Lærebøker
lese
lekser
videregående
ungdomsskole

Bergen Høgre vil gi bokmålselevar lærebøker på nynorsk

Elevane i bergenskolen bør få lærebøker på både hovudmål og sidemål i fleire skolefag, seier Bergen Høgre i sitt valkampprogram

Publisert Sist oppdatert

 Målet er å sikre at elevane blir introduserte for både nynorsk og bokmål gjennom faga i skolen. Samstundes er partiet oppteken av at nynorskelevane skal ha god tilgang til læremiddel på nynorsk.

 – Også digitale læremiddel. Det er svært viktig, understrekar Eivind Haldor Hermansen, fraksjonsleiar for Høgre i utval for barnehage, skole og idrett i Bergen bystyre.

 – Vi skal leggje til rette for dei som vil ha nynorsk som hovudmål, konstaterer han. 

– Forstår du det om ein del vil stusse over denne omsorga for nynorsk frå akkurat partiet Høgre?

 – I Høgre er vi oppteken av individet. Å leggje til rette for dei som vil ha nynorsk som hovudmål er ein del av det, seier Hermansen. 

Samstundes ser han at det kan vere vanskeleg å kome fram med eit ønskje om nynorsk som hovudmål om kameratane ikkje heilt forstår det. Det er eit av argumenta for at også bokmålselevane må bli godt kjent med nynorsken.

 Nynorskhovudstaden

 Andre argument som Hermansen viser til er at Bergen er og skal vere «nynorskhovudstaden» på Vestlandet. Dette gjekk frå å vere eit honnørord til å bli meir formelt da Sogn og Fjordane, som var eit mest reint nynorskfylke, slo seg saman med Hordaland til fylket Vestland. 

Ifølgje kommunen hadde om lag 220 000 bergenske skatteytarar levert skattemeldinga si på bokmål i 2020, 28170 hadde levert på nynorsk. 

Hermansen legg til at Bergen har eit nynorsk teater, og at nynorsken står sterkt i bergenske media. 

– Dessutan kan vi sjå dette valløftet vårt i samanheng med andre løfte, som tilbodet om sommarkurs for barn som treng meir språkopplæring før skolestart. Vi er opptatt av kunnskap i skolen, framfor alt i engelsk, matematikk og norsk. Og dette er norskopplæring, seier han. 

– Bergen kommunestyret har ved fleire høve, og seinast med dokumentet « Ordet fangar Språkpolitisk plan» frå 2022, sagt tydeleg at nynorskbruken i Bergen må styrkast. Likevel har talet på nynorskelevar ned. Kva vil de gjere med det?

 – Ikkje gi oss! svarar han kontant.

Korleis vinne nynorskkampen

 Bergen Venstre seier i sitt valprogram at kommunen skal ha eit fast tilbod om faste nynorskklassar, og Bergen SV vil leggje til rette for at fleire elevar vel nynorsk og vil ha fleire nynorske parallellklassar. 

– Korleis skal akkurat Høgre vinne veljarar med sine nynorsk-lovnadar? 

– Vi vil vinne veljarar for vår politikk om individet sine rettar. Språklege rettar er ein del av den politikken, seier Eivind Haldor Hermansen.

Powered by Labrador CMS