
Det tok 24 år før Bente våga å uttrykke kven ho er. Ho er redd det er på veg til å bli like tøft for dagens unge.
– Heis regnbogeflagget på skulen. Det kan bety så mykje, seier utdanningsleiar Bente Holm.
– Eg ser mange elevar som opplever det utrygt å stå fram som skeiv. Hatkommentarar blir ytra elevar imellom, og «homo» er eit vanleg skjellsord i norske skulegardar, seier Bente Holm (46), utdanningsleiar ved Malakoff videregående skole i Moss.
Det hender også at elevar nektar å ta del i markeringa av mangfaldsdagar og Pride, legg ho til.
Men utryggleiken handlar ikkje berre om det som skjer på skulen:
– Dette siste par åra har debatten koka, særleg i månadene før Pride. Konfrontasjonane er så harde! Vaksne menneske uttrykker seg aggressivt både i kommentarfelt og i det verkelege livet. Dette påverkar også barn og unge.
Held sjeldan kona si hand på gata
I år gjekk KrF på landsmøtet sitt – etter eit forslag frå KrFU – inn for at offentlege skular berre skal ha lov til å flagge med norske, samiske og kvenske flagg. Det har skapt sterke reaksjonar.

Etterpå har fleire milliardærar gått ut med tilbod om gratis Pride-flagg til norske skular.
– Sjølv har eg ikkje vore ein som står på barrikadane for skeive si sak. Eg har vore opptatt av ikkje å støyte nokon, og eg har tenkt at det er greitt at nokon ikkje liker måten eg lever livet mitt på. Kona mi og eg held kvarandre sjeldan i handa når vi er ute blant folk, seier Holm.
Men opplevinga av ein aukande utryggleik har gjort inntrykk på henne. Samtidig har ho blitt meir bevisst på at ho kan påverke. Ho er no ofte ute og held foredrag om temaet på skular, i kommunar og i helseverksemder.
Måtte ta utdanning på nytt
Sjølv kjende ho heilt frå barndomen at ho var annleis. Ho kledde seg som ein gut, oppførte seg som ein gut og likte jenter. Likevel er dagbøkene hennar fulle av gutenamn som ho let som om ho var forelska i.
Som 23-åring vart ho skikkeleg forelska. Då møtte ho kvinna som i dag er kona hennar. Saman har dei no fire barn.
Den gongen skjulte dei forholdet sitt i eitt år før Holm fortalde sanninga til arbeidsgjevaren sin. Ho var då kateket i Den norske kyrkja. Svaret ho fekk, var at Noreg ikkje var klar for henne. Då tok ho ei ny utdanning og vart lærar.


Harde frontar skaper utryggleik
– Skulen har fått meg til å føle meg heil og verdig. Eg har møtt kvar arbeidsdag med senka skuldrar, heilt til flaggdebatten kom for fullt i fjor, seier ho.
I den debatten opplever ho at ho som enkeltmenneske blir gjort til ei sak som kven som helst kan meine noko om.
Skuldingane kan vere både krasse og trugande.
– Før ville eg ikkje vise kjenslene mine offentleg fordi eg var redd for å støyte nokon. No er eg redd for å bli slått ned.
Ho er i dag trygg på identiteten sin, men viss ho ser nokon ho er usikker på, hender det at ho tar av seg regnbogearmbandet ho har på armen.
– Skulen må ikkje vike unna
At mange unge skeive har det tøft, er ho ikkje i tvil om. Det har også blitt slått fast av studiar: For eksempel slit unge som ikkje er heterofile meir med einsemd og psykiske plagar enn andre, ifølgje undersøkinga Ungdata.
– Skeive har i dag eit godt vern av lova. Når hatet likevel veks fram og mange unge ikkje tør å vere opne, har skulen eit ansvar, seier Holm.
Opplæringslova slår fast at skulemiljøet skal vere inkluderande, trygt og godt for alle elevar, påpeikar ho. Det har òg direktøren i Utdanningsdirektoratet, Morten Rosenkvist, slått fast etter Pride-diskusjonane dei siste vekene.
– Eit godt skulemiljø skal fremje helse, glede, trivsel og læring. Då må vi la barn og unge få bli kjende med ulike måtar å vere menneske på. Slik vil dei bli meir opne, respektfulle og inkluderande, seier Bente Holm.

Målet må vere at alle elevar får vere heile menneske, utan å måtte forsvare seg, meiner ho.
– Her må ikkje skulen vike unna.
Stoppar undervisinga
Når Bente Holm høyrer ordet «homo» bli brukt i klasserommet, stoppar ho undervisinga med det same.
– Det første eg seier, er nesten alltid: «Kva sa du?» Så snakkar eg med elevane, utan å henge ut nokon, om kvifor dei ikkje skal bruke ordet på den måten: at det kan gå ut over andre i klasserommet og få dei til å kjenne seg mindre verdt.
Ho brukar alle sjansar ho har til å snakke om identitet, normer, forventningar og roller.
– Eg vil ikkje diskutere og argumentere. Eg trur meir på å lytte til elevane, men samtidig utfordre dei på kvar haldningar og eventuelle fordommar kjem frå. Ofte opplever eg at unge har liten kunnskap om kva det vil seie å vere skeiv og kva Pride er.
Kan det bli for mykje Pride?
Ifølgje ei Norstat-undersøking presentert i 2024 meiner nesten halvparten av nordmenn at det har blitt «for mykje Pride». Og 13. mai i år foreslo avisa Klassekampen på leiarplass å avgrense Pride-flagginga til éin dag.
– Eg trur at det er mediedebatten som gjer at det kan opplevast som mykje. Men eg har ikkje trua på å avgrense dette til éin dag, seier Holm.
Ho påpeikar at haldningsskapande arbeid skjer, og skal skje, heile tida – på alle felt der det trengst.
Sjølve markeringa av skeive sine rettar må den enkelte skule eller kommune sjølv få råde over, meiner ho.

– Oslo Pride er i juni, men det betyr ikkje at heile landet må markere dette på same tid. Kanskje Lillehammer kan velje seg ei veke om vinteren, og heimbygda mi Modum ei veke i august? Med mindre kvar markering blir hausa opp i media, trur eg at ei slik ordning kunne fungert bra.
Fekk aldri høyre at ho var normal
Sjølv skulle ho ønske at nokon på skulen hadde sett henne då ho var ung og fortalt henne at «du er normal». Det skjedde ikkje.
– Derfor kraup eg godt inn i skapet og tok ei motsett haldning. Lenge proklamerte eg tydeleg at det å vere homofil, var feil.
I Pride-månaden juni kjem regnbogeflagget til å svaie i vinden på Malakoff videregående skole.
For Bente Holm betyr dette éin ting:
– Det betyr at det er plass til meg her.