Smått – ikkje lenger godt?

Nedlegging av bygdeskular utgjer ei taus men omfattande skulereform.

  • Karl Jan Solstad er professor og seniorforsker ved Nordlandsforskning.
  • Rune Kvalsund er professor ved Høgskolen i Volda.

Tidleg på 1970-talet kom det ei bok med tittelen ”Small is Beatiful: Economics As If People Mattered”. Ein sentral tanke i boka var at småskala, desentraliserte, økonomiar og maktstrukturar kunne være effektive på same tid som omsynet til enkeltmennesket blei sikra. Vi hadde EU-valet der skepsis i periferien mot enda sterkare fjernstyring slo avgjerande ut, og vi fekk Hitra-opprøret bygd på ”motekspertisen” - på at folkeleg vett og forstand kunne vere vel så påliteleg som sentrale ekspertar.

I skulesektoren var dette tida for reversering av sentraliseringspolitikken. Omfattande forsking hadde da, stikk i strid med det fagfolk, byråkratar og politikarar meinte å vite, ikkje kunna dokumentere dårlegare skulefagleg framgang for elevar i små skular og aldersblanda klasser enn for elevar i større skular. Dei små var minst på høgd med dei store.
Seinare, på 1980- og 1990-tallet, er andre sider ved elevane som deira sosiale, fysiske og motoriske utvikling, ved kontakten heim - skule og ved skulen sin plass i det lokale miljøet, tatt opp i forskinga. Konklusjonen er at dei mindre skulane nær der elevane faktisk bor, for disse elevane og samfunna har klare fordeler framfor større skular langt unna. Norsk forsking fram til i dag kan oppsummerast slik det britiske Office for Standards in Education (Ofsted) i 1995 gjorde for to kategoriar skular – små (20-100 elevar) og store: ”På eit breitt spekter av samanlikningar som gjeld kvaliteten på det pedagogiske tilbodet, kom elevar ved små skular betre ut (rated more favourably...) enn dei ved store” (vår omsetjing). I bøkene Skolen og distrikta (Solstad og Thelin 2006) og Bygdeskolen i velstands-Noreg (Solstad 2009) er relevant nyare norsk og svensk forsking på dette området lagt fram. Eit spesialnummer av det velrenommerte tidsskriftet International Journal of  Educational Research (Kvalsund og Hargreaves 2009) gir oversyn over forsking om skule og lokalsamfunn i fem nordeuropeiske land. Desse tre forskingsoversyna viser at konklusjonen slik Ofsted formulerte den, står fast.

To profilerte pedagogar, Alfred Oftedal Telhaug og Thomas Nordahl, har frå midt på 1990-talet gått ut i norske media med tilforlatelege argument om at i dei små skulane er ikkje lærarane gode nok, kompetansen deira brei nok, og elevane mange nok til å sikre akseptable læringsvilkår. Problemet var, som vi har sett, å finne empirisk dekning for desse påstandane. Rett nok hevda Thomas Nordahl i eit debattinnlegg i Hamar Arbeiderblad våren 2007 at hans forsking på skular i ein større austlandskommune hadde vist svake sider ved små skular både i fagleg og sosial læring. Nærare inspeksjon av rapporten som han bygde sine påstandar på, viste at den på ingen måte gav grunnlag for slike konklusjonar. Arbeidet var då heller ikkje forankra i relevant forsking. Og grunnen til at resonnementa omkring dei ”uheldige” sidene ved små skular ikkje slår ut i tilsvarande nedsett utbyte av skulen, korkje  i Noreg eller andre land, er at nettopp desse skulane også har fleire sterke sider som elevar og lærarar gjer seg nytte av. Samhandling mellom elevar på tvers av alder og kjønn, naturleg ansvarslæring, meir omfattande vaksenkontakt, betre bruk av nærmiljøet i undervisninga og tettare kontakt med føresette, er dei viktigaste og best dokumenterte, blant anna i to norske doktorgradsavhandlingar (Kvalsund 1995, Berg-Olsen 2008). Og dette er skular der det ligg godt til rette for å utvikle gagnlege og sjølvstendige menneske slik formålsparagrafen i Opplæringslova krev, og ikkje berre det snevre instrumentelle prosjektet med elevar som skal bli skuleflinke i teoretiske fag og for nasjonale prøver. Internasjonalt  er ein skule for daning av gagns menneske i nær slekt med ideane om den samfunnsaktive skulen, bærekraftig utdanning og det som blir kalla ‘place based education’, sjå t.d. Gruenewald og Smith (2008), Jordet (2010).

