Lærarane meiner læringsmiljøet er blitt dårlegare

I den siste Lærarundersøkinga frå Utdanningsdirektoratet er trenden klar: Kvaliteten på læringsmiljøet i skolen blir stadig dårlegare, ifølgje lærarane.

Publisert Sist oppdatert

Sidan Lærarundersøkinga i 2014 er vurderinga frå  lærarane at læringsmiljøet i skolen er blitt stadig dårlegare. Den negative utviklinga er ikkje særleg sterk, men likevel tydeleg, konstaterer Utdanningsdirektoratet. Direktoratet tolkar likevel svara slik at lærarane alt i alt vurderer læringsmiljøet i skolen som godt.

I den nye Lærarundersøkinga, utført i 2022, er det spørsmålet om krenking i barne- og ungdomsskolen som har den brattaste kurven i gal retning. Det er her dei negative endringane har vore størst, ifølgje svara frå lærarane. 

På ein skala der 5 er best, altså minst krenking, og 1 er verst, har ungdomsskolen gått frå 4,2 til 3, 7 i lærarane si vurdering. I barneskolen har tala gått frå 4,1 til 3,8. I vidaregåande har måltalet ligge stabilt rundt 4,7. 

Mobbing har og hatt ein relativt bratt negativ kurve, men ikkje like bratt som for krenking.

Lite motivasjon

Motivasjonen hos elevane får også relativ låg score av lærarane, det er berre det fysiske arbeidsmiljøet som får lågare. 

Skilnadane mellom kven som svarar kva på spørsmålet om motivasjon går mellom skoleslaga. Langt fleire lærarar i vidaregåande skole og ungdomsskole enn i barneskole meiner manglande elevmotivasjon er eit læringsmiljøproblem. Men trass i at lærarane meiner at læringsmiljøet er blitt dårlegare, meiner dei at den grunnleggjande meistinga til elevane ikkje har gått ned.

Ifølgje Utdanningsdirektoratet viser ei samanlikning mellom Lærarundersøkinga og Elevundersøkinga dessutan at lærar og elevar er einige i utviklinga og stoda i skolen.

Rundt ti prosent av skolane har gjennomført undersøkinga kvart år. Det er frivillig for lærarane ved desse skolane å vere med. Utdanningsdirektoratet seier undersøkinga gir eit bilete av kva lærarane i norsk skole meiner om læringsmiljøet, men vil ikkje kalle undersøkinga representativ.

Heile undersøkinga les du her: 

https://www.udir.no/contentassets/663a984b60ed452183e8fbaaf64c090f/larerundersokelsen-og-foreldreundersokelsen-2022.pdf



 Læringsmiljøet er viktig for å unngå frafall

 

Powered by Labrador CMS