I heile folkehøgskulemiljøet vert det no snakka mykje om at ein ønskjer å kutte ned på flyginga, fortel rektor ved Nordfjord folkehøgskule. Foto: Chell Hill, Wikimedia Commons

Frå skuleåret 2020/2021 droppar Nordfjord folkehøg-skule flyreiser

Frå hausten 2020 skal elevane ved Nordfjord folkehøgskule ikkje fly på turar til utlandet. Rektor er spent på korleis dei framtidige elevane vil ta det i mot.

Publisert

Kjenner du til andre folkehøgskular som gjer dette?

Den einaste eg veit om, er Fosen folkehøgskule. Det vert likevel snakka mykje i heile folkehøgskulemiljøet no om at ein ønskjer å kutte ned på flyginga.

Kva synest elevane om at flyreiser blir ein saga blott?

Hildegunn Gjesdal Tennebø (43)

Kven

Rektor ved Nordfjord folkehøgskule

Aktuell

Frå skuleåret 2020/2021 droppar Nordfjord folkehøg-skule flyreiser. Elevane skal reise med buss, tog eller båt.

Framlegget er godt mottatt blant elevane. Medvitet rundt slike spørsmål har vore stigande dei siste fem åra, særleg siste året med skolestreikane.

Framlegget er godt mottatt blant elevane. Medvitet rundt slike spørsmål har vore stigande dei siste fem åra, særleg siste året med skolestreikane. Ungdom er likevel, som oss vaksne, delt: Dei ønskjer å gjere noko for å ta vare på klimaet, men dei vil jo òg gjerne oppleve verda. Det blir spanande å sjå om det er mange nok som vil dette. Vi ser jo i søkeportalen til folkehøgskulane at linene med ekstra lange opphald i utlandet fort vert fullteikna.

Kva synest lærarane om at det blir slutt på flyreiser?

Blant lærarane har dette veldig god tilslutning. Dette ønskte staben at vi skulle gjere, og vi har jobba med det over fleire år. Men det er ikkje billigare ikkje å fly, for å seie det slik. Kostnadane endrar seg ikkje veldig mykje. Å køyre hundespann over norsk vidde eller padle norsk elv i kajakk med fullt utstyr og instruktør, kostar òg.

Kva for kjend person ville du hatt som lærar?

Thor Heyerdahl kunne gitt mange interessante timar i geografi, samfunnsfag og historie.

Kven ville du gitt straffelekse?
Eg har ikkje så stor tru på straffelekser.

Kva likar du best med deg sjølv?

Eg har ganske jamt, godt humør. Du får halde ein undervisningstime for det norske folket.


Kva handlar timen om?

Den handlar om at vi er ganske like. Vi ønskjer alle å bli elska og sett og er redde for ikkje å bli elska og sett.

Kva lag og foreiningar er du medlem av?

Norges Jeger- og Fiskerforbund, Kristen Idrettskontakt, Noregs Mållag, Utdanningsforbundet, Kristeleg Folkeparti, Normisjon og ei lokal idrettsforeining.

Kva er favorittboka di?

Det er jo litt å ta av, kan ein seie. Eg set stor pris på bøkene til den svenske forfattaren Magnus Malm.

Kva gjer du for å få utløp for frustrasjon?

Eg er ute i naturen og driv med aktivitet eller er stille. Og eg snakkar med folk som toler å ta imot litt trøkk.

Kven er din favoritt blant politikarar?

Den tidlegare amerikanske presidenten Barack Obama. Han har integritet og er eit flott menneskje.

Kva har du lagt ut på Fjesboka denne veka?

Eit gammalt minne frå lokalavisa Fjordenes Tidende om eit byggfirma som hadde blitt fråstelt leverpostei og majones.

Kva for tvangshandlingar har du?

Eg forsikrar meg om at det er kaffi i huset før eg legg meg.

Kva er ditt bidrag i kampen for å redde verda?

Her viser eg til dei første svara. I tillegg er det å bidra i eit miljø av unge menneske der undervisning i haldningar til livet står sentralt, mitt bidrag. Å vere medverkande i Normisjon, som yt eit viktig sosialt arbeid både lokalt og internasjonalt, betyr også mykje for meg.

Intervjuet har tidlegare stått på trykk i Utdanning 12/2019, side 8.

Powered by Labrador CMS