KS
tariff
forhandlinger
unio

– Politikarar får gøyme seg i KS-systemet

Lokalpolitikarar meiner hemmeleghald og lite rom for politisk diskusjon år for år har svekka KS som lærarane sin organisasjon.

Publisert Sist oppdatert

– Kva politikarane i KS gjer framlegg om og voterer, får vere hemmeleg. Dei får får gøyme seg i KS-systemet. Men dei er valde av veljarar som bør ha rett til å vite korleis dei ivaretar tilliten, seier Kjartan Alexander Lunde, gruppeleiar i Rogaland Venstre.

KS har i år bedt dei organa som skal gi råd om dette, kommunane og fylkesmøta, vurdere å unndra handsaminga og råda frå offentlegheit.

– Arbeidarpartiet og Senterpartiet i Rogaland hadde lagt opp til at diskusjonen og vedtaka skulle vere unntatt offentlegheit, seier Lunde.

Dette førte til ein debatt som resulterte i at saksframlegget og protokollen vart offentleg, men ikkje debatten og avrøystinga.

Kjartan Alexander Lunde er nøgd, men ikkje fullnøgd med dette.

– Med unntak av Hjelmeland hadde alle kommunane i Rogaland offentleggjort sin debatt og vedtak om råd til KS for prioriteringane ved lønnsoppgjeret. Fleire hadde direktesending frå møtet. Da hadde det vore heilt merkeleg om vi skulle halde vårt svar hemmeleg, seier han.

Men han er ikkje nøgd med at det ikkje er offentleg kven som har argumentert for kva under debatten.

LES: Her er kommunenes oppfordringer til KS før lønnsoppgjøret

Veljarane må kunne kontrollere

– Representantane i KS er politikarar som veljarane har røysta på ut frå den politikken dei har lova å føre. Da må veljarane kunne kontrollere at dei røystar og argumenterer etter dette, seier han.

– Ordførar i Eigersund sit i hovudstyret til KS. Til Utdanningsnytt seier han at i KS-styret er ein ikkje partipolitikar, men tillitsvald for sin kommune. Tyder ikkje det at partipolitikken bør få kvile?

– Eg ser at det kan vere argument for at hovudstyret i KS ikkje skal offentleggjere strategien KS skal gå inn i lønnsforhandlingane med, seier Lunde.

– Men på fylkesplan er ikkje det eit godt argument. Her er partia representert etter valresultatet. Dei som sit der, dei sit der fordi mange nok likar politikken dei har lova å føre, og difor har røysta på dei. Berre i dei kommunane som er så små at dei berre har ein representant, blir det litt annleis. Da er det ordføraren, som ikkje alltid kjem frå det største partiet, som er representant, seier han, og held fram:

– På møte i KS på fylkesplan blir vi dessutan alltid ført opp under partinamnet. Alt i alt framstår KS på fylkesplan KS som alle andre politisk valde organ. Det sit medlem der frå parti som protesterte på måten lærarstreiken vart avslutta på i 2021. Det er representantar frå parti som tydeleg støtta streiken i fjor. Det sit representantar der som, både i valkamp og ellles, klart har uttrykt oppfatningar om kva vi treng for ein betre skole, og for at fleire lærarar og høgare lærarlønn heng saman med det, slår han fast.

– Men i dag legg KS til rette for eit hemmeleghald rundt debatt og vedtak, slik at veljarane ikkje kan kontrollere at desse politikarane i KS-samanhang røystar i samsvar med det dei tidlegare har sagt. Slik kan politikarane gøyme seg i KS-systemet, seier Lunde.

Sjølv sette Kjartan Alexander Lunde under fylkesmøtet i Rogaland fram eit endringsforslag og eit nytt forslag til vedtak som båe hadde som intensjon å peike på behovet for lønnsauke for lærarar spesielt og arbeidstakarar med lang utdanning generelt, men fekk få røyster.

Problematisk nøytralitet

– Eg røysta ikkje for framlegget frå Lunde av di eg oppfatta det som ein omkamp. Men eg er eining med ham i at semje og einighet i KS-systemet er i ferd med å føre KS inn i ein problematisk nøytralitet, seier Heidi Bjerga, deltakar på fylkesmøte frå Sandnes og SV.

