Vest-Agder fylkeskommune ønskjer ikkje nikab i klasserommet

Hovudutvalet for kultur og utdanning i Vest-Agder fylkeskommune har vedtatt at elevar i vidaregåande skole ikkje bør ha lov til å dekkje ansiktet.

Bakgrunnen er at ein elev i vidaregåande skole i fylket informerte om at ho ønskte å dekkje til ansiktet i skoletida, melder NRK.

Avgjerda i hovudutvalet kom i samband med revidering for ordensreglement for elevar i vidaregåande skole i Vest-Agder fylkeskommune.

Fylkestinget skal i oktober ta endeleg stilling til endringa.

Argumentet for å ikkje la elevar dekkje ansiktet er at skal undervisninga bli god må lærar og elev kunne sjå ansiktet til kvarandre. Dessutan må læraren kunne identifisere kvar einskild elev for å kunne vurdere eleven.

Så formålet med forbodet er å fremje læring.

NRK fortel at før hovudutvalet gjorde sitt vedtak har saka vore på høyring blant rektorane ved 12 vidaregåande skolar i fylket, elev- og lærlingombodet, elevorganisasjonen og utdanningsorganisasjonane.

Justisdepartementet konkluderte i 2010 med at eit forbod mot heildekkjande plagg truleg ville vere i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Da hadde Framstegspartiet kome med framlegg om eit forbod mot heildekkjande plagg i det offentlege rom.