Pensjonistane må mobilisere!
Innsendaren av dette debattinnlegget oppmodar pensjonistane i Utdanningsforbundet om å melda seg inn i LOP (Landslaget for offentlege pensjonistar). Det vil hjelpa til med å gjeva pensjonistorganisasjonane tyngde, meiner han.
Resultat: Ei samla underregulering over ein 30-årsperiode på 40 prosent (jfr. Per Lygre sitt innlegg 11. juni 2002)! (Les innlegget her, red.)
Det er naudsynt å samla kreftene under ei fane til kamp mot denne uretten. Spørsmålet vert då korleis denne kampen skal organiserast - kva for organisasjonar som best kan fronta denne kampen. Er det våre eigne pensjonistorganisasjonar eller er det våre gamle fagforeiningar?
Fleire av oss er medlemar i begge. Etter mi vurdering er det pensjonistforeiningane vi bør samla oss om. For når sant skal seiast, har fagforeiningane ikkje gjort det ringaste for pensjonistane sine rettar og krav.
Norsk Pensjonistforbund har forhandlingsretten godt sekundert av LOP (Landslaget for off. pensjonistar) og andre pensjonistlag. Men dei kjempar mot Stortinget, regjeringa og sosialdepartementet, som kvart år kan demonstrera si overmakt.
Årsak: Det samla medlemstalet vårt er for lågt. I høve til eit potensial på omlag ein million er medlemstalet berre omlag 200.000! Det er berre ein veg å gå for å retta på dette mishøvet. Pensjonistane må støtta heilhjarta opp om sine organisasjonar. Det er tid for mobilisering!
Mål: Når motparten spør våre forhandlarar - og det er lett å tenkje kvifor- om kor mange medlemar dei forhandlar for, bør dei kunne svara - ein million! Slik kunne vi demonstrera motmakt.
Eg oppmodar difor pensjonistane i Utdanningsforbundet om å melda seg inn i LOP. Det - og tilsvarande mobilisering i andre pensjonistgrupper - vil hjelpa til med å gjeva pensjonistorganisasjonane tyngde. Hjelp til med å byggja ei reell pensjonistforeining!