Ho seier Lunde alt hadde hatt framlegga sine oppe i administrasjonsutvalet utan å vinne fram. Da ville ho ikkje stemme for det i fylkesmøte.

– Men eg konstaterer at KS har svekka si rolle som lærarane sin organisasjon år for år, og at dette er svært trist, seier Bjerga og held fram:

– Eg trur organiseringa av KS er ein del av problemet. Her er lite rom for politisk diskusjon. I KS skal semja vere så sterk at ho blir til ein nøytralitet. Å løfte fram grupper i lønnsforhandlingane er det ikkje rom for i denne nøytraliteten. Legg til at i lønnsforhandlingane skal 41 arbeidstakarorganisasjonar inn under same paraply, seier ho.

Alle parti som motstandarar

Så når lærarane endar opp i tvungen lønsnemnd etter lovleg streik og i tillegg får eit tidspunkt for lønnsjustering langt etter alle andre, ja da har dei alle politiske parti som motstandarar, konstaterer Heidi Bjerga.

– Korleis skal vi løyse dette?

– Eg veit ikkje. Ikkje ut over at eg har foreslått at fylkesutvalet skal diskutere spørsmåla knytte til lønnsoppgjeret. Da kjem spørsmålet opp på eit høgare politisk nivå, avsluttar Heidi Bjerga.

Meir nyansert lønnspolitikk

– Forhandlarane i KS må merke seg at lønnspolitikken arbeidsgivarar i kommunar og fylke treng ein nyansert lønnspolitikk. Det blir ikkje godt nok å berre lage ein eins politikk for alle ut frå fleirtalsvedtaka i kommunane, seier varaordførar i Trøndelag Tomas Iver Hallem, Senterpartiet.

Under fylkesmøte i Trøndelag fekk han 16 av 50 røyster mot eit vedtak der det mellom anna heitte at:

«Lærere med lang utdanning og lang ansiennitet bør prioriteres i det sentrale oppgjøret.»… «For å sikre tilgang på kompetanse og for å utvikle riktig kompetanse fremover er det viktig at utdanningsgrupper innenfor yrkesfag og utdanningsgrupper med lang utdanning og ansiennitet fortsatt velger å undervise i skole. Det var særlig utdanningsgrupper med lang utdanning og lang ansiennitet som ble nedprioritert i 2022. Denne utviklingen kan ikke fortsette.»

– Kvifor sette du fram dette framlegget?

– Med arbeidsgivaransvar for vidaregåande opplæring er det svært viktig for meg at vi har ein lønnspolitikk som støttar opp om behovet for kvalifiserte lærarar. Lærarane i vidaregåande skole er nøkkelpersonar for at vi skal kunne utvikle regionen slik vi ønskjer, seier Hellum.

At han ikkje fekk fleirtal for framlegget sitt på fylkesmøte tar han med ro.

– I Trøndelag er det 35 kommunar og ein fylkeskommune, held Hallem fram.

– I fylkeskommunane er vidaregåande utdanning mesteparten av det vi driv med. Kommunane har langt fleire oppgåver, slår han fast.

– Kommunane må naturlegvis svare KS ut frå alle dei oppgåvene dei har. Fylkeskommunen må svare ut frå sine. Da er det ikkje rart om svara blir ulike, seier han.

– Men KS kan ikkje ignorere fylkeskommunens behov berre fordi vi er ein og kommunane 35. Nå forventar eg at forhandlarane våre tar innlegget mitt inn over seg. Konfrontasjonslina mot lærarane, som KS har ført i lønnsforhandlingane, den må vere slutt på, understrekar Thomas Iver Hallem.

Handal: – KS har fått mandat om å satse på lærarar

– KS har ikkje mandat frå kommunar og fylkeskommunar for å føre den same strategien ved dette lønnsoppgjeret som i fjor, konstaterer leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal.

Han viser til at det i år har vore mye politisk aktivitet i mange kommunar om kva for råd kommunen skal gi KS om prioriteringane for lønnsoppgjeret. Lokalpolitikarane har diskutert og votert.

