- Katastrofe for språkprogrammet

Oppslutnaden om engelsk går ned med 50 prosent blant andreåringane på studieførebuande program. Samtidig med at utdanningsreformen Kunnskapsløftet slår inn for andreåringane i vidaregåande skole stuper interessa for språkfaga i dette årskullet.

Publisert Sist oppdatert

Språkelevar er ikkje som andre elevar. Dei er få. Ved Drammen vidaregåande skole er dei fem i ei gruppe på i alt åtte andreåringar som har valt språkprogrammet. 3,7 prosent av andreårselevane på studieførebuande program i vidaregåande skole i Buskerud er språkprogramelevar.

Frå heile landet melder skolane om svært låg oppslutnad om språkprogrammet. Ifølgje Framandspråksenteret ved Høgskolen i Østfold går 5,8 prosent av andreklassingane på studieførebuande program på språkprogrammet, Utdanningsdirektoratet har fått jamt 6 prosent i sine teljingar.

Vil arbeide på engelsk
Dei fem i Drammen er samstemte om kvifor så få vel språkprogrammet: At språkfaga ikkje fører til dei best betalte jobbane er ei allmenn oppfatting.
Men å grunngi kvifor dei sjølve har valt annleis er vanskelegare:
– Eg har alltid fått høyre at eg er god i språk. Og mor mi ville eg skulle ta språkprogrammet, så eg kan tolke for ho på reise. For ho er heilt elendig i engelsk, seier Kai.

– Eg vil få privatisteksamen i morsmålet mitt, bosnisk, på vitnemålet, seier Yasmina.
Alle vil bli gode i engelsk. Og dei er svært merksame på at å vere god ikkje er det same som å forstå og gjere seg greitt forstått.

– Nei, det krevst meir om du skal arbeide på engelsk, seier Pernille. Det er den yrkesmessige bruken av engelsk som tiltrekk dei, berre Yasmina vurderer å gå meir inn for engelsk litteratur.

– Eg valde språkprogrammet mest for å få meir fransk. Men det fekk eg ikkje, seier Pernille. På grunn av den låge oppslutninga kan ikkje skolen stille alle dei gruppene elevane ønskjer seg.

På landsbasis har sju prosent av elevane på studiespesialisering valt eit ”andre framandspråk.” Dei fordeler seg med 1,2 prosent på tysk, 1,4 prosent på fransk, 3 prosent på spansk, 0,2 prosent på russisk, 1 prosent på italiensk, 0,2 prosent på kinesisk og 0,1 prosent på finsk, ifølgje Framandspråksenteret.

– Katastrofe
– Katastrofe, seier Astrid Vindenes, seksjonsleiar for språkfaga, ved Kongsberg vidaregåande skole. Skolen har ikkje språkprogram for andeåringane dette året. Ved skolane landet rundt seier lærarane det same som Vindenes og kallar oppslutninga katastrofal. Det kjem fram på nettstaden til Framandspråksenteret, og det stadfestar lærarar Utdanning har snakka med.

Ved Bodin skole i Bodø hadde berre tre elevar valt dette programmet. Det var ikkje nok til å setje i gong ei gruppe. Dei tre fekk tilbod om å flytte over til Bodø vidaregåande, men valde i staden å endre program og halde fram på Bodin.

Framandspråksenteret gjorde før skolestart eit overslag som tyder på at 38 prosent av dei som har søkt språkprogrammet risikerte ikkje å få. Er det under ti på kvar skole treng ikkje skolen setje i gong grupper.
I Nordland er Andøya, Sortland, Fauske, Sandnessjøen. Saltdal, Meløy, Moheia og Stokmarknes utan grupper i språkprogrammet.
I Telemark har i alt 53 elevar språkprogrammet, og fleire skolar har ikkje sett i gong program.

Kunnskapsløftet verkar inn
– Vi har registrert minkande interesse for språkfaga over fleire år, seier pedagogisk mellomleiar Siri Hunstadbråten ved Drammen vidaregåande. Men at nedgangen vart så merkbar ved skolestart i år blir forklart med at undervisningsreforma Kunnskapsløftet nå slår inn. Frå andre skoleår har elevane mindre høve til å velje fag fritt, men må velje innafor program.

