Annonse
Debatt

Rett før jul tok kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til orde for å dele kunst- og handverksfaget i to fag. Målet er mellom anna å styrke handverksopplæringa. Ill. foto Tom-Egil Jensen

Det må eit mirakel til!

Tydelegare enn andre politikarar har kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sagt at det må satsast meir på praktiske fag. Men det må meir til for å sikre handverkskunnskap for kommande generasjonar.

Del side


Annonse

Faglærarutdanninga på Notodden er saman med Faglærarutdanninga i Oslo dei einaste studiestadene i landet som tilbyr ei 3-årig faglærarutdanning i Formgjeving, Kunst og Handverk. Begge studiestadene tilbyr også ein Master på toppen av faglærarutdanninga. Begge studiestadane har siste åra hatt stor nedgang i søkartalet. For studiestad Notodden er søkartalet så lågt at leiinga har vurdert å legge ned studiet. No har likevel Høgskulen i Sørøst-Norge (HSN) gitt oss ein «siste sjanse» til å lyse ut studiet og skaffe nok studentar for studieåret 2017-2018.

Statens sløyd- og tegnelærerskole starta opp på Notodden i 1938. Skulen skulle gje lærarar eittårig vidareutdanning i sløyd eller teikning. I 1961 vart det oppretta ei toårig utdanning for faglærarar i tresløyd, og i 1962 kom ei line i tekstilforming og ei for metallsløyd. Etter ei stortingsmelding om lærarutdanning i 1965, vart namnet endra til Statens lærerskole i forming, Notodden, SLFN. I Oslo (SLFO) og på Blaker (SLFB) vart det også oppretta formingslærarskular. I 1976 fekk SLFN oppretta eit hovudfagsstudium, i tråd med den nye lærarutdanningslova av 1973. Formingslærarskulen og Notodden offentlege lærarskule vart i 1976 slått saman til ein pedagogisk høgskule, Telemark lærarhøgskole Notodden. Skulen vart ein del av Høgskolen i Telemark (HIT) frå 1994. I 2016 fusjonerte HIT med Høgskulane i Vestfold og Buskerud, til Høgskolen i Sørøst-Norge, HSN. Målet er at HSN skal bli til USN – Universitetet i Sør-Norge.

Faglærarutdanningane på Notodden og i Oslo utdannar lærarar til breidde- og djupnekunnskap i grunnskulefaget Kunst og Handverk og til faget i vidaregåande skule; Kunst, Design og Arkitektur (studieførebuande) og Design og Handverk (yrkesførebuande). Med berre to utdanningsinstitusjonar i landet som gjev denne 3-årige faglærarutdanninga, skulle ein tru at det var ein stor arbeidsmarknad over heile landet, og at vi hadde fulle klassar. Slik er dessverre ikkje realitetane. I dei 17 år eg har jobba tett opp mot Faglærarutdanninga på Notodden, har vi opplevd ei dramatisk endring i studenttal. I fleire år hadde vi studenttal på over 50, og ein periode var søkarmassen så stabilt stor at vi måtte opprette to parallelle klassar. Dette året er vi nede i 14 studentar, og fleire av desse er berre årsstudentar. Høgskulen i Oslo har naturleg nok større nedslagsfelt og fleire studentar på Faglærarutdanninga, men også der er nedgangen dramatisk. Det er ei svært usikker framtid for Faglærarutdanningane i Formgiving, Kunst og handverk (Namneendring frå desember 2016 til Faglærarutdanning i Design, kunst og handverk).

Mange vil meine mykje om grunnane til at utdanninga er så lite attraktiv. Hovudårsaka er ganske klår for meg. Faglærarane våre slit med å få seg jobb ute i skulen. Mange lærarar utan utdanning i faget, vert sette til å ta Kunst- og handverk (K & H). Og mange grunnskulelærarar (GLU) tek tilsvarande eit halvt år (30 stp), eller i beste fall eit heilt studieår (60 stp) med kunst- og handverksfag, og dei vert såleis svært attraktive som lærarar som kan undervise på tvers av fagområde. Det finst per i dag ingen kompetansekrav til lærarar som skal undervise i K & H.

