Sperringer utenfor Viertola skole i Vantaa i Finland 2. april. Et barn ble drept og to såret.

Finsk politi vurderer i snitt tre skoletruslar i veka

Oftast er den som set fram truslane under 15 år.

Publisert Sist oppdatert

Dette viser statistikken for 2019 og 2020. Statistikken for 2021 til 2023 er ikkje offentleg ennå, men kriminalinspektør Leif Malmberg ved Östra Nylands politi seier til Svenska Yle at situasjonen ikkje har endra seg vesentleg.

Ifølgje Malmberg kjem dei fleste truslane frå dei yngste elevane på ungdomstrinnet. Det tyder at dei som kjem med truslane, er under den kriminelle lågalderen.

– I dei aller fleste tilfella konkluderer trusselanalysen med at det dreier seg om uforsiktige utsegn, ofte kombinert med ei lei kjensle av ubehag, seier Malmström, som understrekar at dei leie kjenslene naturlegvis må bli tatt hand om.

Dei aller fleste truslane kjem gjennom nettet, gjerne på sosiale medium.

Malmberg trur ein grunn til at politiet fangar opp så mange truslar, er at folk er blitt flinkare til å følgje med på slike meldingar og melde frå til politiet.

– Truslane kan vere eit rop om hjelp. Særleg om problema er knytt til mobbing, seier Malmberg.

At den som truar har førebudd seg ved til dømes å ha skaffa seg verktøy, som skytevåpen, kniv, brannfarlege væsker eller bomber, skjer eit fåtal gonger i året, ifølgje Malmberg.

Til dei som er redde for at skoleskyting skal eskalere seier Leif Malmberg at han vel å tru at det ikkje behøver å skje.

– Ikkje om politiet agerer og styresmakter, skolane og foreldra førebygger, avsluttar Leif Malmberg.

Powered by Labrador CMS