Fysisk aktive ungdomsskolelevar hadde ikkje betre skoleprestasjonar enn passive i undersøkinga til Ingeborg Barth Vedøy. Illustrasjonsfoto:

Fysisk aktivitet påverkar ikkje skoleprestasjonar

I sin studie fann Ingeborg Barth Vedøy ingen samanheng mellom skoleprestasjonar og fysisk aktivitet hos ungdomsskoleelevar.

Publisert Sist oppdatert

Emnet for doktoravhandlinga, som ho avla før jul, var kva fysisk aktivitet betyr for psykisk helse og skoleprestasjonar.

– Svaret eg fekk er at det ikkje betyr nokon ting, seier Vedøy, som er førsteamanuensis ved seksjon for folkehelse ved Høgskolen Innlandet.

600 ungdomsskoleelevar ved 11 skolar har hjelpt ho til dette resultatet. Dei har gått med det som heiter eit akselerometer, ein aktivitetsmålar, ei veke kvar haust i alle dei tre åra dei har gått på ungdomsskolen. Dei har latt seg måle og veie, og dei har svart på spørjeskjema. Så er resultata sett opp mot snittkarakteren ved tentamen før jul.

– Og konklusjonen er at det ikkje er nokon samanheng?

-Ja!

– Er du overraska?

– Eigentleg ikkje. Læring er ein svært samansett prosess. Sosiale faktorar, ernæring, søvn, trivsel, klassemiljø, variasjon og avveksling; alt er stikkord for kva som er viktig for læring. Vi må anerkjenne heile denne kompleksiteten om vi skal optimere læring, vi kan ikkje berre plukke ut eit område.

– Få månader etter din disputas kjem ein annan doktoravhandling frå Norges Idrettshøgskole som slår fast at fysisk aktive ungdomsskoleelevar er flinke elevar. Korleis kan to studie gi så ulike resultat?

Disputas: Fysisk aktive lærer bedre

– Vi har ikkje målt det same. I denne undersøkinga har nokre elevar fått fleire timar med kroppsøving enn andre. Så viser resultata frå nasjonale prøver at dei som har fått ekstra kroppsøvingstimar har litt betre resultat på prøvene. Men skilnadane i prestasjonar er ikkje store, slår Vedøy fast.

Ungdomsskole

– Denne og mi undersøking er dei einaste norske undersøkingane om fysisk aktivitet som har vore gjort på ungdomsskoleelevar, legg ho til.

Andre undersøkingar om fysisk aktivitet og skoleprestasjonar har vore gjort på barnetrinnet. Der er det enklare å gjere slike undersøkingar, sidan heile skoleopplegget er litt meir fleksibelt, fortel Vedøy.

– Uansett form på undersøkinga og kva for elevgruppe dei er gjort i, så har dei det til felles at om dei viser samanhengar mellom fysisk aktivitet og skoleprestasjonar, så er skilnadane små og konsekvensane ikkje opplagte, seier Vedøy.

– Det er til dømes undersøkingar som viser at konsentrasjonen i timen etter ei økt med fysisk aktivitet kan vere høg. Men vi veit ikkje så mye meir enn det.

Les også: Foreslår tak for karakterkrav

Eit stort prosjekt frå Høgskolen på Vestlandet, Active Smart Kids, viste at fysisk aktivitet kan påverke skoleprestasjonane til elevar med låge skoleprestasjonar. Men det var ikkje noko samanheng for elevar med høgare skoleprestasjonar. Det kan difor tenkast at fysisk aktivitet kan ha ulik betydning for ulike elevgrupper.

– Men, seier ho:

– Ingen studie har vist at fysisk aktivitet har negativ verknad på læring. Ikkje ein gong dei studia der fysisk aktivitet i skolen har fått meir tid og anna undervisning har fått mindre viser det. Elevane har ikkje lært mindre av at teoretiske timar er bytta ut med fysisk aktivitet.

Sjølv er eg overtydd om at fysisk aktivitet i skolen er bra. Men å kome nærmare å forstå kvifor det er bra og korleis vi bør leggje til rette slik at fysisk aktivitet best kan styrke skoleprestasjonane, det vil krevje meir forsking.

Kvikk-fiks

– Mange, Ikkje minst politikarane, leitar etter ein kvikkfiks for betre utdanning, og det har sett ut som om dei og fleire til har fatta håp om at fysisk aktivitet kan vere den løysinga. Meiner du dei må gi opp det håpet?

Les også: Kroppsøvingsfaget appellerer ved å være motvekt

– Det finst ingen kvikkfiks for noe så samansett som god undervisning, avsluttar Ingeborg Barth Vedøy.

Powered by Labrador CMS