Når arbeidsmarknaden er liten, og studentane ikkje kjem til oss, tilbyr vi alternative løysingar for å fylle studieplassar og oppretthalde stillingar. Tidvis kan det sjå ut som det er viktigare å oppretthalde arbeidsplassar enn å jobbe beinhard for å forsvare fagkunnskapen i eit skulefag vi nasjonalt er utpeikt til å forvalte. Vi tilbyr «hurtigløysingar» på nett og på Campus. GLU-studentar får tilbod om å ta 15-30-60 studiepoeng – dei fleste gjennom studiar over nett med nokre få praktiske samlingar. Konkret kan det i løpet av 30 studiepoeng vere snakk om to samlingar på Notodden på til saman 8-10 dagar. I løpet av desse dagane får studentane ifølgje fagplanen tileigna seg erfaring og djupnekunnskap om to- og tredimensjonale område som eksempelvis teikning, IKT, arkitektur, tekstil, tre, metall, leire. I løpet av ei god veke skal dei skaffe seg eigenferdigheit, eigenerfaring – og kunnskap og erfaring til å drive ein kunst- og handverksverkstad og å rettleie elevgrupper på ofte over 20 elevar i grunnskulen. Ja – vi er flinke å legge til rette, vi er dyktige lærarar med masse erfaring, og vi har mange flinke studentar. Men vi prøver å lure oss sjølve, og vi lurer studentane til å tru at dette er godt nok for å tilby kvalitet i det svært breie skulefaget Kunst og handverk! Faglærarstudentane våre har «døgntilgang» på godt utstyrte verkstader og får jobba relativt grundig over 3 år med alle områda i læreplanane for grunnskule og vidaregåande. Likevel tykkjer mange av oss lærarane at dei kan for lite. Ludvigsen-utvalet seier at ein må redusere kompetansemåla og få meir djupnelæring på færre område. Dette trur eg er nødvendig, men det sit langt inne hjå utdanningsinstitusjonane å prioritere og å velje bort.

På Notodden tilbyr vi også Praktisk pedagogisk utdanning (PPU), som gjev rett til å undervise frå 5-13 trinn. Utdanninga gjev 60 studiepoeng og kvalifiserer fagutdanna med profesjonskunnskap og realkompetanse, men utan formell pedagogisk kompetanse, til å bli lærarar. Dette er fagfolk på sitt område, men dei har gjerne ein spesifikk fagkunnskap innan eit felt. Dei med kunstfagleg bakgrunn som tek PPU, er godt eigna til å undervise i delar av Kunst og handverksfaget, men har ofte ingen – eller minimal fagkompetanse innan andre deler av fagfeltet.

Så vi gjer det ikkje lett for våre få faglærarstudentar. Vi rir minst to hestar samstundes, og det er ei krevjande øving å ikkje ramle av. Det kan heller ikkje vere lett for skuleleiarar kringom i landet når det skal gjerast tilsetjingar i Kunst og handverk – å sjå kven som har breiddekompetanse kontra spesifikk fagkompetanse i eitt fagområde. Opptakskravet for å kunne starte på ei faglærarutdanning er i dag generell studiekompetanse med snittkarakter på minst 3 i norsk og matematikk. Det vert hevda at karakterkravet har ført til sterkt redusert søknad, og mange meiner at ein ikkje treng karakterkrav i norsk og spesielt matematikk for å bli ein god faglærar i Kunst og handverk. Sjølv skulle eg gjerne sjå at vi hadde søkarar med både god praktisk estetisk kunnskap og gode karakterar. Eg trur lite på gamle utsegn om «at har du det ikkje i hovudet, så har du det i hendene». Men eg vil meine at «den som har det i hendene, også har det i hovudet»! Ikkje alle lærer på same måten. Grunnskuleløpet er i stor grad lagt opp gjennom teoretisk tilnærming til fagstoffet. Eigentleg er det ein svært lite naturleg måte å lære på. Det er meir eit mirakel at så mange kjem seg gjennom ein teoritung skulegang, enn at nokre ramlar av lasset! Skulen treng også ei praktisk tilnærming til kunnskap, og Kunst & Handverksfaget i grunnskulen er eit av få fag som kan gje denne tilnærminga.

I mange år har K & H-faget hatt låg status i grunnskulen. Min første «Formingslærar-jobb» var borte vekk då eg besøkte den skulen for nokre år sidan. I det nye fine skulebygget fann ein ikkje rom for sløydsal, tekstil- og leirerom. Høvelbenkar, maskiner og handverkty var stua bort i vent på «neste byggjetrinn». Slike historier høyrer ein også frå andre skular, også i mitt heimfylke, «handverksfylket Telemark». Kvifor? Truleg fordi faget krev faglærarar som ofte ikkje har andre sentrale skulefag i utdanninga si. Og truleg fordi faget er «kostbart» fordi det krev material, inventar, reiskap og maskiner, og fordi faget i stor grad må ha klassedeling. Det er heilt utenkjeleg at ein skal kunne lære og rettleie barn og ungdom i krevjande handverksteknikkar og spennande, krevjande, kreative idé- utviklingsprosessar i ein klasse på over 20. Likevel høyrer ein stadig eksempel på at det ikkje er klassedeling i faget. Då får ein gjerne det resultat som i media vert omtalt som «søppelproduksjon» i Kunst- og handverksfaget. Så skal ein heller ikkje sjå vekk frå at innhaldet i faget kanskje ikkje har vore godt nok utført av våre faglærarar eller andre lærarar med lite eller ingen formell fagkompetanse.

