I Vestland fylke dei to siste åra har mobbeombodet mottatt 36 meldingar om tilsette som krenkjer elevar. I tillegg var det 26 meldingar om det vi har kalla vaksne «som utrygg faktor».
I Vestland fylke dei to siste åra har mobbeombodet mottatt 36 meldingar om tilsette som krenkjer elevar. I tillegg var det 26 meldingar om det vi har kalla vaksne «som utrygg faktor».

Når vaksne gjer det utrygt for barn

Kronikk: Mobbeomboda og elev- og lærlingomboda får kvart år fleire meldingar om barnehagebarn, elevar og lærlingar som opplever krenkingar eller utrygt miljø på grunn av vaksne.

Publisert

Utdanningsnytt har gjort viktig arbeid når dei no har sett fokus på vaksne som krenkjer elevar i skulen. Det er mobbeombodet i Vestland glad for. Gjennomgangen av meldingane til Statsforvaltaren beskriv situasjonar vi diverre kjenner att. Mobbeomboda og elev- og lærlingomboda rundt om i heile landet får kvart år fleire meldingar om barnehagebarn, elevar og lærlingar som opplever krenkingar eller utrygt miljø på grunn av vaksne.

Vaksne som krenkjer

I Vestland fylke dei to siste åra har mobbeombodet mottatt 36 meldingar om tilsette som krenkjer elevar. I tillegg var det 26 meldingar om det vi har kalla vaksne «som utrygg faktor». Vi kjenner òg til fleire titals saker der eleven manglar trygg relasjon og tillit til læraren sin.

Les også: Professor: – Voksne som krenker, gjør barn sårbare

Kva er det mobbeombodet i Vestland får kjennskap til gjennom sakene? Dei fleste av desse elevane fortel at dei trur læraren ikkje likar dei, og nokre er heilt sikre på at læraren ikkje likar dei. Dei kjenner seg urettferdig behandla, dei kan til dømes få skuld for noko dei ikkje har gjort, bli snakka strengare til enn andre elevar eller bli oversett.

Ganske ofte fortel dei at når dei har gitt beskjed, blir opplevingane bagatelliserte eller dei får sjølve ansvar for det dei vert utsette for. Nokre fortel at dei er utrygge på læraren, sjølv om dei ikkje har opplevd å bli krenkja eller har opplevd direkte motstand i møte med han eller ho. Det kan vere fordi dei har sett eller høyrt andre elevar bli utsette for krenking av vedkommande.

Barn og ungdom fortel om vaksne som ikkje grip inn når elevane blir krenkja av medelevar. Dei fortel om lærarar som skapar konkurranse i klassen og som gjer at eleven kjenner seg dum og lite verdt. I ein del tilfelle er vaksne med på å forsterke situasjonar som allereie er sårbare og vanskelege for eleven. Nokre elevar opplever også verbale krenkingar frå vaksne. Dei kan til dømes bli kalla «dritunge», bli skjelt ut framfor dei andre i klassen, eller læraren kan seie noko som får dei andre til å le av han eller ho.

Les også: – Skoler må si ifra om det er noe de trenger for å jobbe enda bedre mot mobbing

Andre ting barn fortel om, er trugslar om at eleven må bytte skule eller at foreldra vil bli melde til barnevernet om eleven ikkje skjerpar seg. Ombodet har òg døme på fysiske krenkingar. Elevar blir haldne fast, tatt kvelartak på og stengde inne i klasserom og kott. Slike alvorlege opplevingar påverkar sjølvsagt elevane, og mange blir redde for den vaksne og utrygge på skulen i lang tid etterpå. Nokre gonger høyrer vi om tilsette som framleis jobbar ved skulen og i den same elevgruppa òg etter slike alvorlege hendingar.

Om ein lærar krenkjer ein elev, viser han eller ho samstundes at det er lov å krenkje denne eleven.

Svært sårbar situasjon

Ein elev som opplever seg krenkja av ein tilsett ved skulen, er i ein særskilt sårbar posisjon. Det gjer det ofte vanskeleg å melde frå. Dei er redde for å ikkje bli trudd, og dei er redde for at det skal bli verre. Det er asymmetri i makta mellom ein elev og ein tilsett, og eleven er prisgitt den vaksne si ivaretaking.

Det er den vaksne som har makta, og difor er det òg den vaksne sitt ansvar å sørgje for at relasjonen er trygg og god. Når vaksne av ulike grunnar ikkje tar dette ansvaret, mister eleven eit viktig sikkerheitsnett. Krenkingar frå vaksne gjer også eleven meir sårbar for krenkingar frå medelevar. Tilsette sine handlingar ovanfor ein elev banar veg for dei andre elevane. Om ein lærar krenkjer ein elev, viser han eller ho samstundes at det er lov å krenkje denne eleven. Smittefaren kan difor vere stor.

