Skuffa pensjonist

Debatt: Her sit ein litt skuffa og vonbroten pensjonist, og eg har fleire med meg!!

Publisert Sist oppdatert

I juni slutta eg og tre andre kollegaer med over 40 år i skulen. Som medlem i Lærarlaget, seinare Utdanningsforbundet, hadde me vore medlem like lenge, ja for mitt vedkomande hadde eg vore medlem i om lag 45 år, sidan eg starta som studentmedlem.

Me hadde vel kanskje venta ei aldri så lita påskjøning frå forbundet vårt, men nei. Me tok dette opp med lokallaget som ikkje hadde noko. Jau, sjølvsagt skulle me vel hatt ein blomst, men det var ikkje vanleg!!

Eg ringde så til Utdanningsforbundet i Hordaland og snakka med leiaren der. Han kunne fortelja at det ikkje var vanleg med noko markering når ein hadde vore medlem så lenge, men han var einig i at det burde vore noko, så han skulle ta det opp sentralt. Om så er gjort veit eg ikkje.

I Utdanning nr. 3 2010 les eg at Ole Petter Blindheim sluttar etter 37 år i forbundet, og vart stort heidra med gullnål m.m. Det var sikkert vel fortent, men det var då eg fekk lyst å senda dette brevet.

Hadde det ikkje vore på sin plass at Utdanningsforbundet markerte aldri så lite når me sluttar i skulen og har vore medlem i over 40 år?

Eg hadde sjølv ein far som slutta i arbeidslivet på 70-talet. Han hadde då vore medlem av Bekledningsarbeidarforbundet seinare Fellesforbundet i vel 30 år. Då han slutta kom det diplom og pengegåve frå Fellesforbundet!!

Me er ikkje ute etter dei store pengane, men ei takk hadde likevel vore på sin plass. Ikke minst sidan me har betalt inn store summar i kontingent til Utdanningsforbundet i alle år, eit forbund som står seg svært godt økonomisk.

No sit eg her og lurer på om eg skal seia opp medlemsskapet mitt, kanskje det då vil koma ei markering, kva veit eg!!

Powered by Labrador CMS