Ein ungdomsskule i Hongkong markerer dagen for opplæring i nasjonal tryggleik, som vart markert for første gong 15. april.

Fire av ti lærarar i Hong Kong vil slutte i jobben

Aukande politisk press er hovudårsaka til at lærarar ikkje lenger vil undervise i Hongkong.

Publisert

Fire av ti lærarar har bestemt seg for å slutte i yrket eller vurderer det. Dei aller fleste grunngjev dette med dei politiske innstrammingane den siste tida. Det går fram av ei spørjeundersøking som lærarorganisasjonen Professional Teachers’ Union (PTU) har gjennomført, skriv Hongkong-avisa South China Morning Post.

Auka politisk press var hovudgrunnen til 337 av dei 474 som svarte at dei vil slutte.

Avisa skriv at utdanningssektoren i Hongkong har endra seg raskt med dei nasjonale tryggingslovene i juni i fjor, som vart innført av kommunistregjeringa i Beijing.

Skulane er mellom anna blitt pålagde å sjekke om skulebiblioteka har materiale som er i strid med lovene. Elevar skal frå seks års alder lære dei fire brotsverka lova omfattar: undergraving, støtte til lausriving frå Kina, terrorisme og hemmeleg kontakt med framande makter. Skulane skal dessutan varsle politiet om «alvorlege» situasjonar der elevar til dømes ropar eller viser fram slagord.

Les denne: Lærerne var den første yrkesgruppen som gikk ut på gatene i Myanmar

Fung Wai-wah i PTU seier til avisa at lærarar kjenner eit aukande press på grunn av kravet om meir «nasjonal» undervisning og faren for å miste løyvet til å vere lærar. Ifølgje South China Morning Post har minst tre lærarar mista jobben.

Ein av dei skal ha laga undervisningsmateriell som tok for seg sjølvstende for Hongkong.

Ein talsperson for skulestyresmaktene i Hongkong seier det er normalt at nokre lærarar sluttar, og at ei meiningsmåling med 1178 svar er lite representativ for dei 70.000 lærarane i området.

I 1997 vart Hongkong ein del av Kina etter 155 år som britisk koloni, men ifølgje avtalen med Storbritannia skulle området få halde på sitt eige politiske og økonomiske system i minst 50 år, under prinsippet «eitt land – to system».

Powered by Labrador CMS