– Vi såg i det gamle systemet at ungdommane gjerne valde svært breitt og kombinerte friskt frå ulike fagkrinsar. Men dei som nå vel språkprogrammet har svært lite å velje i, både samanlikna med tidlegare og med andre program, seier Siri Hunstadbråten.

Det same seier avdelingsleiar Katrine Kalvig ved Bodin skole i Bodø.
– Elevane kan velje eit tredje framandspråk, men det er lenge sidan det vart oppfatta som naturleg å ha tre språk. Antikkens språk og kultur skal i teorien vere eit valfag. Men svært få skolar kan tilby det, og vi må sjå det som eit fag for svært spesielt interesserte. Da står vi att med faget kultur og kommunikasjon som alternativet til reint språkfag, seier Kalvig.

– Kultur og kommunikasjon er eit fag med ein svært kort og diffus læreplan, seier studierektor Einar Hennum ved Drammen vidaregåande skole. Han meiner faget bør få ein sjanse, men innrømmer likevel at han er skeptisk til kva det kan bli: – Eg vil ikkje satse særleg mye av sparepengane mine på at dette faget skal redde oppslutnaden til språkprogrammet, seier han.

Leiar for Framandspråksentret Johanne Ostad seier det er svært opp til den enkelte læraren kva faget blir til.
– Ennå er det eit fag utan lærebøker. Mange lærarar opplever at det har lite definert innhald, sikkert morosamt for ein trygg lærar, men krevjande, seier ho.

– Så elevane risikerer å kjøpe katta i sekken?
– Vi får tilbakemeldingar om at enkelte elevar er ekstra forsiktige når dei ikkje ein gong kan bla i ein bok som skildrar faget.

– Ikkje viktig
– Det er som om elevane ikkje ser på språk som viktig, seier Siri Hunstadbråten ved Drammen vidaregåande.

– I tida avsett til eigenarbeid går dei i straumar til realfagslærarane for å tette faglege hol. Men til språklæraren kjem dei ikkje ubedt, enda hola i språkfaga kan vere store og avgjerande for prestasjonane. Det er som om alt ut over å forstå og gjere seg forstått på engelsk er unødvendig. Dei vil nok lære språk, men det trur dei at dei lærer det året dei planlegg å vere på reise i Sør-Afrika, seier den pedagogiske mellomleiaren.

– Har elevane med andre ord lært på skolen at det er i Sør-Amerika, ikkje i klasserommet, dei lærer spansk?
– I ungdomsskolen har idealet vore å undervise framandspråk som eit praktisk fag. Når eg underviser fransk i vidaregåande kan eg lett plukke ut kva for ungdomsskole og nesten kva for lærar elevane kjem frå, ut frå kva dei forstår om struktur i språket. I vidaregåande har også kommunikativ kompetanse vore eit viktig omgrep i språkundervisninga. Men du kan ikkje kommunisere utan struktur, og det har ikkje vore tabu å undervise i det, seier Siri Hunstadbråten.

– Er det av di språkundervisninga i ungdomsskolen har vore ulideleg keisamt at elevane skyr språkfaga så fort dei får høve til det, Johanne Ostad?
Leiar for Framandspråksenteret svarar slik:
– Språklærarane i ungdomsskolen fortel at timane i andre framandspråk har vore dei første som ryk når det skal vere møte eller tilstellingar ved skolen.

Generelt melder språklærarane at framandspråk har hatt låg status, og da må vi frykte det inntrykket har smitta over på elevane.
– Vi har og inntrykk av at krava elevane har møtt ofte har vore ganske diffuse. Det viktigaste har vore å kome gjennom boka, ikkje kva for forståing elevane har fått av struktur og omgrep i språket. Men det var nettopp dette vi hadde von om at Kunnskapsløftet skulle snu. Nå tel karakteren i 2. framandspråk ved opptak til vidaregåande. Det er og tydelegare at dei faktiske kunnskapane, ikkje gjennomgådde sider i boka, er målet for undervisninga, seier Ostad.

