Agnes Ravatn: – Å bli forfattar var urealistisk
– Frå eg var seks-sju år, drøymde eg om å bli forfattar, men eg såg på det som urealistisk, seier Agnes Ravatn. Det måtte ein norsklærar til før ho torde å tenke så stort.
Utdanning svingar inn på ein grusveg i Valevåg i Hordaland. Parkerer inntil eit raudt reiskapshus. På andre sida av vegen står eit kvitmåla hus frå slutten av 1800-talet. På trappa ein 32 år gammal forfattar. Agnes Ravatn vinkar med armane. Me går den hellelagde gangen til huset, forbi eit tuntre. Ho ynskjer oss velkomne og finn fram tøflar og strikkesokkar til oss.
– Vil de ha vanleg kaffi eller espresso? spør ho.
– De vil vel ha litt mat og, eg har noko knekkebrød, seier ho medan kaffien jobbar seg gjennom maskina. I andre etasje høyrer me det romsterer, sambuaren Håvard har permisjon frå stortings-administrasjonen for å ta seg av vesle Jostein på ni månader. Det er sambuaren sine besteforeldre som har drive gard på plassen.
– Me flytte hit i august, var nysgjerrige på om det var interessant å bu her, seier Ravatn.
Planen var å vera der til jul, men dei trivs så godt at det ser ut til at dei blir verande.
– Eg har ikkje sakna Oslo. Eg har naturen rett utfor døra, og når du har ein baby, er det praktisk og kjekt å ha familien i nærleiken, seier Agnes Ravatn, som har svigerforeldre på Stord og foreldra i heimbygda Ølen.
Ho synes det er godt å ha forlag, kritikarar og bokhandlarar på avstand, alt som kan forstyrre skriveprosessen.
– Eg føler meg veldig i harmoni her, seier ho, og set fram kvite porselenskoppar med gullkant.
Me sit rundt eit gammalt stovebord i mørk eik. Rommet er lyst. På den eine sida ser me ut på eit jorde. I vindaugskarmen står eit fotografi av komponist Fartein Valen, som var frå Valevåg. Gjennom kjøkenvindauget skimtar me heimgarden til forfattar og lyrikar Einar Økland, som ho skriv bok om.
– Det er ei samtalebok om livet hans nå, kva han tenker om ulike tema, seier forfattaren, som understrekar at det ikkje er ein biografi.
Planen var at boka skulle kome ut til 75-årsdagen hans i år. Slik blir det ikkje.
– Han er ei uuttømmeleg kjelde. Utfordringa er å avgrense seg.
Agnes Ravatn har skrivestove i andre etasje. Ho startar på ein ny roman kvar dag, som ho forkastar den neste. Ho veit aldri korleis bøkene skal ende.
– Skrivinga mi blir driven av nysgjerrigheit, om kva som skjer rundt neste sving.
Slik var det og med «Fugletribunalet». Ho trudde det skulle bli ei humorbok, men boka tok ei uventa retning.
– Då gjeld det å ikkje stagge den utviklinga, men prøve å hengje med, seier forfattaren, som sjølv lurte på kva ein av karakterane i boka, Sigurd Bagge, dreiv med på arbeidsrommet.
Agnes, rundt eitt år gammal, saman med mora Guri Ravatn. Foto: Privat
Ho er kjend med Utdanning, ho las ein av forgjengarane, Norsk Skoleblad, frå ho var lita. Mora Guri Ravatn var lærar på barneskulen i Ølen. Me ringer henne.
– Korleis vil du beskrive Agnes som barn?
– Ho var som alle andre.
Det blir ein pause.
– Eg hadde kjensla av å forvalte noko litt større enn vanleg.
Guri Ravatn fortel at dottera var evnerik innanfor musikk og teikning. Då ho var fem år gammal, begynte ho på kulturskulen. Der spela ho fiolin og piano, seinare gitar.
– Ho hadde ei trong til å uttrykke seg gjennom teikning, seier mora, som hadde sett for seg ein bildekunstnar framfor ein forfattar.
