Vil ha utvida skoleplikt for innvandrarar

For tenåringar som kjem til Sverige, bør skoleplikta gjelde fram til dei er 20 år, meiner den tidlegare svenske utdanningsministeren Jan Bjørklund.

Jan Bjørklund er leiar for partiet Liberalerna og var utdanningsminister i Sverige frå 2006 til 2014. I dag skriv han, saman med partifelle Christer Nylander, i avisa Dagens Nyheter at det bør gjelde andre reglar for skoleplikt for nye innvandrarar enn for andre elevar i den svenske skolen.

For dei som har nådd mellomtrinnet i grunnskolen, bør skoleplikta vare fram til dei er 18 år. Dei som kjem etter at dei har begynt i ungdomsskolen, bør ha plikt til å gå på skolen til dei er 20. Om elevane tilfredsstiller kunnskapskrav i sentrale emne, kan dei sleppe denne utvida plikta, meiner dei to politikarane.

Dei argumenterer dessutan for at elevar som er nye i Sverige, bør berre ha halv sommarferie. Elles er risikoen for stor for at dei gløymer mykje av det dei har lært over sommaren.

Rektor bør ha stor rett til å prioritere timeplanen for desse elevane, slik at dei viktigaste faga blir prioritert.

Bjørklund og Nylander argumenterer for dette med å vise til at desse elevane ofte går så kort tid i den svenske skolen at dei ikkje klarer å nå kunnskapsmåla. Mange har ei dårleg eller manglande skoletid bak seg før dei kjem til Sverige.

Dei to viser til at mange tenåringar er komne til Sverige i den siste tida, og mange av dei utan foreldra. Samtidig fell skoleresultata i den svenske skolen.

«Foreldre spør korleis dette kjem til å påverke deira barn og den skolen dei går i. Dette er ei uro vi må ta på alvor», skriv Jan Bjørklund og Christer Nylander.  

Powered by Labrador CMS