Er Høgre eit parti så låst i si eiga verd at dei ikkje ser den krisa politikken deira fører til? Kva gjer utdanningsminister Jan Tore Sanner med dette, skriv Magne Reigstad og Jon Arvid Haugen. Arkivfoto: Utdanning

Høgre styrer mot krise i skolen

Noreg manglar kvalifiserte lærarar. I 2020 vil vi mangle over 20.000 lærarar i landet, og i Nord-Noreg vil vi mangle vel 4000. Dette er ei varsla krise. Kva gjer regjeringa med det?

Når stadig fleire barn møter assistentar og ufaglærde, der dei skulle møtt utdanna lærarar, er dette eit alvorleg svik mot elevar, foreldre og samfunnet. Likevel held Høgre fram med å snakke om «høge forventningar til skolen» og at lærar er eit av dei viktigaste yrka i landet, som utdanningsministeren sa i Dagsrevyen for nokre dagar sidan.. Så skulle ein tru at alle krefter blei sette inn for å få fleire lærarar. Men så enkel er ikkje verda.

Stortingsfleirtalet har vedteke at ein må ha karakteren 4 i norsk og matematikk for å starta på lærarutdanninga. Tanken er visst at med dette grepet skal Noreg få betre lærarar. Men paradokset er at stortingsvedtaket fører til at færre blir lærarar og lærarmangelen og bruken av ukvalifiserte lærarar aukar. Mange unge blir avviste frå lærarutdanninga sjølv om dei har både 5 og 6 i andre fag og høgt karaktergjennomsnitt. Karakterkravet med fokus på enkeltfag har gjort at færre startar på lærarutdanninga og mange studieplassar står ledige der. Særleg ille råka er lærarutdanninga for 1.-7.trinn. Når konsekvensen blir slik, då må politikarane justera krava sine.

Det er godt at AP no går bort frå kravet om karakteren 4 i norsk og matematikk frå vg. skole. Dette handlar om å realitetsorienterer seg i forhold til det å få utdanna fleire lærarar, og det er ikkje å vingla, slik nokre hånleg har sagt. Det er å ta til vett.

Dagbladet skriv på leiarplass 8.2.18 at nesten 1,5 millionar skoletimar blir underviste av ufaglærte, og at 1 av 5 lærarar i vidaregåande er utan godkjend utdanning. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at i dette skoleåret var det 3795 lærarar utan godkjend utdanning i grunnskolen. Til og med Oslo manglar 376 kvalifiserte grunnskolelærarar.

Regjeringa ser ikkje ut til å ville ta slike fakta inn over seg. Den held fram med sitt «klippe, klippe» og flosklar om forventningar om høg kvalitet i skolen. Men sanninga er at medan regjeringa er opptatt av sine «høge forventningar», må mange føresette sende ungane på skolar som manglar kvalifiserte lærarar.

Det er regjeringa sitt ansvar at stadig fleire elevar blir underviste av assistentar og ufaglærde, og at stadig fleire vil bli det. Regjeringa sitt svar er å halda fast ved det dei meiner er kvalitetskrav for å kunna bli lærar, og «avskilting» av lærarar med lang og solid erfaring. Lærarar står i kø for å få vidareutdanning, men å vidareutdanne innpå 30 tusen lærarar, vil sjølvsagt føre til ein straum av ufaglærte vikarar i fleire år framover.

Korleis er det med Regjeringa si haldning til at ufaglærde står for meir og meir av det som skjer i klasserommet? Skal vi ikkje stilla kvalitetskrav her?

Er Høgre eit parti så låst i si eiga verd at dei ikkje ser den krisa politikken deira fører til? Kva gjer utdanningsminister Jan Tore Sanner med dette?

 

  • Magne Reigstad er pensjonert lærar
  • Jon Arvid Haugen er kontaktperson vgo, Utdanningsforbundet Troms
Powered by Labrador CMS