Ekstrapoeng for realfag
– Med Kunnskapsløftet får elevar som tar realfag ekstra poeng på vitnemålet. Styrker det interessa for språkfaga?
– Det ligg ikkje til vårt ansvarsområde å meine noe om det, seier Johanne Ostad.

Ved Drammen vidaregåande kan Siri Hunstadbråten referere til utrekningar utført på personalrommet som viser at tilleggspoenga gjer at ein elev som går ut med gode karakterar frå språkprogrammet likevel får eit lågare poengtal enn ein med middelmåtige karakterar frå realfagsprogrammet.

– Og elevane er svært strategiske i sine val, seier Katrine Kalvig ved Bodin skole.
– Det er klart vi i skolane har eit ansvar for å gjere språkfaga meir attraktive. Men vi klarer det ikkje utan at dei sentrale styremaktene samtidig kjem med tiltak, seier ho.

Ingen skolar Utdanning har vore i kontakt med meiner overtalige språklærarar er eit umiddelbart problem.
Utdanning spør rektor Tomm Svarstad ved Notodden vidaregåande skole korleis han vil råde
eit ungt menneske som planlegg å ta ein mastergrad i fransk for å kunne arbeide i skolen.
– Sett ut ifrå situasjonen i dag verkar det ikkje lurt. Men vi må jo få endra dette, seier rektor Svarstad.

Kuttar ut engelsk
Eitt år med engelsk på vidaregåande var nok. Det meinte tre av fire av elevane på studiespesialiserande program som nå har begynt på andre året i vidaregåande skole.

Nedgangen i oppslutnaden om engelsk har auka med femti prosent frå i fjor, ifølgje tal samla inn ved Framandspråksenteret ved Høgskolen i Østfold. 27 prosent av elevane på studiespesialiserande program held fram med engelsk etter første året på vidaregåande.

– Vi var ikkje budde på denne kraftige svikten for engelskfaget, seier Katrine Kalvig, avdelingsleiar for studiespesialiserande program ved Bodin skole i Bodø. Skolen har i alt 1050 elevar. I fjor fekk 60 andreklassingar på studiespesialisering undervisning i engelsk 5 timer i veka, 20 hadde engelsk 3 timar. I år har 22 elevar på studiespesialisering valt faget.

Ein grunn er at Bodin i år ikkje har språkleg fordjuping for andreåringane.
– Men samtidig vel elevar frå andre program engelsk i mye mindre grad enn før, konstaterer Katrine Kalvig.
Elevane kan velje fordjuping i eit fag utanfor sitt programområde, og før har langt fleire valt engelsk i kombinasjon med til dømes realfag.
I år har 23 prosent av elevane på realfag valt engelsk, viser landsomfattande tal frå Framandspråksentret.

Kalvik har ingen forklaring som ho sjølv meiner er fullgod på kvifor det er slik.
– Men ein grunn er nok at tretimarsfaget forsvann. Eg har inntrykk av at elevane er redde det vil bli for krevjande å velje fem timar fordjuping utanfor spesialiseringa, seier ho.

Samstundes er engelsk på yrkesfag frå dette skoleåret utvida med ein time. Difor er det ikkje noen fare for at lærarar ved skolen kan bli overtalige med det første.

– Kor mye engelsk kan elevar som sluttar med faget etter første klasse?
– Dei kan vere ganske flinke til å snakke om daglegdagse ting. Men dei aller fleste vil ha store problem med å skrive engelsk i profesjonelle samanhengar, og med å lese meir komplisert litteratur, seier Katrine Kalvik, og får støtte fra Johanne Ostad, leiar ved Framandspråksenteret ved Høgskolen i Østfold.

– Vi kan ikkje gå ut frå at dei som sluttar med engelsk etter eitt år på vidaregåande kan nok til å lese pensumlitteratur på engelsk ved universitet og høgskole, slår ho fast.
– Difor vil den låge oppslutninga om engelskfaget raskt kunne gi problem seinare i utdanninga, om dette held fram, seier ho, og minner om at pensum på engelsk er sentralt og også dominerande i svært mange fag i høgare utdanning.

