micael enkelt: – Det er litt klassisk at om ein spør elevane kva dei har lært på skulen i dag, svarar dei «ingenting spesielt». No hadde dei i alle fall noko å seie.

Forteljarstilen var viktig, det skulle vere spennande og eventyraktig. Og alltid avslutte med eit «wow». Målet er at kunnskap skal vere kult.

700 grejer

Leksjonane slo an. Dei neste seks åra hadde Hermansson 700 slike grejer. Sidan 2016 har han levd av å halde foredrag og skrive bøker om konseptet. Lærarar i ei rekke land har kopiert det.

– Det er utruleg moro! Eg har alltid vore fascinert av kunnskap, og tenker kanskje at skulen ikkje lukkast heilt. Ein tenker at skulen er keisam, og at han kanskje ikkje alltid gjer alt for at elevane skal ha lyst til å lære og ynskje meir kunnskap, seier Hermansson.

Etter at den trøblete klassen hadde hatt Grej of the Day dagleg ei stund, vart det ein viktig del av kvardagen deira.

– Elevane ville ikkje bli sjuke, og om eg hadde vore vekke ein dag eller to, stod dei og venta på meg på parkeringsplassen og lurte på om me kom til å ta igjen dei grejene dei hadde gått glipp av.

Medan målet var å få ein klasse som høyrde etter i timane og kunne gå heim og fortelje om noko dei hadde lært, fekk han noko meir.

– Dei vart utruleg gode til å setje ting i samanheng og knyte kunnskapen i hop. Og så blei dei så nysgjerrige på så masse! Eg fekk beskjed frå biblioteket om å seie ifrå om kva me skulle ha om, for det kom så mange elevar etterpå.

Hintet gjer hjernen klar

Konseptet har blitt meir gjennomtenkt og grunna i forsking etter kvart.

– Nokon kjem med kritikk om at det berre er quiz-kunnskapar, men ein hugsar det som er kort, og kunnskapen er som puslebitar. Elevane sette det dei lærte i andre fag seinare i samanheng med det dei lærte av Grej of the Day, og dei skjøna også sjølve at alt heng saman, seier Hermansson.

Han fortel vidare korleis hintet dagen før vekkjer før-tenking, som gjer hjernen klar til å lære, om metoden med å lære som historieforteljing og wow-effekten, som gjer at ein hugsar ting betre. Når ein attfortel noko, hugsar ein det betre sjølv også.

– Etter å ha starta med dette, sette eg meg inn i forskinga rundt læring. Alle stega i konseptet gjer at det funkar totalt sett. Det er ikkje forska på Grej of the Day, men alle stega i det er det allereie forska på.

Læreplanen er ein del av det

Hermansson starta med å tenke gjennom kva som gjorde at han sjølv lærte ting, og kva som gjorde det moro. Grej of the Day vart resultatet, men læreplanen var heile tida ein del av det.

– Ein del misforstod og tenkte at me berre hadde om dei morosame tinga som Pokémon eller sånt, men alt er spennande! Jobben min som pedagog er å få elevane til å skjøne det, men det tok meg 25 år som lærar å forstå at dei trengde eit wow, seier han.

Om ein ser TedX-foredraget til Micael Hermansson på YouTube, kan ein kanskje skjøne at han kan få det meste til å bli spennande. Mykje av effekten ligg i ei energisk og kreativ forteljing, og det er ikkje utan grunn at den neste boka hans vil handle om presentasjonsteknikkar. Skal ein skape den same effekten og interessa frå born og ungdom, er det kanskje greitt med noko av den same energien. Men gründeren poengterar at ein må følgje ideane bak Grej of the Day for at det skal fungere.

– Ein må halde det kort. Det kan ikkje berre vere ein dårleg leksjon om noko. Men om ein følgjer konseptet skikkeleg, torer eg nesten love at det funkar.

Han er også opptatt av at ein må ha meir enn ei grej i veka.

– Det blir jo berre 25-30 i året eller noko sånt. Ein kan tenke at fire gongar i veka er mykje, men det verkar best då. Ein legg opp spor til ting ein skal lære om seinare på den måten. Då mine elevar til dømes skulle lære om Frankrike, visste dei allereie masse frå Grej of the Day utan at dei visste det sjølve eingong, seier Hermansson.

