Biletet er teke i samband med ein demonstrasjon mot hat og oppvigling, og mot partiet AfD og høgreekstremisme i den tyske byen Eschwege i januar i år. På plakaten står det Avgrunn for Tyskland, eit ordspel på forkortinga for partiet AfD.
Foto: Müller-Stauffenberg, NTB scanpix
– Tyske lærarar bør ytre politisk kritikk i klasserommet
Tyske lærarar må ta kritisk stilling til det politiske partiet AfD i si undervisning, krev lærarleiar.
– Partiet Alternativ for Tyskland (AfD) tenderer til å
vere fientleg til den tyske forfatninga. Det både kan og bør lærarane seie i
klasserommet, seier Maike Finnern, leiar for fagforbundet Opplæring og vitskap, som er tilslutta
hovudforganisasjonen Tysk
Fagforeiningsforbund.
Det er
TV-stasjonen ZDF som melder dette.
I år
skal Tyskland ha val både til Europaparlamentet, til regjeringar i tre
forbundsland og til 16 kommunar. Det ligg an til at partiet
Alternativ for Tyskland (AfD) vil få sterk oppslutnad. I dei tre forbundslanda
Brandenburg, Thüringen og Sachsen peikar meiningsmålingane mot opp mot 40 prosent.
Finnern
meiner den beste måten å drive kritisk undervising om AfD på er å analysere
konkrete utsegner og aktivitetar frå AfD og diskutere dette med elevane. Og ho
oppfordrar lærarane til å ikkje berre engasjere seg kritisk mot AfD i
klasserommet. Ho oppfordrar dei til å engasjere seg også privat.
Å
stoppe innvandring er ei kjernesak for AfD. Tyskarar må ikkje bli framade i
eige land, og landet må verne seg mot politisk islam. I dette går dei så langt
at mange kritikarar meiner det kan bli samanlikna med nazismen. Dei er og
opptekne av å «sleppe økonomien fri for hindrande ideologiar» og oppheve dei
økonomiske sanksjonane mot Russland. Dei er i mot dei fleste miljøtiltak og fartsgrenser
på motorvegane, og dei vil styrke den tradisjonelle familien og «stoppe løgnene
om den naturlege kjønnspolariseringa.»