– Eg hadde heilt klart eit teikne- og måletalent. Med teikning kom eg aldri lenger enn å kopiere. Det gjeld ikkje skrivinga. Der kjem det av seg sjølv, ein stemme som er min. Intuitiv, spontan og original, seier Agnes.
I vindauget står to akvarellar Agnes Ravatn har måla i haust, ein raudstrupe og ein gjerdesmett ho såg i hekken. Dei ser nesten ut som fotografi. Planen er å teikne alle fuglane i området.
Ho forklarar at ho kjem inn i ein flyt når ho teiknar og målar. Ei kjensle ho kvar dag prøver å mane fram gjennom teikning, måling og gitarspel.
– Skriving er tankearbeid. Å male og spele gjer at ein forsvinn litt, blir kvitt stress. Det er avspenning – meditasjon.
Ho passar alltid på å ikkje ha for mykje å gjera.
– Då blir eg ulykkeleg.
Ho finn òg ei form for meditasjon i skrivinga. Ho skriv for hand.
– Det er veldig konkret og godt, og det gjer at eg ikkje går inn på internett og surrar vekk arbeidsdagen.
Ho fortel at ho har fått ei dragning mot noko konkret, som skriving og å jobbe i naturen. Luke og rydde. Ikkje ulikt hovudkarakteren Allis Hagtorn i «Fugletribunalet», som rømmer frå hovudstaden til ei bygd i Norge for å jobbe som gartnar og hushjelp hos Bagge. Ho innrømmer at boka var starten på flytteprosessen.
– Hagearbeid er godt for hovudet og tanken. Det kan tårne seg opp her òg.
– På kva måte?
– Kva ein skal ha til middag, nå grin Jostein og det kjem uventa besøk. Du må alltid passe på å ha noko i frysaren. Her inviterer naboane på kaffi.
– Det var eit kultursjokk. Ringde det på døra i Oslo, lurte du på om det var namsmannen.
I haust laga ho sine første kaker, og meiner det er meditasjon i å bake òg.
Familieorkesteret Ravatn ein gong i 1992. Agnes (8), bror Håvard (11), mor Guri og far Kjell. Foto: Privat
Agnes Ravatn har begynt å sjå omgivnadene på ein ny måte. Ho er opptatt av om trea er osp eller or. Ho ser på beitande sauer og kyr i staden for TV. Facebook har ho logga av for lengst. Ifølgje venninna Hanna Helseth har ho lang responstid på sms.
– Du må legge inn slingringsmonn, seier venninna, og ler i andre enden av røyret.
Ho beskriv ein ven som både er morosam og til å stole på.
«Humor og alvor er gjensidig forsterkande»
At Agnes Ravatn er morosam, kan redaktøren hennar på Samlaget, Kjersti Instefjord, bekrefte.
– I arbeidet med «Stillstand» måtte eg lukke døra til kontoret mitt. Eg lo så høgt.
– Kva er det som gjer tekstane hennar så morosame?
– Ho treff ei nerve, skriv mykje om si eiga skamkjensle og går så djupt inn at det blir kjent for andre. Ho treff noko allmenngyldig i dei emna ho behandlar.
– Eg prøver ikkje veldig hardt å vera morosam når eg skriv. Eg trur humor er ein måte å sjå verda på, ein måte å tolke på. Det heiter skråblikk. I «Stillstand» er det vanlege keisame ting eg ser på ein annan måte, forklarar Agnes Ravatn, som blir skildra som ein god observatør.
Boka er ei samling essay ho hadde på trykk i Dag og Tid, kor forfattaren oppsøkte plassar i Norge der det ikkje skjedde noko.
Ho blir òg karakterisera som skarp, sarkastisk og uredd i møte med verda.
– Samtidig er ho ein veldig varm og snill person. Det ligg ein varme for menneskeleg sårleik i tekstane hennar, seier Helseth.
