Målpris til NRK-journalist

Programmedarbeidar Linda Eide ved NRK Hordaland får Målprisen til Hordaland Mållag for 2010.

- Framifrå og fargerik ambassadør for nynorsk og dialekt, seier juryen om Eide.

Ho får prisen fordi ho ei årrekkje har vore- og er- ein  framifrå, fargerik og humørskapande ambassadør for dialektbruk og bruk av nynorsk i radio, fjernsyn og andre media. Siste åra med storsuksessen: Norsk Attraksjon.

- I dei mange programma ho har laga for NRK har ho synt at Vossa-målføret og nynorsk er ypparlege reiskapar i ei frodig journalistisk verksemd der det er plass til det meste, heiter det i grunngjevinga.

Prisen vert delt ut på årsmøtet i Hordaland Mållag i Bergen laurdag 20. mars. Målprisen frå Hordaland Mållag 2010 er eit målarstykke av biletkunstnaren Liv Jorunn Skjold: "Jenter på trapp i Havråtunet".

- Linda  Eide er  uvanleg  iderik og særs allsidig, ho spelar på mange og ulike talentstrenger og typisk for  henne er eit usliteleg humør, humor, sjølvironi, det skeive blikket, dei uventa vinklingane og dei overraskande hendingane. Kort sagt ho er eit nynorsk idol, seier Einar Ådland, leiar i Hordaland Mållag ifølgje ei pressemelding.

Linda Eide  er fødd og oppvaksen på Voss  og er 41 år. Ho tok eksamen ved Norsk Journalisthøgskule i 1990, og seinare har NRK vore arbeidsplassen hennar. I 1996 studerte ho litteraturvitskap ved NTNU. Ho har vore programmedarbeidar i ulike avdelingar i NRK, mellom anna P3  i 1993 og frå 1998 i NRK P1 Norgesglasset og NRK Fjernsynet. Sidan 2007 har ho vore programleiar i serien " Norsk attraksjon" på NRK Fjernsynet.

Eide har gjeve ut bøkene "Då gamlemor baka seg i hel" (2000),"Kvardagstraume i utval" (2003) og saman med Lars Nyre har ho skrive læreboka "Radioradio. Lyd i journalistikk" (2004). Forfattarane fekk Halvdan Koht-stipendet for denne boka. I 2006 fekk Linda Eide Regjeringas nynorskpris for journalistar, som då vart delt ut for fyrste gong. I 2008 fekk ho sykkelprisen frå Syklistenes Landsforening  for arbeidet sitt for sykkelen som framkomstmiddel, som m.a. var emnet i dokumentaren "Døden bak Styret", som vart sendt i NRK i 2005.

Powered by Labrador CMS