– Det er spennande å sjå korleis laksen lever og middagen blir til, seier Tonette Gabrielsen. Ho forsikrar at ho likar både laks og annan fisk til middag. Venninna hennar Christiane Karlsen seier seg derimot meir skeptisk til fiskemiddag.

Oppdrettsnæringa tilbyr ungdomsskuleelevar ein heil dag med fordjuping og oppleving

Ein gratis lunsj med laks høyrer med. Men får dei unge servert heile sanninga om landets nest største eksportnæring?

Publisert

Eit slør av skoddeskyer har nyleg trekt seg til sides, slik at den snøggåande farkosten kan gli lynraskt over den svakt bølgjande havflata, som speglar sola frå nærast skyfri himmel. Ramma er den aller beste for dei 30 elevane i 9. klasse ved Danielsens ungdomsskule på Karmøy, som vier dagen til havbruksnæringa.

RIB-båten (rigid-inflatable boat, eller på norsk: stiv oppblåsbar båt), med 300 hestekrefter fordelte på to utanbordsmotorar, tar med seg ti elevar om gongen til oppdrettsanlegget i havgapet. Elevane får høve til å forlata snøggbåten og tek seg over til den 140 meter lange flytande gangvegen, som går rundt heile den sirkelforma laksemerden. Nede i sjøen, under gangvegen, heng ein diger 25 meter djup notpose, som skal hindra laksen frå å rømme.

I merden kan elevane sjå laksen som sprett og dei små lusejegerane, som rognkjeks og berggylt, symjande omkring på jakt etter oppdrettsnæringas største plageånd, lakselusa. Midt i merden stikk det opp eit periskopliknande røyr med knekk på. Ut frå røyret, som roterer, blir det med jamne mellomrom kasta ut bitar av fôr til laksen. Regulering av mengd med fôr som blir sleppt ut, kan styrast via kamera og dataskjermar med tilhøyrande styrespake på basen inne på land.

Korleis middagen blir til

Den snøggåande RIB-båten tar med seg ti elevar om gongen ut til oppdrettsanlegget i havgapet. Båtførar Jan Inge Thoresen informerer 9.-klassingane før dei får koma om bord på laksemerden.

Sjefen for Røvær Fjordbruk, Alf Harald Thorsen, kan fortelja at i denne merden er det 150.000 laks som skal slaktast når kvar fisk om ca. åtte månader veg rundt fem kilo. Thorsen kan vidare fortelja om særs gode resultat av drifta ved dette oppdrettsanlegget og at dei ligg heilt i Norges-toppen når det gjeld produktivitet, frisk laks og minimalt med angrep av lakselus.

Sjølv om dei fleste av desse 9.-klassingane kjem frå vestsida av Karmøy, eit område med rike tradisjonar innan fiskeri og næringsverksemd på havet, var det få av dei som hadde besøkt eit oppdrettsanlegg tidlegare. Fleire hadde likevel ei viss erfaring frå fiskebåt, gjerne saman med bestefar.

Tonette Gabrielsen seier at det er spennande å sjå korleis laksen lever og korleis middagen blir til. Ho forsikrar at ho likar både laks og annan fisk til middag.

27 besøksanlegg langs kysten

Langs kysten er havbruk- eller oppdrett den klart største næringa om ein måler i eksportverdi. I 2020 blei det eksportert laks frå Norge for om lag 70 milliardar kroner. Ifølgje Sjømat Norge gir næringa jobb til 45.000 personar og produserer om lag 15 millionar laksemiddagar kvar dag.

Fiskeridirektoratet skriv på sine heimesider at for å betra kunnskapen om akvakultur hos publikum, har direktoratet høve til å innvilga såkalla visingsløyve. Dette tyder i praksis at havbruksselskap som søkjer og oppfyller direktoratet sine krav, får løyve til å produsera meir laks (mellom 500 og 780 tonn årleg) mot at dei legg til rette for besøk og informasjon. Visingsløyve blir gitt for ti år.

Det vesle øysamfunnet Røvær er ein del av Haugesund kommune og ligg ein 25 minuttars båttur frå byens sentrum.

I dag er 27 visingsløyve i drift langs kysten frå Rogaland i sør til Finnmark i nord. Det finst jamvel eit visingssenter på Tjuvholmen i Oslo. Røvær er førebels det einaste i Rogaland.

På øya, som ligg 25 minuttars reise med rutegåande snøggbåt frå Haugesund sentrum, har Alsaker Fjordbruk bygd eit informasjonssenter og eit anna bygg for ymse utstyr og eit lite akvarium med ymse sortar villfisk og sjødyr henta frå havet kring øya.

Laks på menyen

Etter at Ingunn Rasmussen, dagleg leiar ved havbrukssenteret, har ønskt gjestane velkomne til senteret og til det vesle øysamfunnet med snautt 80 fastbuande, blir alle servert ein tidleg lunsj i form av lakse-wrap.

Etterpå blir klassa delt inn i tre grupper. Gruppene som ikkje reiser ut til laksemerden, besøkjer anten det nye informasjonssenteret eller får ein time ved akvariet. Der får elevane øvd seg på å kjenna att ymse fiskeslag og andre skapningar frå havet.

Det er ikkje tilfeldig at Alsaker Fjordbruk, som eig størstedelen av aksjane i oppdrettsanlegget, har valt ut dei suksessrike laksemerdane på Røvær som visningsanlegg for skuleelevar, turistar og andre interesserte.

