Bildet viser politiet utenfor Latinskolen der en 18-åring drepte to lærere.

Svensk skoleminister vil ha utgreiing om skolevald

Lærarane skal få eit tydelegare mandat for å gripe inn i valdelege situasjonar.

Publisert Sist oppdatert

Bakgrunnen er at sidan januar i fjor har det vore fire alvorlege hendingar med død og grov vald i svenske skolar. Det er STV som melder dette.

Torsdag offentleggjorde den svenske skoleministeren Lina Axelsson Kihlbom at det svenske kriminalforebyggjande rådet har fått i oppdrag å gjere ei utgreiing om korleis tryggleiken i skolen kan bli betre.

Les også: Svensk politi: – Lærarar får livsfarlege råd

Lina Axelsson Kihlbom vil at dette skal inkludere at det skal bli lettare å stoppe valdelege elevar og at lærarane skal få eit tydelegare mandat for å gripe inn i trugande situasjonar.

Utgreiinga skal blant anna omfatte utviklinga av vald i skolen; kven utøvar vald, korleis ytrar valden seg og kven blir den retta mot. Den skal og omfatte korleis informasjon og kunnskap om vald og om handtering av vald skal nå fram til skolane. Skoleverket skal få ein metode for å handtere uro for valdeleg ekstremisme.

Les også: Hvorfor er ikke beredskap på timeplanen?

Powered by Labrador CMS