Kari Nessa Nordtun.

Regjeringa deler ut 127 millionar til meir praktisk undervisning

Publisert Sist oppdatert

Det er nok til to høvelbenkar til kvar skole

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun vil ha ei meir praktisk undervisning. Difor skal alle kommunar få pengar til å leggje til rette for det. 

No deler dei ut 127 millionar kroner til norske kommunar for at dei skal kunne kjøpe inn utstyr. 

I ei pressemelding frå departementet forrige veke ramsar dei opp hva pengane kan nyttast til: utstyrspakkar, inventar og apparat, laboratorium, musikkrom, skolekjøkken, ulike verkstader, fysisk aktivitet, tur- og friluftsaktivitet, tilrettelegging av uteområde for uteskole, skolehage eller medielab.

Kor mykje den enkelte kommune får, kjem an på kor mange elevar dei har. Dei minste kommunane er garantert 10 000 kroner. 

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) *** Local Caption *** Kari Nessa Nordtun: – Vi er nødt til å gjøre noe med bemanningen i skoler og barnehagerKari Nessa Nordtun vil levere konkrete løsninger som letter arbeidshverdagen for lærere og barnehagelærere. Men foreløpig peker hun mest på kommunenes ansvar.

– Eg gler meg til å sjå resultata på skolane
i året som kjem

 Fjord kommune i Møre og Romsdal vil få 61 000 av den potten.

John Helge Larsen, faglærar i kunst og handverk og lokal UDF-leiar, gler seg ikkje like mykje som kunnskapsministeren.

– Det rekk til ein høvelbenk til kvar av dei tre skolane her i kommunen, konstaterer han. 

Utdanningsnytt har sjekka prisen på høvelbenkar. Den billegaste vi fann, var i plast og finer og kosta 1900 kroner. Den dyraste kosta 24 722,50 og er ifølgje produsenten «smartere enn de fleste andre høvelbenkene på markedet.» Men dei vil ikkje kommunen ha råd til.

Gjer ein det same reknestykket for heile landet, altså deler totalsummen (127 millionar), på prisen for ein høvelbenk (20 000 kroner) får ein 6350 høvelbenkar. Det vil gi litt over to stykk til kvar av landets 2712 grunnskolar.

John Helge Larsen seier om seg sjølv at han brenn for den praktiske undervisninga. Det gler han stort at regjeringa har ambisjonar om meir praktisk undervisning, etter at praktisk undervisning har blitt neglisjert og nedprioritert over lang tid, ifølgje Larsen.

– Men så det er ikkje rart at vi ikkje har meir praktisk undervisning. Vi har jo ikkje praktiske lærarar lenger.

Lærarar veit ikkje lenger korleis dei skal drive praktisk undervisning, seier Larsen.

– Ungar lærer kjapt at fire delt på to er to. Men ta dei med på formingsrommet og be dei finne midten på eit materiale. Da har dei ikkje sjans.

Newton-rom

Men ambisjonane til kunnskapsminister Nordtun er større enn høvelbenkar. Eit medielaboratorium eller eit Newton-rom er blant forslaga departementet gir på kva kommunane kan bruke pengane til.

Eit Newton-rom er ifølgje https://newtonroom.com ein «læringsarena med fokus på stort læringsutbytte og gode læringsopplevelser i realfag!».

– Men kva koster eit Newton-rom?

– Kor lang er ein strikk, svarar Kristin Vitsø Bjørnstad i Sparebankstiftelsen Hedmark.

Newton-rom

Newton-rom blir bygd opp etter modular, og prisen varierer etter kor mange modular det er, fortel ho.

Da Ringsaker kommune opna sitt Newton-rom i 2019, kosta det, ifølgje heimesida til kommunen, 2,5 millionar. Heldige Ringsaker fekk 1,5 millionar av dette i gåve frå Sparebankstiftelsen Hedmark. Dei fullfinansierer aldri eit prosjekt, men kan gi gode tilskot, eller gåver. Ringsaker fekk dessutan 500 000 frå Ringsaker Vekst og 400 000 frå fylkeskommunen til Newton-rommet.

Sparebankstiftelsen Hedmark har støtta fleire Newton-rom i det tidlegare Hedmark fylke.

– Det er ein fantastisk læringsarena for natur- og realfag, der elevar i alle aldrar får arbeide praktisk med realfagsproblematikk, seier Kristin Vitsø Bjørnstad.

Krev faste stillingar

Men stiftinga set eit ufråvikeleg krav før dei går inn i eit prosjekt med å etablere Newton-rom:

– Kommunen må sikre faste stillingar til å drive prosjektet. Anten heiltidsstillingar, som i Ringsaker der rommet er ope både dag og kveld, eller ei deltidsstilling som ved Newton-rommet på Koppang i Stor-Elvdal. Det må vere menneske som får lønn for å drive og følgje opp prosjektet, seier ho.