– I tillegg til at anlegget har særs god drift og framifrå resultat biologisk og økonomisk, ligg Røvær i kort avstand til eit bysenter som Haugesund, seier Even Søfteland, som har vore primus motor hos eigarselskapet under oppbygginga av havbrukssenteret.

Han opplyser at senteret hadde 11.000 besøkande i fjor.

Kine Vikse finn svar på spørsmål under vandringa gjennom infosenteret. I framtida ønskjer ho å jobba med noko som kan bidra til eit reinare hav og til stans i skadelege klimagassutslepp.

Vil trigga dei unge

Søfteland seier at for eigarselskapet er det viktig å få fram alle mogelegheitene som ligg i havet for dei unge.

– Havbruk er berre eitt døme på kva havet kan brukast til i framtida. Me ønskjer å trigga dei unge til å tenkja korleis mogelegheitene i havet kan utviklast og utnyttast. Til desse utfordringane og oppgåvene treng ein mange flinke hovud og dyktige hender.

Søfteland gir dessutan ros til Haugesund kommune og skulekontoret som har vore særs aktive medspelarar under oppbygging av innhald og pedagogisk utforming av utstillingar og infotavler.

Naturvernforbundet åtvarar

– Oppdrettsnæringa er stor og viktig langs kysten, og det er difor viktig at skuleungdom lærer korleis næringa blir driven, seier styreleiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Men han legg til at opplæring i regi av næringa sjølv fort kan bli ubalansert.

– Det er difor avgjerande kva som blir gjort i skulen etter besøk ved eit havbrukssenter, slik at informasjon om næringa ikkje blir propaganda, men balansert informasjon.

Gulowsen seier vidare at det ofte er imponerande å sjå kva dei får til ved eit veldrive oppdrettsanlegg.

– Men alle som kjenner litt til næringa, veit at dei har mange og store miljøutfordringar knytt til drifta. Det gjeld til dømes rømming av laks frå merdane, angrep av lus og sjukdommar, dyrevelferd for laks og for dei små lusejegerane som sym rundt i merdane, og ikkje minst forureining i havet og skadeleg påverknad på havbotn under merdane, seier leiaren i Naturvernforbundet.

Han ønskjer seg at skulen vil følgja opp bedriftsbesøk hos næringa med ein dag kor organisasjonar og fagfolk som er kritiske til sider av næringa får høve til å informera.

– Havbruksnæringa får i praksis gjennom ordninga med visingskonsesjonar statleg støtte til sitt informasjonsarbeid. Organisasjonar som Naturvernforbundet burde difor også få statleg støtte til å sikra balansert informasjon til skuleungdom, seier Gulowsen.

Problema fram i lyset

Rådgivar ved skulekontoret i Haugesund, Elise Røher, understrekar at kommunen la læreplanane og kompetansemåla til grunn då innhaldet i informasjonssenteret skulle utformast.

– Men kjem baksida av oppdrettsmedaljen godt nok fram i infosenteret?

– I oppbyggingsfasen av senteret peika me på at sentrale kritiske spørsmål som er reist rundt næringa, må belysast. Det er blitt gjort til dømes i spørsmål rundt bruken av antibiotika, som tidlegare var omfattande, seier Røher.

I havbrukssenteret er det lagt opp til ein brei informasjonsflyt om mange næringar som er knytt til havet, både historisk og i notid. Her er informasjon om alt frå lakseoppdrett, via skipsfart, sildefiskeri og litt om olje- og gassverksemda. Men hovudtråden er oppdrettsnæringa.

– Ser Haugesund kommune prinsipielle utfordringar med å sleppa kommersielle aktørar til i skulen?

– I utgangspunktet er me sjølvsagt kritiske og varsame. Men samtidig har det gjennom fleire år vore prioritert, både regionalt på Haugalandet og i kommunen, utvikling av eit mest mogeleg fruktbart samarbeid mellom skule og lokalt næringsliv, seier Elise Røher.

Arne Torbjørnsen, lærar for 9. klasse, blei saman med elevane engasjert framfor spelskjermane i havbrukssenteret på Røvær.

- God pedagogisk tilnærming

Lærar Arne Torbjørnsen oppsummerer skuledagen på Røvær som vellukka:

– Dei siste vekene av skuleåret, når elevar tek til å bli meir urolege og utolmodige enn elles, høver det bra med ein klassetur. Dessutan er dette tilbodet svært variert og innhaldsrikt, med god pedagogisk tilnærming. Det er òg eit stort pluss ved tilbodet at det er gratis, med reise og servering inkludert, slik at alle skular, uavhengig av økonomi, kan nytta det, seier Torbjørnsen.

Han viser også til at havbrukssenteret har utforma oppgåver for ungdomsskuleelevane i form av spørsmål som dei må finna svar på undervegs gjennom utstillinga.

– Dette førte til godt engasjement.

– Blir det høve til kritisk oppfølging av teamet havbruk i undervisinga etter besøket på Røvær?

– Det blir ikkje rom for det før ferien. Men gjennom undervisinga elles i året, i naturfag og samfunnsfag, tar me sjølvsagt opp spørsmål kring miljøvern og berekraftig naturforvalting. Eg fryktar difor ikkje at elevane skal sitja igjen med eit reint glansbilde-syn på havbruksnæringa, seier Torbjørnsen.

– Korleis ser du og din skule på at kommersielle aktørar får sleppa til i undervisinga?

– Eg ser ikkje dette opplegget som problematisk. I prinsippet skil det seg lite frå jobbmesser som ungdomsskuleelevane får besøkja i skulen sin regi.

Powered by Labrador CMS