Danske barnehagelærarar vil til Norge

I fjor søkte 119 danske pedagogar om å få godkjent utdanninga si for arbeid som barnehagelærar i Noreg. Hittil i år har 22 søkt.

Publisert

I 2009 var det berre tre med dansk utdanning som søkte om slik godkjenning. Men sidan da har søkjarane auka jamnt, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

- Vi reknar at det er blitt borte 5000 stillingar i den danskebarneomsorgen sidan 2009. Nedskjeringane har gjort det vanskeleg å få jobb, seier Michael Anderson i det danske fagforbundet Børn og Unge. Forbundet arrangerer i desse dagar kurs over heile landet for dei som er i ferd med å avslutte utdanninga. Korleis søkje om dagpengar er eit viktig punkt på kurset.

 

Dei unge drar

Dei fleste som søkjer jobb i Norge kjem frå Nord-Jylland, ifølgje Michael Andersen.

- I Sør-Jylland søkjer dei seg til Tyskland, seier han.

Det er dei unge, nyutdanna som drar, fortel Michael Andersen. Og dei aller fleste vil heim igjen. Håpet er at å arbeide noen år i Norge skal gjere det lettare å få jobb i Danmark.

 

Fleire tilsette

- Men arbeid i Norge er også attraktivt fordi det er fleire tilsette per barn der enn i Danmark, understrekar han.

Dei danske søkjarane har oftast det som i Danmark heiter «professionsbachelor som pædagog». Det er ei utdanning på tre og eit halvt år, som blant anna inkluderer praksis i barnehage, fortel rådgivar Turid Melvold i Utdanningsdirektoratet.

 

Polske søkjarar

Ei anna søkjargruppe som aukar, er polakkar. Ti har søkt om godkjenning alt i år. Av dei har berre fem fått godkjenninga. Tre fekk avslag, og to har fått vedtak om at dei treng det som heiter utlikningstiltak.

Det tyder at utdanninga dei har er minst eit og eit halvt år kortare enn norsk utdanning, eller av andre grunnar ikkje er på høgt nok nivå. Dei som får slikt vedtak kan anten få ei pensumliste og så gå opp til ein prøve, eller arbeide under rettleiing i ein barnehage ei viss tid.

 

Jamn auke

Frå og med 2009 har 123 søkt om å få polsk pedagogutdanning godkjent for arbeid i norske barnehagar. Talet har auka jamt og trutt. I fjor var det 44, i 2009 var det 4. 59 av søkjarane har fått avslag. Fem har fått vedtak om utlikningstiltak.

I år står for første gong Portugal og Romania på lista over land søkjarane kjem frå. Det er kome to søknadar frå begge desse landa, men alle har fått avslag. Gjengangarane på lista er, i tillegg til Danmark og Polen, Sverige, Tyskland, og Island. I 2013 søkte 6 frå Russland, ein fekk godkjenning. I 2014 søkte 13 frå Ukraina. 10 fekk avslag. Begge desse landa har vore på lista berre ein gong.

Alt i alt søkte 277 om godkjenningi fjor. Det var 73 fleir enn i fjor.

 

Opp til arbeidsgivar

Turid Melvold i Utdanningsdirektoratet fortel at fram til 2008 var det inga godkjenningsordning for utdanninga til dei som søkte lærarjobb eller barnehagelærarjobb med utdanning frå utlandet. Det var opp til arbeidsgivar å akseptere utdanninga eller ikkje.

Nå må søkjarane søkje godkjenning av utdanninga i Utdanningsdirektoratet.

- Det tyder at blant dei som søkjer om å få godkjent utdanning kan noen ha arbeidd lenge her i landet. Men så vil dei skifte jobb, og da må dei ha godkjenning, seier Turid Melvold.

 

Powered by Labrador CMS