Rask og trygg handtering

Det er heilt avgjerande at elevar som opplever å bli krenkja blir tatt på alvor og at saka blir handtert raskt og trygt. Når ein elev har opplevd noko krenkjande, ser vi at det utløyser nokre akutte behov. Eit stikkord her er tryggleik. Eleven treng noko ekstra, foreldre treng noko ekstra, klassen treng ofte noko ekstra, og den tilsette som står i det treng noko ekstra. Og det gjer kanskje leiinga òg.

Med klare rutinar som er utarbeidd i «fredstid» kan leiinga og skulen vere tryggare på at ein gjer rett.

Vi veit at desse sakene ofte skaper utfordring internt på skulen. Leiinga kan bli usikre på korleis dei skal ta tak på ein rett og god måte. Det kan vere vanskeleg å finne ut kva som faktisk har skjedd og kva som ligg bak eleven sin oppleving. Det er krevjande både å yte hjelp og støtte som arbeidsgjevar med rettferdig handtering, samstundes som ein har det øvste ansvaret for elevane og deira rett til eit trygt og godt skulemiljø.

På dette feltet er det viktig med både nasjonale rettleiarar og lokale rutinar. Med klare rutinar som er utarbeidd i «fredstid» kan leiinga og skulen vere tryggare på at ein gjer rett. Skuleeigarar må sørgje for at alle rektorar har kapasitet til å stå så stødig som mogleg i dette, med støtte og tilstrekkelege ressursar, slik at både elevane og dei tilsette blir godt varetatt. Vi kan ikkje risikere at saka blir liggjande urørt eller avvist.

Prinsippet om subjektivitet og omgrepet krenking

Vi er uroa for at prinsippet om subjektivitet, eleven sin rett til å sjølv definere opplevinga av skulemiljøet sitt, til tider ikkje blir varetatt i desse sakene. Det kan vere tilfelle der skulen vurderer at det ikkje er snakk om krenking og legg denne objektive vurderinga av krenking til grunn i den vidare handteringa av saka.

Skulen har ei aktivitetsplikt som er knytt til eleven sin subjektive oppleving av skulemiljøet etter paragraf 9A-4. Etter paragraf 9A-3 kjem det fram at skulen skal ha nulltoleranse mot krenkingar. Døma som nemnast i lova er mobbing, vald, diskriminering og trakassering, men skulane skal òg ha nulltoleranse mot utestenging, isolering og baksnakking (Rundskriv om skulemiljø; Skolemiljø Udir-3-2017).

Debatt: Den ekskluderende fellesskolen

Kva som er ei krenking, skal tolkast vidt, men ikkje slik at ei kvar kritisk ytring eller usemje mellom elevane vil vere ei krenking etter dette. Det har vore ein del uro, misforståingar og ulik praksis knyta til dette. Vi undrar om det har vore ei utbreia oppfatning om at det er eleven si oppleving som bestemmer om noko er ei krenking. Det kan ha ført til at mange lærarar har kjend seg usikre og fått inntrykk av at lova har svekka deira rettssikkerheit.

Nulltoleransen etter paragraf 9A-3 omfattar handlingar og ytringar som etter ein objektiv standard oppfyller omgrepet. Dette skil seg frå aktivitetsplikta, og det er altså ikkje nødvendigvis slik at ein tilsett har krenkja ein elev sjølv om eleven kjenner seg krenkja. Eleven har like fullt rett til undersøkingar og ein plan som seier noko om korleis eleven sitt skulemiljø igjen skal bli godt.

Les også: Kommune må betale millionerstatning i mobbesak

Godt lovverk og god praksis

Mobbeombodet i Vestland meiner vi har eit godt lovverk som sikrar barn og unge retten til eit trygt og godt skulemiljø. Vi registrerer i den offentlege debatten og ordskiftet uro kring lærarar sin rettssikkerheit. Vi tenker dette indikerer eit behov for å bli tryggare; på god praksis, forståing av lovverk og handtering når ein elev ikkje har det trygt og godt.

God praksis handlar i stor grad om å byggje trygge og gode miljø med trygge og gode relasjonar. God praksis handlar òg om å ha kapasitet til å handtere når førebygging ikkje er nok. Det må ikkje vere opp til den einskilde tilsette å forstå, takle og handtere åleine.

Powered by Labrador CMS