Vil vurdere pensjonistkontingenten

Reaksjonane på pensjonistkontingenten skal tas på alvor. Utdanningsforbundet vil vurdere saka fram mot landsmøtet i 2003, skriv Helga Hjetland i dette debattinnlegget.

Arne Ludvigsen og Jostein Djupvik har i dag eit innlegg under overskrifta "Smålig med pensjonistkontingent" der dei ber om at ordninga med kontingent for pensjonistar vert teken opp til fornya vurdering. Vi har motteke fleire brev og reaksjonar på det same etter at stiftingskongressen vedtok dette.
 
Kontingenten var omstridt, men eit klårt fleirtal røysta for. Vedtaket har ei prinsipiell grunngjeving. Styringsgruppa som førebudde samlinga av Norsk Lærarlag og Lærarforbundet, valde å leggje til grunn eit prinsipp om at alle medlemmer med fulle medlemsrettar skulle betale kontingent. Sjølv om kontingenten er liten, er det kanskje prinsippet og endringa pensjonistane reagerer på.
 
Utdanningsforbundet har som ambisjon å vere eit forbund der også pensjonistane har ein naturleg plass. Dei er ein viktig ressurs for Utdanningsforbundet i kraft av sine kunnskapar og si lange erfaring. Vi vil ta reaksjonane på alvor og vurdere saka fram mot landsmøtet i 2003.
  

Powered by Labrador CMS