Skjult vald?

I den nasjonale studien av omfanget av vald og valdtekt i Noreg blir det slått fast at mykje av denne forma for vald blir skjult for hjelpeinstansar og rettsapparat.

Denne rapporten slår òg fast at det er store kjønnsskilnader på dette feltet, i og med at kvinner i langt større grad enn menn blir utsett for seksualisert vald og valdtekt, og at ein mykje større del av kvinnene har vore utsett for dei mest alvorlege formene for partnarvald. Desse kjønnsskilnadene blir lett underkommuniserte, og den kjønnsnøytrale retorikken gjer det vanskelegare å sjå korleis vald og valdtekt heng saman med kjønnsstrukturar i samfunnet.

Det er derfor prisverdig at vi no har fått ei lærebok som går inn i problematikken vald mot kvinner, nettopp med utgangspunkt i denne empirien. Målgruppa er dei som i sin jobb møter kvinner som har vore utsett for vald, men som i praksis ofte ikkje ser dette. «Vi trur det ikkje før vi ser det,» seier vi gjerne om det som er vanskeleg å forstå. Men når det gjeld vald mot kvinner, er det kanskje rettare å seie at «vi ser det ikkje før vi trur det». Dermed blir kunnskap og kjennskap til forsking og fakta på feltet ein inngang til nettopp å sjå problemet.

Slik forsking, fakta og forståing er det grunnlag for å få gjennom boka «Vold mot kvinner», redigert av Kjersti Narud. Eg er heilt samd med Sjak R. Haaheim som i sin artikkel mellom anna seier: «Selv om myndighetene de siste årene har lagt fram en rekke handlingsplaner på glanset papir og med mer eller mindre konkrete ambisjoner, er det etter mitt syn fortsatt en skrikende mangel på erfaringsbasert kunnskap og systematisert kunnskapsinnhenting hos mange av de aktørene som faglig berører saker der det foreligger vold i nære relasjoner.»

Dei ulike faglege perspektiva i boka viser kor samansett problematikken er og kor mange aktørar som faktisk har eit ansvar for å hindre vald mot kvinner. Eit tidsskilje har skjedd sidan vald mot kvinner vart omtala som «husbråk» og i beste fall førte til ein notis. Geir Aas har forska på politiet sitt arbeid med vald i nære relasjonar. Han viser at det er stort behov for kunnskap på dette feltet, for som ein politimann uttrykte det: «Det er det vi ikke skjønner – hvordan kunne dette ha skjedd? – For hun ga ingen svar på at hun var skada ...»

Vald mot kvinner er eit stort helse- og samfunnsproblem. Utfordringa er å sjå, for å kunne forstå og dermed ha kraft til å handle og til å førebyggje. Denne boka gir kunnskap om både det rettslege grunnlaget som skal hindre vald mot kvinner, om definisjonar, omfang og konsekvensar av fysisk og psykisk vald, og om hjelpeinstansane som har eit ansvar når vald har skjedd. Korleis møte kvinner som har vore utsett for vald og valdtekt på ein måte som kan hjelpe dei til å stå i smertene og kjempe seg ut av dei? Dette er ei nyttig bok for lærarar, helsepersonell, politi, prestar, juristar og andre som møter kvinner utsett for vald i sin yrkespraksis. For lærarar, førskolelærarar og barnevern er det viktig å vere klar over at vald mot mor er vald mot barna. Forsking viser at barn som opplever vald mot mor, ikkje er passive «vitne til vald», men sjølv offer. Carolina Øverlien har ein innsiktsfull artikkel om denne samanhengen.

Som samfunn har vi ei plikt til å hindre vald mot kvinner. Å hindre at slik vald får lov til å vere «den skjulte vald», er eit steg på vegen. Boka «Vold mot kvinner» er viktig folkeopplysning.

Powered by Labrador CMS