Foto: Heiko Junge
Justiskomiteen vil at lærarar skal vite meir om æresvald
Stortinget må ta stilling til om tilsette i barnehage og skole treng meir kunnskap om æresvald og æreskultur.
Torsdag denne veka skal stortingsrepresentantane votere over eit framlegg der det mellom anna heiter at regjeringa bør sørgje for meir kunnskap om dette hos skole-
og barnehagetilsette.
Vegen fram til votering starta med at Framstegspartiet la fram eit forslag for justiskomiteen med
fleire ulike tiltak mot æresvald og og æreskultur.
Etter
sakshansaminga samla komiteen seg om ønsket om å ruste opp hjelpeapparatet med
meir kunnskap og ressursar for å kunne arbeide med feltet. Æresrelatert vald bør bli ein del av
utdanninga til dei profesjonane som vil møte problematikken i sitt arbeid. Ved
sida av skole og barnehage blir helsevesen, politi og barnevern nemd.
I
tillegg bør regjeringa sjå til at dei som alt arbeider i desse yrka får meir
kunnskap om æreskultur, slik at dei tidleg kan avdekke dette og følgje opp dei
utsette barna, heiter det i framlegget.
Les mer: Representantforslag om konkrete tiltak mot æreskriminalitet