Nord-Odal kommune planla Newton-rom, og Sparebankstiftelsen Hedmark var klare med pengar. Men da kommunen innsåg at dei ikkje ville makte å drifte rommet med fast tilsett, trekte stiftinga seg, og prosjektet vart skrinlagt.

Nå får Ringsaker kommune 823 000 kroner til praktisk opplæring frå Staten, som sin del av dei 127 millionane. Det er ein tredel av kva Newton-rommet har kosta i investeringar.

Upraktisk og trangt

På Vaulen skole i Stavanger er det ikkje plass til Newton-rom. Ikkje til ein høvelbenk heller. Her er musikkrommet blitt matsal og formingsromma klasserom. Elevtalet er gått opp, og skolen er sprengt.

– Vi har ikkje plass til praktiske fag her, konstaterer rektor Gunn Reidun Tednes-Aaserød.

– Skal vi drive praktisk undervisning, må vi kome oss ut, slår ho fast.

Friluftsliv står på lista over det departementet nemner som døme på kva pengane til praktisk undervisning kan nyttast til. Og Gunn Reidun Tednes-Aaserød ramsar opp ting ho ønskjer seg for at elevar og lærarar skal kome seg meir ut og bli meir praktiske:

lavvo

– Lavvo, bålpanne og skøyter

Av dei 127 millionane til tiltak for praktisk undervisning får Stavanger 3 465 000 kroner til sine 47 skolar. Kva kan rektor Gunn Reidun difor håpe på? 

Prisen på bålpanner varierer mye, men om ein går ut frå ein pris på 3000 kroner per stykk, kan det bli mange panner i Stavangerskolen.  

Gunn-Reidun Tednes-Aaserød
Gunn Reidun Tednes-Aaserød.

Omrekna til lavvoar av relativt god kvalitet vil summen vere nok til 299 lavvoar med plass til 6-8 personar. Flatt fordelt blir det 6,4 lavvoar per skole. Om vi reknar at ein klasse er på 28 elevar tyder det at ein og ein halv klasse kan vere på overnattingstur saman. Da må lærarane ha med eigne telt.

– Foreldreutvalet for grunnskolen melder at fortvilte foreldre tar kontakt fordi skolen forventar at ungane skal ha klede og friluftsutstyr av ulikt slag. Og det er dyrt?

–  Det er sant, skolen må ha klede og utstyr til utlån også, nikkar rektor Gunn Reidun Tednes-Aaserød, og føyer det til lista si over gode ønske.

Vedlikehald

Frå XXL får Utdanningsnytt oppgitt at ein må rekne 1800 kroner for eit par turski med støvlar til eitt barn.

– Men gløym ikkje vedlikehaldet, seier Stian Nedberg. 

Han leiar Skattkammeret i Drammen. Der leiger dei ut sport- og friluftutstyr i regi av Kirkens Bymisjon.

Nedberg fortel at ei tid hadde fleire skolar i Drammen mye slikt utstyr til utlån.

– Men dei klarte ikkje å halde det ved like. Da går det i stykker svært fort. Så ga dei det til meg. Eg fiksa det opp og leiger det ut, fortel han.

Han har to råd til skolar som vil ha eit utlånslager. Det eine er å sikre kontinuerleg vedlikehald av utstyret. Det andre er å tenkje stort. For at alle skal få utstyr må det vere mange ulike storleikar av kvart utlånsobjekt. Ein skipark, til dømes, må difor ha mange fleire skipar enn det er brukarar.

– Skal skolen ha ein skøytedag, må det vere skøyter til alle. Har klassane skøytedag ulike dagar, trengst det færre, seier han. 

Men da må lærarane springe fram og tilbake mellom skøytebanen og klasseromma.

Invester i kunnskap

Bjørn Michaelsen er lærar i friluftsliv ved Alta folkehøgskole. Han er samd i at om elevane i grunnskolen skal få meir praktisk undervisning i form av friluftsliv, må skolen sikre at alle har tilgang til utstyr.

– Men like viktig er det å investere i lærarar som har utdanning i friluftsliv, seier han.

– Ærleg talt, kan ikkje alle gå på tur?

–  Ikkje alle finn dei stadane der ungane synes det er best å vere. Ikkje alle veit kva vi kan og bør gjere på tur heller, om dei ikkje har sett seg inn i det, seier Bjørn Michaelsen.

Les også: 10 000 kroner til meir praktisk undervisning: - Kanskje nok til eit leikehus

Powered by Labrador CMS