Annonse
Debatt

Fredrik Hope, leiar av Norsk Målungdom. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Bruk pengar på sidemålsforsøk som fungerer

Utdanningsdirektoratet har brukt store summar på eit forsøk der elevane på 184 vidaregåande skular og 25 ungdomsskular ikkje har fått halvårskarakter i sidemål.

Del side


Annonse

Utdanningsnytt på Facebook!

Etter fire år ser me at kompetansen i nynorsk og bokmål ikkje har vorte betre, og at elevane vil ha halvårskarakteren. Dei som vil kutta sidemålskarakteren, har ei endå dårlegare sak etter dette forsøket, og det finst ikkje eit einaste argument i rapporten for å fjerne standpunktkarakteren i sidemål. Kanskje direktoratet skulle brukt pengane på tiltak som faktisk gjev bokmålselevane betre nynorskkompetanse? 

 

I dag har norske elevar tre karakterar i norskfaget, ein i norsk sidemål, ein i norsk hovudmål og ein i norsk munnleg. Grunnen til at me har denne ordninga er at me har to norske skriftspråk, nynorsk og bokmål. I staden for at me splittar landet opp i nynorsk- og bokmålsområde, der folk berre lærer det eine språket, vel me at alle skal læra begge språka. Målet er at det skal vera like lett å vera nynorskbrukar som bokmålsbrukar i Noreg, og at alle skal få fordelane ved å læra begge språka.

 

Nyleg kom Sluttrapport fra evaluering av forsøk med halvårsvurdering med én eller to karakterer i norsk.  Forsøket med å kutta halvårskarakterane i norsk  var eit kompromiss etter førre gong dei endra læreplanene, og resultatet syner at forsøket ikkje har hatt nokon positiv effekt på elevane sin språkkompetanse. Det er ingen skilnad i standpunktkarakter mellom skular som har droppa halvårskarakteren og dei skulane som har halda på halvårskarakteren. Elevane som er del av forsøket lærer ikkje nynorsk og bokmål betre, og forsøket var ein flopp. 

 

Elevane vil ha halvårskarakterar – dei opplever at det er den beste måten å få attendemeldingar på. Ein av dei tydelegaste konklusjonane i rapporten er at elevane ikkje oppfattar dei skriftlege og munnlege vurderingane dei fekk i staden for karakteren som nettopp vurderingar. Dette såg dei på som berre respons – og mange freista å tippa seg fram til kva karakter dei eigentleg skulle ha. Mange elevar opplever at dei ikkje visste korleis dei ligg an, medan lærarane meinte at dei gav vel so gode vurderingar som før. Elevane og lærarane ikkje snakka same vurderingsspråket. For Norsk Målungdom er det ikkje noko poeng i seg sjølv å ha halvårskarakterar i sidemål, men om det fører til at elevane kjenner seg tryggare på korleis dei ligg an kan me ikkje kutta ut halvårskarakteren. Skal me fyrst ha karakterar i norsk skule, er det meiningslaust å kutta ut ein karakter utan at elevane og lærarane har ein ny vurderingsmåte dei begge forstår fullt ut.

 

Nynorsk får ofte skulda for alt som er gale i norsk skule, medan det eigentleg er måten me organiserer skulesystemet på, som er syndaren. Mange skular krev lærarane å ha tre til fire prøver med karakterar før dei kan setja halvårskarakteren. Det fører til mykje førebuing til prøver og retting i ettertid for lærarane, og på mange skular som har vore med i forsøket, har dei kutta ned på talet prøver. Den einaste tydeleg positive sida ved forsøket er at lærarane opplever at dei har fått meir tid, fordi dei ikkje treng ha so mange prøver lenger. Skulane kan fjerna dei unødvendige prøvene uavhengig av om det er halvårskarakterar i sidemål. Det er ikkje nasjonale krav som tvinger skulane til å ha so mange prøver for å setja halvårskarakterar, det vel dei sjølve. Her må skulane gå i seg sjølv, kutta ned på prøvetalet og slutta å skulda på sidemålskarakteren.

 

Bokmålselevane fortenar ei betre sidemålsundervising enn den dei får i dag. Nynorskelevane badar i bokmål kvar einaste dag, og lærer difor sidemålet sitt skikkeleg. Bokmålselevane ser for lite nynorsk rundt seg til å lære sidemålet sitt so lett. Det er difor urettferdig at dei ikkje får betre undervising i nynorsk på skulen. Me har mange tiltak som me veit fungerer. All språkforsking syner at me lærer språk betre om me startar tidleg. Dei skulane der bokmålselevane startar tidleg med nynorsk på barneskulen lærer dei  språket betre enn dei som startar med det fyrst i 8.klasse. Me veit at det er lettare å lære språk om du vert eksponert for det i mange samanhengar. Difor er det lettare for bokmålselevar å verta flinke i nynorsk om dei får sjå sidemålet sitt i andre fag enn norsk. På Holmlia i Oslo hadde dei KRLE-bøker på nynorsk, og elevane vart oppmoda til å bruke nynorsk i dette faget. Det er slike tiltak som fungerer, det er slik me gjer sidemålsundervisinga betre og gjev bokmålselevane kompetansen dei har krav på. Det er dette er Utdanningsdirektoratet bør bruke pengar på. 

_____________________

 

Hei!

Kommentering av artikler er ikke tillatt mellom midnatt og 06:00.
Velkommen tilbake!

 

_________________________