Det var derfor ikkje vi med liten undring vi sist vinter kunne registrere at direktøren for Utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim, gjennom oppslag i Dagsavisen og på KS-konferansar for rådmenn og ordførarar slo fast at det no var dokumentert at små skular i små kommunar, var eit trugsmål mot læringsarbeidet i skulen og mot det likeverdige skuletilbodet. Dokumentasjonen var rapporten Prestasjonsforskjeller mellom skoler og kommuner: Analyse av nasjonale prøver 2008 (SØF-rapport nr. 01/10) publisert i januar 2010. Interessant nok kjem altså rapporten frå Senter for økonomisk forsking (SØF). La oss sjå litt nærare på denne dokumentasjonen.
SØF har gjort regresjonsanalysar av prøveresultat (avhengig variabel) som ein funksjon av ulike eigenskapar eller variablar som kan målast. Desse variablane er ifølgje rapporten forhold ved elevane sin bakgrunn (fars/mors utdanning, yrke og inntekt), ved skulen (skuletype, elevtal ved skulen/i klassen, tal jenter/gutar i klassen, lærars kjønn og utdanning) og ved skulestaden (fylke, kommunestorleik, og inntektsnivå). I teorien vil det då vere slik at dersom alle viktige forhold som har innverknad på elevars prøveresultat, kom med i oppsettet, ville vi kunne ”forklare” heile, dvs. 100 % av, variasjonen. Dette oppnår vi aldri, først og fremst fordi det av praktiske og etiske omsyn ikkje er muleg å ”måle” presist nok alle viktige forhold. Til dømes inngår det ikkje data i denne studien om dei kanskje to viktigaste forholda for å forklare skilnader i elevers faglege prestasjonar, nemleg om elevanes intellektuelle føresetnader og om kvaliteten på undervisninga. SØF-rapporten (s. 8) seier at dei ikkje har data om åtferd og samhandling. Dermed vil påviste samanhengar bli vanskeleg å tolke. I regresjonsanalysane i SØF-rapporten, blir 10-20 prosent av variasjonen i prøveresultat forklart av dei variablane som inngår. Altså er det aller meste uforklart, og det som blir forklart vil vere vanskeleg å forstå.
Eit anna viktig omgrep ved statistiske analysar er ’statistisk signifikans’. Grovt sagt tyder det at effekten av ein viss variabel, til dømes skulestorleik, er så stor at han ikkje kan vere tilfeldig. Med mange variablar og stort tal einingar, som t.d. ein heil årsklasse elevar, vil substansielt uinteressante samanhengar mellom variablar kunne framstå som statistisk signifikante, og dermed bli tillagt vekt. Denne SØF-rapporten har fleire slike funn, dels motstridande, dels beint fram urimelige og iallfall substansielt ikkje-signifikante – og derfor heller ikkje interessante. Då er det svært uheldig om direktøren for Utdanningsdirektoratet, med den autoritet som stillinga gir, på grunnlag av forsking som dette, skremmer foreldre med at små skular – og små kommunar som han også har gått til felts mot - er ein risiko for læring hos elevane og dermed for deira framtid. På same tid gir han også rådmenn, ordførarar og kommunestyre det ”saklege” argumentet som dei treng for sine mange vedtak om skulenedlegging av budsjettomsyn som vi har vore vitne til etter innføring av nytt inntektssystem i 1986. Vi ser også konturane av ei ny byråkratrolle – den politisk handlande byråkraten – og det er uheldig, også ved at det aukar sentraliseringspresset vesentleg.

Dei som blir skadelidande, vil for det første vere elevar som må tåle lange reiser til og frå skulen med dei følgjer det får for tap av fritid og for fysisk utvikling og velvere. For bygdesamfunna betyr skulenedlegging tap av ein viktig samfunnsinstitusjon og av viktige arbeidsplassar. På lengre sikt vil stader utan barnehage og grunnskule konkurrere dårleg om ny arbeidskraft. Dermed trugar skulenedleggingar politisk viktige mål om at heile landet skal leve og at stadbundne ressursar i størst muleg grad skal utnyttast, slik St.meld. nr. 21 (2005-2006): Hjarta for heile landet ønskjer å legge til rette for gjennom bærekraftige lokalsamfunn. Det  ikkje å utnytte stader og regionar rundt om i landet, er ei omfattande nasjonal ressurssløsing – men dette kjem ikkje fram i den kommunale nytte-kostnads-rekneskapen.

Sentraliseringsstrevet på skulefeltet er gammalt tankegods, oftast utan forankring i forsking og i strid med fokeviljen i dei fleste lokalsamfunn som blir offer. Likevel skjer det – igjen og igjen. Liknande tendensar ser vi innan andre offentlege sektorar som helse, politi og samferdsel og innan primærnæringane. Sentraliseringssakene blir oppfatta som fråkopla småprosjekt i lokaldemokratiet som automatisk vil gi stordriftsvinst – altså inga stor sak som har med nasjonen å gjere. I realiteten er likevel dette kanskje den største reforma av den norske skulen på mange tiår også når det gjeld pedagogisk innhald, men ho blir underkommunisert og har ikkje status som reform. Kanskje eit folkeleg namn kunne vere – Kunnskapsløftebrotet?

Powered by Labrador CMS