– Men om elevane sluttar tidleg med engelsk, har dei også begynt tidleg. Har ikkje engelskundervisning frå første klasse gitt resultat?
– Tidleg engelskundervisning gir sjølvtillit til å bruke språket munnleg på reise og i daglegdagse situasjonar. Men den som skal arbeide intellektuelt med engelsk tekst må øve seg på å lese, og lese kompliserte tekster.

– Sjølvtilliten hos elevane er stor når det gjeld engelsk. Men i røynda er kunnskapen svært grunn. Kulturkunnskap knytt til språket manglar òg ofte, stadfestar Astrid Vindenes, seksjonsleiar for språkfaga ved Kongsberg vidaregåande skole. Skolen hadde ikkje søkjarar nok til å starte opp språkprogrammet i haust. Likevel vil dei ha to grupper med engelsk i andre klassetrinn på studiespesialisering. Omtrent halvparten av kullet har fordjuping i engelsk.

Ved Notodden vidaregåande skole har ingen andreårselevar på studiespesialisering valt språkprogrammet. 17 av dei 60 andreårselevane med studiespesialisering har likevel valt engelsk. Rektor Tomm Svarstad kallar ikkje dette ei svekking av engelskfaget.

– Vi har også god interesse for tysk. Kanskje det kjem av at vi har studieturar til både England og Tyskland. Dei er populære, reflekterer Tomm Svarstad.

– Noe må gjerast
– Slik kan vi ikkje ha det. Språkfaga må få ein større plass, slår statssekretær Lisbet Rugtvedt i Kunnskapsdepartementet fast.

På spørsmål om kva som må gjerast, er ho mindre kontant.
– Men vi kjem med ei melding om språkfaga i vidaregåande skole nå i haust, seier Rugtvedt.

– Fleire lærarar peikar på at ekstrapoenga for realfag truleg har lokka mange elevar dit?
– Det var jo også meininga. Da er tanken nær at blant det vi bør vurdere er å gjere noe liknande for språkfaga.

– Aftenposten har i sommar hatt ein diskusjon om den triste stoda for estetiske fag. Med ekstrapoeng både til språk og matematikk blir det ikkje lettare for dei som blir att?
– Vi innførte ekstrapoenga for realfag etter ein debatt der vi var svært medvitne om at når vi gav fordelar til noe ville det få konsekvensar for noe anna. Tilleggspoeng til alle gir ingen effekt.

– Tyder det at så mange elevar sluttar med framandspråk så fort dei kan at dei har mislikt seg sterkt i språkundervisninga på ungdomsskolen? Kva kan ein i så fall gjere?
– Vi har alt gitt andre framandspråk i ungdomsskolen ein høgare status enn det hadde tidlegare, det bør få effekt på kor viktig elevane oppfattar at faget er. Men eg trur dessutan at å møte språket der det naturleg blir snakka er avgjerande for kor inspirerande det er å lære eit språk. Difor er det viktig å få til både elevturar og lærarutveksling.

– Halve tida er snart brukt opp for det fireårige satsingsområde ”Språk opnar dører. ”Det skulle gjere framandspråk meir attraktivt i ungdomsskolen Kva kan vi seie om effekten så langt?
– Det vi har sett til nå tyder ikkje på noen effekt ennå. Men det var vel heller ikkje å vente, slike effektar må vi måle meir langsiktig.

Engelsk – ikkje så lett som vi trur:
Kreativ språkbruk frå nordmenn, sitert etter boka ”Broken english spoken perfectly” av Steward Clark

Ladies are requested not to have children in the bar.
Skilt i cocktailbar i Noreg.

I tried to screw the ball in the goal.
Norsk kvinneleg fotballspelar på amerikansk tv.

I am in the beginning of my period.
Nyutnemnd kvinneleg statsråd på besøk i Brussel

This microphone smells each time I speak.
Norsk talar på internasjonal konferanse

Powered by Labrador CMS