– Det er bra, understrekar Handal.

Resultatet er eit tydeleg ønske frå mange lokalpolitikarar om ei sterkare satsing og prioritering av lærarar i skole og barnehage.

– Vel KS sine forhandlarar å følje same strategi ved forhandlingane i år som i fjor kan ikkje eg skjøne at dei kan argumentere med at dei nå handlar på mandat frå kommunane, slår han fast.

Lokaldemokrati

Steffen Handal er svært nøgd med dette politiske engasjementet, og meiner det er bra både for lokaldemokratiet og for skolen.

– Skal vi ha offentlege velferdsgode tyder det at dei må vere offentleg styrt. Og offentleg styrt, det tyder styrt av politikarar, seier han.

– Men nå abdiserer på eit vis politikarane frå partipolitikken i det dei kjem inn i det politisk valde KS. Det kan føre til at får eit stort demokratisk underskot i samfunnet. Når KS opptrer slik er ein av dei viktigaste delane av norsk finanspolitikk, nemleg det meste av offentleg sektor, utan politisk ansvar, slår Handal fast.

Streiken

At opptakten til lønnsoppgjeret er blitt ein opptakt til ein politisk debatt om politiske prosessar i kommunesektoren, meiner han er eit resultat av streiken i fjor.

– Streiken ga grobotn for eit viktig arbeid som våre medlem og tillitsvalde har gjort i sine kommunar og fylkeskommunar. Dei har synleggjort den politiske samanhangen mellom lærarmangel og lønnsutviklinga til lærarane, konstaterer han.

– Debatten har fått fram at tariffpolitikk også er utdanningspolitikk, og heng saman med mogelegheita for å gi barn og unge ei god utdanning. Politikarane på lokalplan og fylkesplan tar tak i dette med eit nytt engasjement. Så den jobben våre tilltsvalde i kommunane har gjort er eit stort demokratiarbeid, avsluttar Steffen Handal.








Slik rådgir KS på fylkesplan KS sentralt om kva som bør vere måla for lønnsoppgjeret:

Fylkesmøte KS Trøndelag

Vedtak:

KS Trøndelag mener at det er viktig å verdsette lang utdanning og bred kompetanse, og at f.eks lærenes lønn må være konkurransedyktig med lønnen til andre yrker med tilsvarende lang utdanning. Forslaget ble vedtatt tatt inn i uttalelsen med 51 mot 14 stemmer.

Fylkesmøte KS Møre og Romsdal

«Vi meiner at det må rettast opp i mindrelønsutviklinga for stillingar med lang utdanning og ansiennitet. Dette må vi snu for å vere ein attraktiv arbeidsgjevar.»

Fylkesmøte KS Rogaland

Saksgrunnlag og protokoll offentleg.

« I de siste 10 årene har det vært en tydelig prioritering innenfor høgskolegruppene hvor vi finner sykepleiere, barnehagelærere, barnevernspedagoger og lærere. Denne prioriteringen bør videreføres.»

Fylkesmøte KS Agder

«Ansatte med 3- og 4-årig universitets- og høyskoleutdanning bør bli prioritert ved årets mellomoppgjør. Dette vil medføre lønnstillegg til store høyskolegrupper som sykepleier, lærer, adjunkt, vernepleier, sosionom, spesialsykepleier med flere. I årets forhandlinger er det ønskelig at man også justerer garantilønnsnivåene for ansatte med 6 og 8 års ansiennitet for å sikre en jevnere lønnsutvikling i takt med at ansatte får økt ansiennitet. I dag finnes et unaturlig stort lønnshopp når ansatte når 10 års ansiennitet.»

Fylkesmøte KS Vestfold og Telemark:

«Ingen møter er gjort tilgjengelige»

Fylkesmøte KS Viken:

Unntatt offentlighet

Fylkesmøte KS Innlandet:

Offl §13 jfr Fvl §13 / Saksdokumentet er unntatt offentlighet

Fylkesmøte KS Vestland:

Unntatt offentlighet etter Offl §13 jfr Fvl §13

Troms og Finnmark

...skal ha fylkesmøte saman med Nordland 2. og 3.mai.

Powered by Labrador CMS