– Eg stikk hol på det som er pompøst og falskt. Ironi er eit vern mot det tomme «føleriet», seier ho og forsvinn ut på badet for å gjera seg klar til fotografering.
Det er stille i huset. Berre vaskemaskinen i naborommet som durar. Døra sprett opp att. Ravatn stikk hovudet inn.
– Humor og alvor er gjensidig forsterkande, seier ho, og forsvinn att.
I august flytta Agnes Ravatn frå Oslo til Valevåg, bort frå forlag, kritikarane og bokhandlarane. Foto: Lise-Marte Vikse Kallåk
I stova står to gamle gyngestolar med saueskinn. På golvet ei leikematte og einleikekasse. Inntil den eine veggen ei bokhylle og ein gitar.
Agnes Ravatn hadde òg ein draum om å bli gitarist, men inst inne visste ho at det var forfattar ho ville bli. Som lita blei ho lest for, og ho las sjølv i seks-sju-årsalderen barnebøker og «En glad gut» av Bjørnstjerne Bjørnson. I tillegg til Bokklubbens brosjyrar.
– Eg sa eg ville bli forfattar, seier ho, og pirkar med naglen på enden av bordplata.
– Eg visste om Dag Solstad og Jan Kjærstad åtte år gammal, kva forlag dei var på. Kven bryr seg om det då?
– Kva har skulen betydd?
– Gjennom heile skulegangen har eg vore velsigna med veldig gode norsklærarar.
Ho hugsar godt den dagen norsklæraren på barneskulen viste eit bilde og sa at dei skulle lage ei historie til det.
– Eg skreiv ein 20 siders galimatias-historie i pur begeistring.
Ho fortel at ho fekk positiv respons på alt som hadde med skriving å gjera. Ho blei likevel litt snurt i 6. klasse, då læraren sa at ho ikkje trong å vera så fantasifull. Og stolt då læraren i ungdomsskulen sende inn ein av tekstane hennar til ein skrivekonkurranse og han kom med i boka «Grøsserne».
– Den slags godkjenning var veldig viktig, seier ho, og fortel at ho alltid har hatt sterke norsklærarar.
«Læraren må få elevane til å skjøne at litteratur handlar om deira liv og kan vera livsendrande»
Ho nemner Liv Marit Økland, kona til Einar Økland.
– Ho var eit råskinn, ein entusiast.
– Kva gjorde norsklærarane inspirerande?
– Du blei sett, oppmuntra. Dei var tydelege på at dette var bra, men òg på kva som kunne bli betre. Dei var konstruktive og fortalde meg om bøker eg kunne ha glede av.
3. året på teikning, form og farge hadde ho Kari Lønning Aarø, mor til forfattaren Selma Lønning Aarø, til lærar.
– Ho fekk heile klassen til å like norskfaget. Ho fekk oss til å forstå kor spennande, drygt, pikant og humoristisk Ibsens «Gjengangere» var.
Ravatn fortel om elevar av Lønning Aarø som valde å bli sjukepleiarar etter å ha lese «Fuglane» av Tarjei Vesaas.
– Læraren må få elevane til å skjøne at litteratur handlar om deira liv og kan vera livsendrande. Å få fram det krev at læraren har formidlingsevne og eit brennande engasjement for faget. Eg òg antok at Ibsen var keisam. Eg oppdaga han gjennom læraren.
32-åringen hugsar sommaren ho var ferdig med vidaregåande. Ravatn var på besøk hos Kari Lønning Aarø.
– Ho spurte kva eg hadde tenkt å gjera.
Agnes svarte at ho drøymde om å bli gitarist, kanskje begynne på forming, eller bli norsklektor slik som henne.
Då svarte norsklæraren: «Men du vett jo at du skal bli forfattar!»
– Det blei skjelsettande for meg. Kari blei veldig viktig for at eg torde å tenke så stort.
-
Dette er et portrett som først var publisert i Utdanning nr. 20-2015.
-
Hele utgaven leser du elektronisk her