Forskar er ikkje så imponert

Medan tilhengarane av Grej of the Day er begeistra, er professor Kirsti Klette ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking, Universitetet i Oslo, litt meir dempa.

– Det er eit opplegg med positive sider. Men at det er ein «wow»-effekt og revolusjonerande? Nei, seier ho.

Klette meiner dette er eit konsept som blandar meir tradisjonelle undervisningsmetodar med nye. Ho kunne godt tenke seg å sjå forsking på det.

– Dette er ein strategi for veldig faktuell kunnskap. Det hadde vore interessant å forske på kor mykje av den kunnskapen elevane hugsar over tid, seier ho.

Ho trur likevel det er positivt at programmet har så klare rammer, med eit hint på førehand og ikkje minst at elevane skal fortelje kva dei har lært.

– Eg trur systematisering er bra. Det er nesten noko rituelt, som barnehagen si samlingsstund. Det gir elevane moglegheit til å komme med sine forslag til grej, og definere innhaldet noko. Det er noko me ser i forskinga vår at dei ofte kjenner lite på, seier Klette.

– Er dette ein metode fleire skuleklassar bør bruke?

– Tja. Det er heilt ok i utgangspunktet, og greitt å bruke åtte-ti minuttar dagleg på. I den grad det finst einigheit om noko som gjeld undervisning, er det at variasjon er bra. Så ein må ikkje henge seg heilt opp i éin ting, men tenke bevisst rundt kva ulike metodar og arbeidsformer kan bidra til, seier Klette.

Middagssamtale kvar dag

Tilbake i Bergen har foreldra til borna på Bønes skole fått merke den nye undervisninga. Elevane får nemleg eksplisitt beskjed om å snakke om Grej of the Day heime.

– Dette er oppe kvar dag rundt middagsbordet. Til og med veslesyster i fyrste klasse heng med på grejene, seier Kine Forstrønen Dalen, som er mor til Emil i klassen til Julie Hole.

Ho seier både kameratane og resten av familien engasjerer seg sterkt om å finne ut av kva som er neste dags grej.

– Då må vi ned og hente globusen, og alle er veldig engasjerte. Me foreldra får leietråden i foreldregruppa på Facebook, og eg syns det har gjort mykje godt for miljøet at me har dette felles, seier Dalen.

Ho merkar også at Emil hugsar godt det han har lært om grejene.

– Det er jo allmennkunnskap, og det blir små drypp som gir knaggar å henge kunnskapen på seinare. Om dei til dømes ser noko om Australia på TV, kjem dei på den rosa innsjøen dei har lært om der, seier ho.

Favoritten er Marianegropa

Med sin grøne dress og glitrande joggesko fortel Bønes-lærar Julie Hole engasjert og gestikulerande om rosa delfinar i Amazonas. Noah André rekker opp handa og fortel om ein onkel som har møtt ein anakonda. Han får æra av å feste bilde frå Amazonas til tavla bak i klasserommet med ein raud tråd inn i kartet og midten av Sør-Amerika. Etterpå skal klassen teikna noko frå dagens leksjon.

– Det er ein frosk og ei drone, fortel Jakob Lien Teigland om teikninga si.

Eit av bilda i presentasjonen viste ei urfolkstamme som var teke høgt ovanfrå. Diskusjonen gjekk kjapt om det var ei drone involvert eller ikkje.

– Eg har også teikna drone! Og ein som er redd for den, fortel Halvor Holmevik Sandvik frå andre sida av bordet.

Fleire har valt å skrive ned fakta om dovendyret som berre bæsjar ein gong i veka. Andre nemner grøn lunge og merkelege dyr. Fleire i klassen har Marianegropa som favoritt-grej. Dei veit ikkje heilt kvifor. Den er litt mystisk, veldig djup. Og så går det jo faktisk an å reise dit.

Og leietråden til neste dag?

160 etasjar og verdas høgaste.

Powered by Labrador CMS