– Tryggleik og rutine er viktig for studentane. Vi seier at vi kan hjelpe ved problem under studiet og i overgangen til arbeidsliv, seier Frank Bræin, leiar i Pedagogstudentane. Arkivfoto: Jonas Ohlgren Østvik/PS
– Tryggleik og rutine er viktig for studentane. Vi seier at vi kan hjelpe ved problem under studiet og i overgangen til arbeidsliv, seier Frank Bræin, leiar i Pedagogstudentane. Arkivfoto: Jonas Ohlgren Østvik/PS

Pedagogstudentane har dobla medlemstalet

Pedagogstudentane noterte 21 321 medlemmar i januar i år. I 2003 var det 10 777.

Publisert

 

Organisasjonen reknar at om lag seksti prosent av dei som er kvalifiserte til medlemskap er organiserte i Pedagogstudentane i Utdanningsforbundet. Størst er oppslutnaden i grunnskolelærarutdanninga, med 85 prosent. Plant dei som tar eittåring praktisk-pedagogisk utdanning er 22 prosent medlem i Pedagogstudentane.

– Dei er dei vanskelegaste å nå, vedgår leiar i Pedagogstudentane, Frank Bræin.

– Dei går på faget berre i eitt år, og kjem dit med ulik bakgrunn. Det er ikkje rart om læraridentiteten ikkje er så sterk enno, seier Bræin.

 

Les også: Pedagogstudentene sa nei til å skifte navn

 

Satsar på verving

Organisasjonen har trappa opp rekrutteringsarbeidet kraftig sidan 2014. Den største medlemsauken har vore stor nettopp i dei siste åra.

Erfaringa frå denne opptrappinga er at å møte studentane ansikt til ansikt er viktig i rekrutteringsarbeidet.

– Difor er vi til stades på studiestadane med stand over fleire dagar på studiestaden og med besøk i forelesingssal og klasserom ved studiestart, seier Frank Bræin.

– Kva for argument er det som slår best an?

– Tryggleik og rutine er viktig for studentane. Vi seier at vi kan hjelpe ved problem under studiet og i overgangen til arbeidsliv. Vi er til dømes inne når det oppstår diskusjon om ein student er skikka for lærarjobb eller ikkje. Elles argumenterer vi med at vi gir tilgang til kurs og blad, og at vi ved å stå saman kan påverke utviklinga av studium og utdanning.

– Kva veit de om kor mange som blir medlemmar i Utdanningsforbundet når studietida er slutt?

– Det ligg på mellom 2500 og 3000, seier Bræin, som minner om at organisasjonen også har fått ny logo: Eit hjarte!