Svenske kommunar søkjer ikkje automatisk etter kvalifiserte lærarar 

78 prosent av svenske kommunar lyser ikkje automatisk ut stillinga når tidsavgrensinga går ut for ein midlertidig tilsett utan lærarutdanning.

Publisert

I 60 prosent av kommunane skjer det ved einskildtilfelle at stillinga ikkje blir lyst ut, i 18 prosent skjer det ofte. I staden held den midertidige fram med jobben. Berre 19 prosent av kommunane lyser alltid ut slike stillingar. 

Det er bladet «Vi Lärare», gitt ut av fagorganisasjonen Sveriges Lärare, som melder dette. Tala har dei kome fram til gjennom ei spørjeundersøking blant 290 av lokallaga sine.

Ikkje tilgjengeleg

Den viktigaste grunnen til at slike stillingar ikkje blir lyst ut er at kommunane ikkje har tru på at det finnst kvalifiserte lærarar tilgjengeleg. Men kontinuitet for elevane og høve til å spare pengar spelar og inn, ifølgje svara.

Skolesektoren sparer tre milliardar svenske kroner i året på å ikkje ha kvalifiserte lærarar i alle stillingar, ifølgje bladet.

Dalarna er fylket med færrast lærarar som er kvalifisert til å undervise i minst eitt fag. Der har 61,8 av dei som underviser slik kvalifikasjon. Västerbotten har flest kvalifiserte lærarar med 77,6 prosent. I Stor-Stockholm har 72 ,2 prosent av dei som underviser lærarsertifisering.

Vil stramme inn reglane

Bladet Vi Lärere har sett på bruken av ukvalifiserte lærarar i den svenske skolen i samband med ei kommande gjennomgang av reglane for lærartilsettiingar i Sverige. 

Det svenske Skolverket ønsker å stramme inn på reglane. Dei meiner ein må vurdere om det skal innførast eit absolutt krav om sertifisering for å vere lærar. I dag er det fleire unnatak. 

Powered by Labrador CMS