Ein lærer så lenge ein har elevar

Debatt: Det er uråd å vite kva som festar seg hos elevane.

Publisert

Her om dagen fekk eg ei tilbakemelding frå ein tidlegare elev. Som lærar i vidaregåande skule får ein mange tilbakemeldingar frå elevane om mykje, og ikkje berre faglege saker, sjølv om dei er i klart fleirtal.

I klasserommet har eg fått hyggjelege og velmeinte oppmodingar om at sokkane bør stå i stil til anten buksa eller skoa. Eg har fått konstruktiv kritikk om sveisen min, klesstil og om bilval.

Men eg har også fått rørande tilbakemeldingar frå tidlegare elevar som har gitt undervisninga ein del av æra for at dei har klart seg godt i studiar på universitetet eller generelt i livet. Det er veldig stas.

Her om dagen fekk eg altså ein munter e-post frå det som viste seg å vera ein tidlegare elev. Eg hugsar han godt. Han skreiv at han nyleg vart spurd om han hadde ein «fun fact» om seg sjølv. Då fortalde han kollegaene sine at han har ein «uprovosert fascinasjon for versjonen av pidgin-engelsk på Solomonøyane». Han kunne fortelja meg at denne fascinasjonen kom frå norsktimane mine. Eg hugsar godt at eg brukte desse døma, men eg var ikkje klar over kva inntrykk dette kunne ha på elevane i lang tid etterpå.

Han skreiv også på pidgin-engelsk i e-posten: Mi garem trifala pikinini - tufala boe an wanfala gelé*.

Sjølv om eg ikkje er stø i pidgin, kan det nesten verka som om gutungen frå klassen den gongen har blitt far. Det er ikkje rart, for denne eleven hadde eg i norsk for over tjue år sidan.

Denne petiten stod først på trykk Utdanning nr. 5/2023.

Det er alltid nyttig å tenkja over og sjå i nytt lys den praksisen ein har som lærer. Det vera seg den praksisen ein hadde for 20 år sidan, eller i siste time. Det er fleire refleksjonar eg alltid gjer meg etter tilbakemeldingar frå elevar.

Ein refleksjon er at ein aldri kan vita akkurat kva som festar seg hos elevane. Ein annan er at me som lærarar alltid må vera klar over det me seier og gjer, kan setja spor, både positivt og negativt.

I tillegg til den faglege oppdateringa er tilbakemeldinga frå elevar avgjerande for at eg kan vekse fram som lærar. Derfor er både små og store tilbakemeldingar frå elevar svært velkomne.

Også dei på pidgin-engelsk.

* Eg har tre barn – to gutar og ei jente.

Powered by Labrador CMS