Forhandlingssjef i Utdanningsforbundet, Aina Skjefstad Andersen, med leiar Geir Røsvoll ved forhandlingsstart.
Foto: Jørgen Jelstad
Mekling for Akademikarane kan gi nye forhandlingar for UDF
Får Akademikarane i denne meklinga eit betre resultat enn avtalen dei to andre lærarorganisasjonane fekk, kan dei krevje nye forhandlingar.
– Om vi vil ta den retten i bruk skal vi vurdere når meklingsresultatet er kjent, seier forhandlingssjef i Utdanningsforbundet Aina Skjefstad Andersen.
Fagorganisasjonen Akademikarane forhandla saman med YS, Unio og LO i tarifforhandlingane som starta 15. april i år, der KS var motpart.
Akademikarane var part i desse forhandlingane på vegne av 6000 lektorar i Norsk Lektorlag. Lærarorganisasjonane Utdanningsforbundet og Skolenes landsforbund ligg under Unio og LO.
Og for dei førte forhandlingane til at dei vart einige med KS om ny tariffavtale. Men det gjorde ikkje Akademikarane.
– Vurdering av heilskapen
Difor er
Akademikarane nå i mekling, med frist til midnatt 23.mai. Og får dei ei avtale som er betre enn den dei to andre har akseptert kan dei krevje nye forhandlingar.
– Når Akademikarane ikkje aksepterte den same avtala var det etter ei vurdering av heilskapen, seier leiar i Akademikarane kommune Tonje Leborg til Utdanningsnytt.
– Tilbodet frå KS var rett og slett ikkje godt nok, seier Lebrog.
Reallønnsvekst
Utdanningforbundet
seier i ei pressemeldinga at oppgjeret i år tilfredsstilte kravet om klar
reallønnsvekst og ei prioritering av dei med lengst utdanning og lang
ansiennitet. I tillegg var det semje
medllom partane om å setje ned eit utvalg som skal sjå på lønnsmodellane. Dette
trur Utdanningsforundet kan endre lønssystemet i framtida.