Teikn tyder på at det er ei endring på gang i synet på dei praktisk-estetiske faga og handverksfag i grunnskule og vidaregåande. Gjennom fleire år meiner eg å ha sett ei nedprioritering av handverksfaga i vidaregåande skule. Slik mine øyre har oppfatta politikarar frå alle politiske sider, er landet vårt for «rikt og velutdanna til å utdanne handverkarar som kan få skit under neglene» – dei kan vi kjøpe rimeleg frå andre land. Skal du «bli til noko som gjev status», må det vere innan tenesteyting eller som akademikar. Men endeleg høyrer vi ein gryande politisk debatt om at nasjonen er i ferd med å miste handverkskompetanse nedarva gjennom generasjonar. Skulen har eit stort ansvar her, fordi barn og unge i dagens samfunnsliv kjem svært lite i kontakt med praktisk handverk. Og omsider er det nokon som har forstått at innovasjon og nytenking i stor grad skjer gjennom handverksutøving, praktiske erfaringar og utfordringar som må løysast, og ikkje einsidig gjennom teoretisk læring. Ei satsing på yrkesfaga er på dagsorden att i mange politiske fora. Og fleire vidaregåande skular har no ein kraftig søknadsauke til studietilbod innan kunst, design og arkitektur. Så kan ein kanskje prøve å tenkje tanken på kva fag i grunnskulen som ligg nærmast opp til å gje ungdom praktiske utfordringar og erfaringar som kan bli innfallsporten til at dei vel yrkesfag og design, kunst og handverksfag i vidaregåande skule ….

Julenissen kom tidleg i år! Vetle-vetlejulafta starta morgonsendinga i Dagsnytt med eit innslag med kunnskapsministeren om at «Sløyden skal inn i skolen igjen». Torbjørn Røe Isaksen har over tid gitt tydelege signal på at yrkesfaga i vidaregåande er ei viktig oppgåve. Tydelegare enn andre politikarar har han også sagt at det må satsast meir på praktiske fag i grunnskulen. Han meiner at Kunst og Handverk må delast i to separate fag, og at elevane må velje mellom eit fag med fokus på kunst og estetikk, og eit handverksfag med fokus på praktiske arbeidsoppgåver som trearbeid, tømring elektronikk og konstruksjon. Eg er usikker på om dette er rette løysinga, fordi generell estetisk kunnskap er nært knytt opp til handverk og det vil vere kunstig å dele faget og tvinge elevane til å gjere eit val. Men som gammal «sløydlærar» er eg glad for at kunnskapsministeren ser at den kunnskapen ein kan tileigne seg gjennom praktisk arbeid, går langt utover det å «lage». Produktet er nesten det minst vesentlege i ein formingsprosess. Definere behov, leite etter løysingar, prøve og feile, skaffe seg erfaringar, tenkje, gruble, vere i materialet og verktyet – det er det som er det viktige i faget og i ein kvar innovasjonsprosess!

Røe Isaksen, regjeringa og Stortinget må komme med langt meir konkrete verkemiddel enn det som har vore gjort til no. Timetalet i K & H er om lag 1 time i veka gjennom 8., 9. og 10. klasse – akkurat nok til å hugse kva ein gjorde sist veke, finne det fram og rydde det vekk att før timen er slutt! Timetalet og kanskje organiseringa må endrast. Økonomiske ressursar må sjølvsagt til, og departementet til Røe Isaksen må sjå til at kommunane brukar ressursane til det dei er tenkt. Klassedeling er ein føresetnad. Det må stillast kompetansekrav til dei som skal undervise i faget på ungdomstrinnet – minst 60 studiepoeng – helst krav om ei faglærarutdanning. Steffen Handal i Utdanningsforbundet vert sitert på at det er for få kvalifiserte lærarar til å undervise i faget. Sanninga er at våre studentar på faglærarutdanningane på Notodden og i Oslo, har minimum 3 års fagutdanning og får ikkje jobbane! Og som følgje av dette ser dei heller ikkje særleg stor framtid i å søke på våre faglærarutdanningar. Sett krav til skulane om å bruke kvalifiserte lærarar, og sett krav til oss lærarutdannarar om «å spisse» utdanninga vår slik Ludviksen-utvalet har sagt vi må gjere. Og la oss få lov å prøve å gjere faglærarutdanningane våre til 5-årige masterutdanningar på lik line med anna lærarutdanning.

Det må truleg større mirakelmenn enn Røe Isaksen til for å sikre handverkskunnskap for kommande generasjonar. Men det er likevel lov å håpe og tru. Det skal ha skjedd langt større mirakel enn dette frå ein som vart fostra opp hjå ein snekkar!

 

 

 

 

Kommentering av artikler er ikke tillatt mellom midnatt og 06:00.

Velkommen tilbake!