Synkande nynorsk-trend i norsk skule 

Leiar for Nynorsksenteret er ikkje overraska over tala: – Det er særleg i randsonene at nynorsk er under press.

Publisert Sist oppdatert

Nye tal frå Utdanningsdirektoratet viser at andelen elevar som har nynorsk som opplæringsmålform har gått ned med 0,1 prosentpoeng det siste året.

Sjølv om talet kan verke lågt, er det ein del av ei stabil nedgåande utvikling for målforma. I 2001 var talet på elevar som fekk opplæring på nynorsk 14,8 prosent ifølgje SSB. No er talet 11,4 prosent.

Med nynorsk opplæringsmålform meiner ein at eleven bruker nynorsk i sitt skriftlege arbeid, og at elevane har rett på læremiddel på nynorsk. Frå 1. til 7. klasse følgjer i utgangspunktet eleven si opplæringsmålform det som er hovudmålet ved skulen, fastsett av kommunen. Frå 8. klasse kan eleven sjølv velje hovudmål.

Om meir en ti elevar på eit trinn ønskjer å få opplæring på eit anna hovudmål enn det som er skulens opplæringsmål, må kommunen opprette ei eigen klasse. 

Demografiske endringar

Synnøve Marie Sætre er senterleiar for Nynorsksenteret. Ho er ikkje overraska over tala frå GSI. 

– Det er ein nedgang, men likevel ganske stabilt. Vi ser også av tala at det er særleg i randsonene at nynorsk er under press. I kjerneområda står det ganske greitt til, seier ho.

Prosentandel elevar som har nynorsk som opplæringsmålform

Agder: 3,37 %

Innlandet: 7,18 %

Møre og Romsdal: 47,91 %

Nordland: 0 %*

Oslo: 0 %*

Rogaland: 21,67 %

Troms og Finnmark: 0,01 %

Trøndelag: 0,01 %

Vestfold og Telemark: 3,46 %

Vestland: 47,92 %

Viken: 0,31 %

*0 % vil sei at det er fem eller færre elevar som har nynorsk som opplæringsmålform.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet, GSI

Kjerneområda er særleg Vestland og deler av Møre og Romsdal, til dømes Sunnmøre. I dei fylkene har nær halvparten av elevane nynorsk som opplæringsmålform, ifølgje GSI. 

Randsonene er dalstrøk som Gudbrandsdalen, Valdres, Hallingdal og deler av Telemark. Gudbrandsdalen og Valdres ligg i Innlandet. I 2021 var det 8,06 prosent med nynorsk som opplæringsmålform i fylket, no er det 7,18 prosent. 

Sætre meiner nedgangen handlar mest om demografiske endringar og sentralisering.

– Det er ein nedgang i det totale elevtalet i dei områda kor nynorsken står sterkt. Så det handlar ikkje nødvendigvis om ei styrking av bokmål. Den demografiske tendensen er sterkare enn språkskiftet, seier Sætre.

Innlandet fylke har til dømes 877 færre elevar i barneskulen enn i 2020.

Krev mykje arbeid

Synnøve Marie Sætre

Men ein liten del av nedgangen skyldast språkskiftet, innrømmer ho.

– Det er i områda der nynorskbrukarane er i mindretal at språkskiftet er størst. Det vert ekstra sårbart, og for mange elevar fører mindretalsposisjonen til press. Det er sjølvsagt noko vi skulle ønskje var annleis. Samtidig veit vi mykje om kvifor utviklinga er som ho er, seier Sætre.

Ho trekker fram mangel på nynorske læremiddel og lærarar som er ustø i nynorsk som nokon av dei viktigaste grunnane. I tillegg peiker ho på at nynorskeksponeringa elevane får utanfor skulen, er viktig for at dei skal bli trygge i språket sitt. 

– Vi meiner det er særs viktig med tilgang på læremiddel på nynorsk. Lærarutdanninga må og utruste lærarstudentane på å undervise på og i nynorsk. Nokre elevar opplever at lærarane ikkje har den kompetansen som trengst, seier ho.

Ho trur det er mogleg å snu utviklinga, men at det vil krevje mykje jobb. 

– Vi har i dag ei språklov som tar på alvor at sjølv om bokmål og nynorsk er sidestilte, så er ikkje likestillinga reell. Difor har det det offentlege ifølgje lova eit særskilt ansvar for å fremme nynorsk. Det krev at man faktisk gjer det, og at det ikkje berre står på papiret, seier Sætre.

Powered by Labrador CMS