Slutt på varig dispensasjon frå utdanningskravet for barnehagelærere

Ingen som arbeider som pedagog i barnehage vil frå nå av få varig dispensasjon frå kravet om barnehagelærarutdanning. Det vedtok Stortinget i dag.

Publisert

Stortinget vedtok samstundes at det skal vurderast å lovfeste at femti prosent av dei tilsette i barnehagane skal vere pedagogar. Denne vurderinga skal gjerast når den alt vedtekne bemanningsnorma blir innført. Dette vil skje seinast i 2020.

Dei to regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet stemte mot forslaga, men alle dei andre stortingspartia stemte for.

Det var SV som hadde reist saka.

– Vi nærmar oss eit kvalitetsforlik for barnehage, sa ein nøgd Torgeir Knag Fylkesnes (SV) frå Troms til Utdanning etter avstemminga.

– Er du nøgd med at kravet om femti prosent pedagogar berre skal vurderast, og det først om fem år?

– Nei, men Stortinget har med dette gitt eit sterkt signal om kva vi forventar. Eit viktig argument i debatten var at talet på personar med barnehagelærarutdanning nå er så høgt at dette er realistisk å gjennomføre. Og til og med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen gjekk i debatten svært langt i å antyde at innføringa av ny bemanningsnorm bør skje før 2020. Så det er god grunn til å tru at dette blir realitet om ikkje så altfor lenge. I SV-gruppa skal vi nå feire med kake, seier Torgeir Knag Fylkesnes.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at i fjor var det 10 prosent av styrarane og dei pedagogiske leiarane i barnehagane som ikkje har barnehagelærarutdanning.

Powered by Labrador CMS