Kven ønsker å bli ein avmektig lærar?

Debatt: Læraren i den norske skulen har mista nesten all makt. Han eller ho kan bli krenka og trakasserte av både elevar og foreldre utan særlege høve til å ta til motmæle.

Publisert Sist oppdatert

Denne avmakta er også ein grunn til at berre få ønsker å utdanna seg til yrket.

Samordna opptak melder også i år om sterk nedgang i talet på søkjarar til lærarutdanning. I fjerde nummer av bladet Utdanning er det eit oppslag om at i fjor kom det inn over 20000 meldingar om vald, trugsmål og krenkingar mot tilsette i skulane i landets tjue største kommunar.

Dette betyr at tusenvis av elevar har opplevd at medelevar har trakassert lærarane deira med slag, spark, kloring og utskjelling utan at lærarane har kunna nytta høvelege reaksjonsmåtar. Mange lærarar føler seg utrygge på arbeidsplassen. Med slike arbeidsforhold står ikkje læraryrket fram som ein framtidig attraktiv arbeidsplass for ungdom som skal velja utdanning.

Tidlegare var det lærarane som stod for all «makt» i skulen. Dette kunne vera uheldig. Nå har ein hamna i den andre grøfta. Lærarane har nesten ingen «makt». Elevar og foreldre kan trakassera ein lærar på det grovaste utan at lov og regelverk legg til rette for særlege reaksjonar. I forslaget til ny opplæringslov er dette problemet dessverre berre omtalt i vage formuleringar. Stortinget har her ein jobb å gjera med å få inn formuleringar i lovteksten som tryggjer rettsvernet og arbeidsvilkåra for lærarane.

I bladet Utdanning nr. 3/2023, kan vi lesa at tal frå Studiebarometeret viser at aldri før har så mange lærarstudentar vore misnøgde med utdanninga si. Sidan 2013 har lærarutdanninga vore blant dei lågast rangerte utdanningane når det gjeld studentane si vurdering av eiga utdanning. Det er underleg at ansvarlege styresmakter ikkje har registrert dette signalet og gjort noko for imøtekome studentane sine ønskje.

Når skulen er blitt ein utrygg og vanskeleg arbeidsplass, og lærarutdanninga lite interessant og tiltrekkjande, er det dessverre forståeleg at dette kan påverka ungdom som skal velja utdanning. Studentane etterlyser mellom anna meir praksis.

Etter mi meining bør lærarutdanninga for grunnskulen igjen bli fire år med påbygging til master som frivillig tilbod for studentar og vidareutdanning for lærarar. I eitt av dei fire åra bør studentane vera praktikantar på ein eller fleire skular i ein kommune der dei kan få praktisk erfaring med lærararbeid saman med kvalifiserte lærarar. Ved ei slik ordning kan studentane også representere ein ressurs ved skulane i kommunen.

NB! Dette innlegget stod i Stavanger Aftenblad 13. mai 2023. Red.

Powered by Labrador CMS